Både dei eksterne representantane og representantane for dei tilsette i Universitetsstyret får det same honoraret på 92 600 kroner i året.
Representantane for dei tilsette kan også velja å bli frikjøpte 25 prosent frå den faste stillinga si i staden for å få utbetalt det faste årlege honoraret.
Dei medlemane i Universitetsstyret som er tilsette i rekrutteringsstilling får valet mellom å ta imot det same honoraret eller å få utvida stipendiatperioden med tre månader.
Når det gjeld studentrepresentantane vil dei få ei godtgjering som utgjer lønnssteg 10 på statens hovudlønnstabell i 12 ½ månader. I dag vil det seia ei årslønn på 222 400 kroner i året.
Alle varamedlemar får betalt for den tida dei har vore på møte, og for den tida dei har brukt til møteførebuing. Honoraret blir bestemt etter statens utvalsregulativ.
Det var eit samrøystes universitetsstyre som vedtok dei nye honorarsatsane.
Logg inn for å kommentere