– Skulen skal bidra til auka verdiskaping

– Målet mitt er å få lærarar, elevar, foreldre og skuleeigarar til å få fleire gode møte, slik at me får foredla kunnskapen i skulen på ein endå betre måte. Det kan bidra til fornying og vekst på alle område i Noreg, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen i opningstalen på Fagleg-pedagogisk dag på UiO i formiddag.  

MEST AVKASTING: – Når eg no søkte ny jobb og fekk den, så var det fordi eg ville forvalta den humane kapitalen, fordi det er den som er viktgast å jobba med og den som gir mest avkasting for landet, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Foto: Ola Sæther

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen peika på at Noreg har blitt ei suksesshistorie internasjonalt.

– Noreg er eit av dei få høgkostlanda som har auka produktiviteten. Det er også det europeiske landet som har klart seg best etter finanskrisa og har hatt minst auke i arbeidsløysa, understreka ho, i ei forsamling med forskarar og lærarar frå den vidaregåande skulen.

– Den humane kapitalen

Som tidlegare finansminister brukte ho den økonomiske sjargongen og trekte fram kor stor og viktig del av den samla kapitalen i Noreg den humane kapitalen utgjer.

– Den utgjer 80 prosent av den samla kapitalen i Noreg. Oljeindustrien og fastlandsindustrien utgjer 20 prosent. Når eg no søkte ny jobb og fekk den, så var det fordi eg ville forvalta den humane kapitalen, fordi det er den som er viktgast å jobba med og den som gir mest avkasting for landet, sa ho.

Ein gevinst på 5,4 milliardar

– Statsminister Jens Stoltenberg la også vekt på verdien av kunnskap i nyttårstalen sin, framheva Kristin Halvorsen, som kom inn på kor viktig det var at den vidaregåande skulen klarte å losa alle elevane gjennom. Ho viste til rapporten ”Kostnader av frafall i videregående opplæring” som mellom anna viser at dersom den delen av eit kull som fullfører vidaregående opplæring aukar frå 70 til 80 prosent, kan den samfunnsmessige gevinsten bli 5,4 milliardar kroner for kvart kull.

– Om me får det til, vil me bidra kraftig til verdiskaping. Spørsmålet både NHO og LO stiller seg er korleis me skal syta for at flest mogleg bidrar til verdiskaping. Alle dei andre lappar saman moglege manglar, medan me som arbeider med kunnskap sit med løysingane, konstaterte ho.

Ingen reformpause

Mange lærarar har gått lei av reformer, hadde ho registrert, men Kristin Halvorsen kunne ikkje lova nokon reformpause i den norske skulen.

– Det blir heilt feil å lova noko slikt. Så lenge ei reform ikkje har nådd den siste ungen, kan me ikkje avslutta reforma. Derimot må ei reform nå lenger enn frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet og andre offentlege etatar. Eg er opptatt av at lærarar, elevar, foreldre og skuleeigarar skal ha fleire gode møte for i fellesskap å finna ut kva som kan gjera skulen endå betre, sa ho.

Kristin Halvorsen forstod godt at mange var leie av berre å høyra negative nyhende om den norske skulen.

– Me skal ikkje lata dei negative nyhenda deprimera oss nedover og leggja oss heilt flate. Ingen blir betre av heile tida å bli fortald kor dårlege dei er, slo Kristin Halvorsen fast.

Så sette ho seg ned og lytta interessert på forskarar som fortalde om dei funna som var blitt gjort innanfor utdanningsforskinga ved UiO den siste tida.
 

Emneord: Forskningspolitikk, Faglig-pedagogisk dag Av Martin Toft
Publisert 8. jan. 2010 14:24 - Sist endra 11. jan. 2010 16:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere