Ei teknisk-administrativ stemme vil telja meir

Dei teknisk-administrative sine stemmer under val ved UiO går opp i vekt frå 17 til 22 prosent. Samtidig vil dei vitskaplege tilsette sine stemmer gå ned i vekt frå 58 til 52 prosent. Det vedtok Universitetsstyret denne månaden.  

MINDRE VEKT: Dei vitskaplege tilsette sine stemmer vil telja mindre medan stemmene til dei teknisk-administrative vil telja meir etter endringa av valreglementet. Her stemmer dagens viserektorar Doris Jorde og Ragnhild Hennum og dagens rektor Ole Petter Ottersen og dagens prorektor Inga Bostad under det siste rektorvalet. Alle val ved UiO skal no vera elektroniske. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Vedtaket fører til at dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer til saman får ei vekting på 22 prosent ved val av rektor, dekanar og instituttleiarar ved Universitetet i Oslo. Det gir samtidig dei samla stemmene til tilsette i undervisnings- og forskarstilling seks prosent mindre vekting enn før, altså 52 prosent. Studentane sine stemmer skal framleis få ei vekting på 25 prosent.

Demokratisk skeiv fordeling

Ifylgje sakspapira er bakgrunnen for vedtaket er at det under rektorvalet i fjor kom opp spørsmål om det er rimeleg at gruppa tekniske og administrative tilsette berre skal ha ei vekting på 17 prosent. Det blei vist til at dagens fordeling blir oppfatta som demokratisk skeiv fordi alle nivå utanom toppnivået no har einskapleg leiing.

Det er årsaka til at universitetsleiinga foreslo å justera vektinga, slik at dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer skulle telja meir, medan stemmene til tilsette i undervisnings- og forskarstillingar skulle telja mindre enn før. For studentane blir det inga endring i vektinga. Den utgjer 25 prosent, akkurat som tidlegare.

Elektroniske val blir normale

Universitetsstyret vedtok også å innføra elektronisk val som normal valordning for alle val ved UiO. Det skal greiast ut nærare korleis tilsette som ikkje har PC, skal få bruka stemmeretten sin. Det blei dessutan vedtatt at vitskaplege tilsette med ein sluttdato alle tilhøyrer stemmerettskategorien mellombels vitskaplege tilsette.

Universitetsstyret gav også fullmakt til rektor til å godkjenna alle dei endringane i valreglane som fylgjer av styrevedtaket.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2010 11:44 - Sist endra 29. juni 2010 11:57

Hurra for at ledelsen justerer stemmevektingen. Men fortsatt er det et stykke igjen til at alle ansattes stemmer teller likt. Gjeldende ordning er udemokratisk og underlig.

ramg@uio.no - 30. juni 2010 13:08

Ja, dette har arbeidstakerorganisasjonen Parat jobbet hardt for. Men som Gupta sier, det er langt igjen til at alle ansattes stemme teller likt. Vi får fortsette kampen.

brodsand@uio.no - 1. juli 2010 14:31

Men hvem har stukket av med den siste prosenten? 52+22+25 = 99%...

Øyvind Henden - 11. juli 2010 03:08

Det er det nok trykkfeilen i Uniforum som har gjort. Her er de riktige tallene: Ansatte i undervisnings- og forskerstillinger 53 prosent Teknisk og administrativt ansatte 22 prosent Studenter 25 prosent

 

 

 

erikg@uio.no - 11. juli 2010 19:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere