Juss får ny nettdrakt

I morgon lanserer Det juridiske fakultetet dei nye nettsidene sine. Dei blir også modell for dei andre nettsidene til Universitetet i Oslo. 25 000 filar er blitt overførte manuelt frå dei gamle til dei nye nettsidene. Sekssjonssjef og webredaktør Steinar Hafto Myre er godt nøgd med resultatet.  

FØRST UTE MED NYE NETTSIDER:– Me ser fram til å høyra reaksjonane frå studentane og dei tilsette, seier seksjonssjef og webredaktør Steinar Hafto Myre ved Det juridiske fakultetet

Foto: Ola Sæther

– Det juridiske fakultetet var først ute som pilot for den elekroniske tenesta Gopher på byrjinga av 1990-talet, og no er fakultetet pilot for websatsinga til Universitetet i Oslo. Då er ringen slutta, seier seksjonsjef Steinar Hafto Myre i fakultetsadminstrasjonen.

Det synlege provet på dei nye nettsidene til fakultetet heng på to flatskjermar i eit seminarrom som er blitt omdanna til kontrollrom for websatsinga på Det juridiske fakultetet. Han synest det er fint at Det juridiske fakultetet no kan danna skule for resten av einingane på Universitetet i Oslo.

– Løysingsorienterte

– Me hadde nyleg lagt om strukturen på nettsidene til institutta våre. Difor blei dette å gå eit steg vidare for oss. Og me har møtt utfordringar , men har hatt gode prosessar der me i fellesskap har laga løysingar, testa og endra dei, før me blei nøgde. Og dei feila har me lært av. I dette arbeidet har alle i prosjektet vore svært løysingsorienerte, seier Hafto Myre.

Han trekkjer gjerne fram samarbeidet mellom den lokale prosjektgruppa, USIT og den sentrale webprosjektgruppa ved Informasjonsavdelinga til universitetet. På fakultetet har Steinar Hafto Myre hatt to faste medarbeidarar, Jorunn Kanestrøm Westbye og Odd Erik Pedersen, som i haust har brukt mesteparten av arbeidstida si på dette prosjektet.

– Me ser fram til å høyra reaksjonane frå studentane og dei tilsette, seier Hafto Myre.

Studium og forsking i sentrum

Lanseringa av dei nye nettsidene til Det juridiske fakultetet er også svært viktig for Elizabeth Melsom som er leiar for webprosjektet ved Universitetet i Oslo.

– Studium og forsking er i fokus på dei nye nettsidene. Det er dei to primæraktivitetane ved UiO. Dei skal vera lette å finna, og det er også difor innloggingknappen for studentane er plassert så synleg på førstesida. Og alle fakultet får også ein ”Aktuelt” spalte, sjølv om mange seier at det aldri skjer nyhende hos dei. Prosjektet ynskjer å få fram alt som er aktuelt på einingane, trur Melsom.

– Lettare å finne personar

Ei anna nyvinning er personsøket.

– Det er blitt mykje lettare å finna personar, og viss du søkjer etter ein vitskapleg tilsett, vil du også få opp ei liste over alle publikasjonane den personen står bak. Det er blitt mogleg gjennom ei kopling til forskingsdatabasen Frida. Samtidig oppdaterer med dei personlege opplysningane gjennom kontakten med SAP-UiO, altså personal-og lønnssystemet til UiO, fortel Melsom.

Nettsider på engelsk

Ho trur også satsinga på internasjonaliseringa kan gi eit oppsving for engelskspråklege nettsider.

 Prosjektleiaren for webprosjektet ynskjer også å trekkja fram at den nye modellen gjer det mogleg for webredaktøren å skifta opningsartikkel på nettsidene, henta frå andre nettsider på fakultetet.

– Tett samarbeid med brukarane

Også Elizabeth Melsom er glad for den nye nettarkitekturen til Det juridiske fakultetet.

– Nettsidene er blitt til i tett samarbeid med brukarane. Difor har me heile tida fått tilbakemeldingar frå selskapet NetLife Research som har involvert brukarane på ulik måte undervegs i prosjektet. Dessutan har me brukartesta sidene og gjort justeringar før lanseringa. Ofte har dei ideane me trudde var gode, blitt forkasta, fortel ho.

Neste fakultet ut er Det teologiske fakultetet. Samtidig skal toppnivået, altså førstesida til Universitetet i Oslo bli heilt ny.

– Det gler eg meg til, seier ho.

Budsjett på 26 millionar

Webprosjektet blei tildelt 24 millionar kroner i 2006. Det var planen at desse pengane skulle vara ut 2010. No har webprosjektet fått eit budsjett på 26 millionar kroner.

– Dei to millionar kronene ekstra har me brukt til å kjøpa fri folk på fakulteta for at dei skulle arbeida med fornyinga av webben, fortel Elizabeth Melsom.

 

Emneord: Web, Jus Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2009 12:38 - Sist endret 1. des. 2009 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere