Nils Johan Lavik fekk UiOs menneskerettspris

Nils Johan Lavik fekk utdelt UiOs menneskerettspris under ein seremoni i Gamle festsal i Urbygningen måndag 19.oktober. Han får prisen for det langvarige engasjementet og arbeidet sitt for flyktningar i Noreg.  

FEKK PRIS: Nils Johan Lavik får overrekt UiOs menneskerettspris frå prorektor Inga Bostad i Gamle festsal i Urbygningen, måndag 19. oktober.

Foto: Martin Toft

Han har har hatt mykje å seia for utviklinga av eit helsetilbod til flyktningar og andre som har vore utsette for brot på menneskerettane, går det fram av grunngjevinga for å gi UiOs menneskerettspris frå Lisl og Leo Eitingers fond for 2009 til pensjonsert psykiatriprofessor Nils Johan Lavik.

Lavik har vore leiar for Psykososialt senter for flyktningar, som etter kvart blei utvikla som eit forskings-, dokumentasjons- og læringssenter om alt som har med flyktningar å gjera. Det vil seia politisk motivert vald og traumatisk stress.

På senteret blei det også undervist og gitt rettleiing til helsepersonell, og det blei trekt inn fagmiljø frå sosialantropologi, teologi, statsvitskap og filosofi. Laviks arbeid med senteret førte til at styresmaktene i 2004 oppretta eit større kunnskapssenter for alle typar vald og traumatiske stresstilstandar.

Menneskerettsprisen blei overrekt Nils Johan Lavik av prorektor Inga Bostad.

– Denne prisen har du ærleg fortent, sa ho.

– Eg reknar med at juryen hadde ein vanskeleg diskusjon, før dei gjorde eit rett val, kvitterte Lavik med i takketalen sin til Universitetet i Oslo og priskomiteen.

Foredraget til Nils Johan Lavik om menneskerettar, psykiatri og akademia blei lese opp av førsteamanuensis Nora Sveaass ved Psykologisk institutt.
 

Emneord: Menneskerettar, Medisin, Priser Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2009 10:33 - Sist endra 20. okt. 2009 11:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere