Ber om innspel til strategisk plan

– Å få eit stort nok økonomisk handlingsrom blir den største utfordringa for UiO dei neste ti åra. Det er både rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe einige om. – No ynskjer me innspel  til den strategiske planen frå 2010 til 2020 frå alle dei UiO-tilsette, seier dei.  

KVALITET: – Som eit internasjonalt universitet vil me også setja kvalitet i høgsetet på alle område, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Foto: Ola Sæther

Den 27. og 28. januar flyttar universitetsleiinga kontora sine ned til foajeen i Georg Sverdrups hus. Då oppfordrar dei både tilsette og studentar til å koma bort til dei med gode idear om kva den endelege strategiske planen for Universitetet i Oslo bør innehalda.

– Den planen me har laga er eit høyringsutkast, men me håpar at fleire vanlege tilsette også har sterke meiningar om innhaldet i den. Difor har me sendt ein e-post med lenkje til utkastet til strategisk plan til alle dei tilsette ved UiO, fortel Ottersen og Bjørnebo. I tillegg skal planen ut på høyring til studentane, alle fakultet , museum og andre einingar på universitetet.

– Vil rekruttera blant dei beste

Planen viser at Universitetet i Oslo ikkje berre ynskjer å vera eldst, størst og best i Noreg, men også har lyst til å måla seg med dei beste universiteta internasjonalt. Den overordna ambisjonen er at universitetet skal styrkja posisjonen sin som eit framifrå europeisk forskingsuniverisitet. Eitt av måla er difor at UiO skal klatra oppover på dei internasjonale rangeringane.

– Difor vil me rekruttera blant dei beste studentane og dei beste forskarane i verda. For at me skal få det til må me få alle fagmiljøa til å utvikla seg vidare, seier Ottersen.

– Men samtidig vil ikkje UiO ta imot for mange norske studentar og har heller ikkje nok stillingar å tilby dei som tar doktorgrad eller arbeider som postdoktorar her. Korleis rimar det?

– Me vil at endå fleire norske studentar skal reisa ut og studera på utanlandske universitetet. Samtidig vil me gjerne rekruttera dei beste utanlandske studentane til UiO. Og når det gjeld alle som tar doktorgrad og får tilbod om å vera postdoktor her, så må me kommunisera tydeleg til dei at det ikkje er nok ledige stillingar til alle. Likevel støttar med oppretting av fleire innstegsstillingar for ferdige doktorkandidatar. Både næringslivet og andre delar av offentleg sektor har bruk for folk med doktorgrad. Så difor må mange av dei sikta på andre jobbar enn forskarstillingar, meiner Ole Petter Ottersen.

– Alle skal bli sett

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er opptatt av samspelet mellom dei ulike delane av universitetet.

– Forsking, utdanning, formidling og innovasjon heng saman med kvarandre. Å få utnytta det faglege potensialet heng også saman med god administrasjon og god leiing. UiO skal difor satsa endå meir på personalpolitikken og HMS-arbeidet. Det skal leggjast endå meir vekt på eit godt arbeids- og læringsmiljø enn det er blitt gjort til no. Studentar og tilsette skal fylgjast endå tettare opp. Alle på UiO skal bli sett, lovar ho. 

I framlegget til strategisk plan for 2010-2020 blir det lansert sju hovudmål for UiO.
1. Eit kvailtetsmedvite universitet

I hovudsak går det ut på at det skal leggjast til rette for eit mangfaldig universitet der den frie forskinga får fritt spelerom og der det er ein god balanse mellom spissmiljø og fagleg breidde.

2. Eit grensesprengjande universitet

Dette hovudmålet meislar ut eit universitet som utfordrar faglege grenser, har eit aktivt samarbeid med leiande universitet og forskingsmiljø internasjonalt, og er ein etterspurd bidragsytar til den globale kunnskapsallmenningen.

3. Læringsuniversitetet

Det går ut på at universitetet skal vera ein integrert læringsarena for ei utdanning som er internasjonalt attraktiv, kvalitetsfokusert, ambisiøs og forskingsleidd, for livslang læring og som ein lærande institusjon for fagleg og administrativ nyskaping.

4. Eit engasjert, ope og samfunnsbyggjande universitet

Det vil seia at UiO skal vera ein institusjon som gjennom aktiv dialog syt for at forskingsbasert kunnskap blir tatt i bruk for å løysa det 21. hundrerårets store samfunnsutfordringar.

5. Eit handlekraftig universitet

Som ledd i ei løpande fagutvikling styrer UiO aktivt ressursbruken sin ved å sjå alle medarbeidarane, heile infrastrukturen og alle inntektene, både eksterne og interne, i samanheng.

6. Det gode universitetet

For å realisera potensialet hos kvar einskild student og medarbeidar har UiO eit fokus på ei betre oppfylging av alle tilsette og studentar, gjennom ei sterk vekt på dei menneskelege og materielle ressursane sine bidrag til kunnskapsproduksjonen.

Eit hovudpoeng her er at dei tilsette opplever at UiO har tillit til og respekt for evnene og motivasjonen deira og legg godt til rette for arbeidsinnsats innanfor forsking, undervisning, formidling, leiing og administrasjon uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell legning, etnisitet, religiøs orientering og sosiopolitisk bakgrunn. UiO skal også fremja likestilling og mangfald. Målet er at UiO skal ha ein velfungerande, oppdatert og berekraftig infrastruktur og profesjonell forskingsstøtte.

– Kvalitet i høgsetet

UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe synest det er viktig å understreka kor viktig det er å ha eit internasjonalt student- og forskingsmiljø.

– Det er viktig med stort mangfald og samarbeid på tvers av landegrenser og kulturelle skilnader. Som eit internasjonalt universitet vil me også setja kvalitet i høgsetet på alle område. For alle fagmiljø vil det seia at dei skal gå gjennom fagfellevurdering av kvaliteten på forskinga.

–Vil det seia at de ynskjer å ha ei ekstern evaluering av heile universitetet i denne tiårsperioden?

– Me har enno ikkje bestemt oss for om me ynskjer ei rein institusjonell evaluering. Men me er opptatt av at kvart enkelt fagmiljø tar initivativ til å bli evaluerte av fagfeller frå andre land og andre universitet, svarar Ottersen.

Og no vil han og Bjørneboe at både studentar og tilsette skal koma med endå fleire gode idear til innhaldet i den strategiske planen. Fristen for å bli høyrd, går ut 29. januar.

Den 27. april skal Universitetsstyret vedta det endelege forslaget til strategisk plan. 
 

 

 

 

 

Emneord: Strategisk plan, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2009 16:02 - Sist endra 23. nov. 2009 16:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere