Musea kan få meir pengar

Naturhistorisk museum får om lag sju millionar kroner i ekstra satsing, medan Kulturhistorisk museum får tre millionar kroner ekstra i den budsjettfordelinga som Universitetsstyret får på bordet på tysdag. Dermed er musea budsjettvinnarane, om forslaget blir vedtatt.

FÅR MEIR: Naturhistorisk museum kan få sju millionar kroner i ekstra satsing i budsjettfordelinga som Universitetsstyret skal vedta tysdag 22. juni. Bileta viser dei nyrestaurerte veksthusa.

Foto: Naturhistorisk museum

Universitetsdirektøren reknar med ei statsløyving til UiO på rundt 4,183 milliardar kroner i 2011.

Det blir lova at bygginga av eit læringssenter for realfagsstudentane skal setjast i gang i løpet av 2011. Til saman skal det kosta 65 millionar kroner. Tidlegare er det kome inn fire millionar kroner i ekstern støtte frå stiftinga Fritt Ord. 

Nøgde

MN-dekan Knut Fægri er godt nøgd med dette.

– Eg er tilfreds med budsjettet. Og eg er særleg glad over at det blir satsa på å koma skikkeleg i gang med ombygginga av Vilhelm Bjerknes' hus til læringssenter. Løyvingane til vitskapleg utstyr er nok i minste laget dersom UiO skal leva opp til ambisjonane i strategisk plan, meiner han.

 
Dette er forslaget til fordeling mellom fakulteta og andre einingar ved UiO:
Teologi:   33 135 + 0,8 %
Jus:        206 052 + 2,9 %
Medisin  545 306 + 2,9 %
HF:        503 681 + 2,9 %
Mat.Nat: 781 099 + 1,0 %
Odont.   179 676 + 0,6 %
SV:        341 828 + 2,3 %
UV:        201 713 + 0,9 %
Musea:
Kulturhist.76 149 + 6,2 %
Naturhist: 96 903 +10,2 %
Andre:
Univ.bibl.:223 114 + 1,2%
Teknisk:  336 264 + 3,0 %
USIT:      122 802  - 6,2 %
Sentr.ad:.269 369 + 2 %
 

I sakspapira går det fram at Universitetet i Oslo vil få om lag 13 millionar kroner mindre i resultatinntekter i høve til i år. Inntekter frå studiepoeng aukar derimot med fem millionar kroner. Det er første gong på tre år at desse inntektene aukar, står det i budsjettdokumentet frå universitetsdirektøren.

Som rektor Ole Petter Ottersen tidlegare har varsla, vil universitetsleiinga no foreslå for styret at SV-fakultetet blir neddimensjonert ved å redusera opptaksrammene.

SV-dekan Knut Heidar har ingenting imot det.

– Fakultetet er godt nøgd med forslaget om ein reduksjon i studieplassar på SV, med kompensasjon for tapte studiepoenginntekter, grunngitt i ynsket om å betra studiekvaliteten, seier han til Uniforum.

Tidsavgrensa senter kan bli permanente

Det blir også kalkulert med at Universitetet i Oslo årleg får to nye fagmiljø på storleik med eit senter for framifrå forsking. Dei miljøa som får eit senter for framifrå forsking, skal få ein varig omfordelingseffekt på to millionar kroner, medan dei som får eit nordisk senter for framifrå forsking får 1 million kroner. Dei fagmiljøa som får ei løyving frå det europeiske forskingsrådet (ERC) får 800 000 kroner i varig omfordelingseffekt.

Vilkåret er at fakultetet eller museet overtar ansvaret for å støtta opp under denne satsinga med tilhøyrande fagmiljø etter at den eksterne rammefinansieringa har tatt slutt. Universitetsdirektøren trur effekten av dette vil bli ei omfordeling frå dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fagmiljøa til medisin og realfag.

Skeptiske

Dette framlegget er både SV-dekan Knut Heidar og teologidekan Trygve E. Wyller skeptiske til.

–TF meiner at å gjera SFFa permanente er uheldig i seg sjølv fordi dette "frys" midlar i staden for å bruka dei der ny innovasjon kan skje. Dessutan synest me ikkje at det er i UiOs interesse å gjera ei omfordeling i retning medisin som skal gå ut over humaniora og samfunnsvitskap, seier Wyller. Heidar deler denne uroa.

– Me er urolege over langtidskonsekvensane av å gjera tilskot til eksterne toppforskingsprosjekt permanente, seier han.

HF-dekan Trine Syvertsen synest ikkje fakultetet hennar har kome godt ut.

– Me får eit rammekutt neste år og går mot ein vanskelegare økonomisk situasjon. Me er dessutan svært urolege over forslaget om ei varig overføring av midlar til fakulteta basert på kor mange SFF-ar og SFI-ar dei har, peikar Syvertsen på.
 

Jussdekan Hans Petter Graver er meir tilfreds med budsjettforslaget.

– Frå mitt perspektiv synest eg budsjettforslaget er godt. Men rektoratet sitt forslag om ei varig overføring av midlar til dei fakulteta som har Senter for framifrå forsking kan ha litt uheldige sider på sikt og innebera ei overføring av midlar frå humaniora og samfunnsvitskap til medisin og naturvitskap. Slike omfordelingar bør ikkje vera ei indirekte fylgje av meir automatiske ordningar, men bør skje i opne diskusjonar om prioritering, meiner Graver.

UV-dekan Vibeke Grøver Aukrust er ikkje nøgd:
–Tar me omsyn til pris- og lønnsvekst får UV ein reduksjon i tildelinga for 2011. Fakultetet har nettopp gjennomført ein omfattande strategiprosess, men ser at det økonomiske grunnlaget for gjennomføring av strategien er svært stramt.

Medisindekan Finn Wisløff trur budsjettet blir trongt.

– Dette blir eit vanskeleg budsjett å handtera. Me får ein auke på litt over 15 millionar, men dette tilsvarar ein kompensasjon for lønns- og prisauke på under 3 prosent. Det vil seia at me får eit reelt budsjettkutt ut over rammekuttet på 4.5 millionar kroner, seier Wisløff.

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2010 15:03 - Sist endra 16. juni 2010 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere