Skissa som blei lagt fram rundt klokka 10.30 i formiddag, inneheld eit lønnstillegg på 3,3 prosent og 300 millionar kroner i likelønnstillegg. Utkastet er no godtatt av begge partar, skriv NRK på sine nettsider. Det opphavelege kravet til fagforeiningane var eit lønnstillegg på 4 prosent.
Partane i meklinga for dei statstilsette blei einige 11 timar etter at meklingsfristen hadde gått ut. Meklinga for dei kommunetilsette held fram. Viss meklinga ikkje fører fram, kan det blir streik i kommunesektoren frå i morgon tidleg. Då kan både skular og barnehagar bli stengde på grunn av streik.
Logg inn for å kommentere