– Alle ungdomar er like

– Ungdommar er like, anten dei kjem frå USA, Tibet eller Bosnia-Hercegovina, synest Madina Sulava frå Abkhasia. –Studiemiljøet har vore heilt fantastisk, meiner norskstudent Gunnar Xiakun frå Shen Yang i Kina. Begge er mellom dei 500 studentane som i går avslutta det seks veker lange opphaldet på Den internasjonale sommarskulen ved UiO.  

GLADE: Både Madina Sulava frå Abkhasia og Gunnar Xiakun frå Kina er glade for at dei var blant dei 500 studentane på Den internasjonale sommarskulen ved UiO i år.

Foto: Martin Toft

Medan Gunnar Xiakun kom til Den internasjonale sommarskulen fordi det er ein del av studieprogrammet på norskstudiet ved universitetet i Shen Yang, var det søking på Internett som gjorde at Madina Sulava oppdaga sommarskulen. 

– Måtte bruka russisk pass

– Eg var inne på nettsidene til Fredsforskingsinstiuttet (PRIO) og der var det også ei lenkje til kurstilboda på Den internasjonale sommarskulen. Då oppdaga eg at eit av kursa handla om fredsforsking, og det var akkurat det eg var ute etter. Difor melde eg meg på. Men på grunn av at ingen andre land enn Russland aksepterer Abkhasia som eit eige land, måtte eg bruka eit russisk pass under søknadsprosessen. Difor klarte eg ikkje å ropa hurra for studieplassen, før eg stod med eit godkjent visum i handa, fortel ho. 

– Betre studiemiljø enn i Kina

Gunnar Xiakun er ein av 14 norskstudentar frå universitetet i Shen Yang. Han insisterer på å snakka norsk under heile intervjuet, og det klarer han med glans. Han er svært ivrig med å fortelja kor nøgd han er med opphaldet.

– Det har vore heilt fantastisk. Og eg er utruleg imponert over kor fantastisk studiemiljøet er her på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Det er mykje betre enn i Kina. Eg har heile tida vore opptatt av å lesa mest mogleg, og få smakt mest mogleg på den norske kulturen. Eg synest også det er flott å få høve til å dra på så mange ekskursjonar rundt i Noreg. Det mest spennande er likevel å møta og bli kjent med studentar frå så mange ulike land. Og som norskstudent er det viktig for meg å koma til Noreg. På den måten får eg praktisert språket, fortel han, før han må dra vidare til ein ny avtale.

Heile tida har Madina Sulava lytta til han, men utan å forstå.

– Viss eg kjem tilbake, skal eg læra meg norsk, lovar ho. Førebels veit ho berre at ho skal tilbake til heimlandet Abkhasia. Det er ein region på 250 000 innbyggjarar som under Sovjetunionen tilhøyrde sovjetrepublikken Georgia, saman med Sør-Ossetia. I dag er begge desse regionane i konflikt med Georgia, og får støtte frå Russland.

– Folk veit ingenting om Abkhasia

– Folk i Europa veit nesten ingenting om Abkhasia og folket som bur der. Difor har eg på mange måtar fungert som ein uoffisiell ambassadør for Abkhasia under opphaldet på Den internasjonale sommarskulen, fortel ho. Ho har studert internasjonal politikk ved Abkhasian State University i hovudstaden Sukhumi, men for tida arbeider ho i Abkhasias utanriksdepartement.

– Nei, det er ikkje andre land enn Russland som aksepterer landet vårt som sjølvstendig, så det er få oppgåver det departementet tar seg av, forklarar ho. 

– Ungdomar er ganske like

Etter kvart vil ho halda fram med å ta ein mastergrad på eit universitet i heimlandet eller i utlandet.

– Den viktigaste røynsla for meg under dette studieopphaldet var å oppdaga at ungdomar frå ulike land som USA, Tibet, Balkan og Kina, i røynda er ganske like, seier ho.

– Har følt oss diskrimininerte

Ho er også glad for at ho tok kurset i fredsforsking.

– Det tok utgangspunkt i fleire ulike konfliktar og viste at det var mogleg å få til ei løysing. Det håpar eg også skjer i heimlandet mitt. Me er 250 000 menneske som har følt oss diskriminerte av regjeringa i Georgia. Folk i Abkhasia har sitt eige språk, sin eigen kultur og det finst både kristne og muslimar blant innbyggjarane. I mange familiar feirar dei både kristne og muslimske heilagdagar. Religion har difor aldri vore årsak til konfliktar hos oss, fortel ho.

Likte båtturen på Oslofjorden

– Naturen rundt Oslo minner meg mykje om naturen i heimlandet mitt. Samtidig synest eg det er fint å sjå korleis Noreg tar vare på naturen. Det var veldig kjekt å ta ein båttur på Oslofjorden og kunna bada der. Det vil eg hugsa lenge, seier ho.

Ferda tilbake til Abkhasia går først med fly frå Oslo til Moskva. Deretter med fly frå Moskva til byen Sotchi, som skal arrangera vinter-OL i 2014. – Så tar eg ein time lang busstur, før eg er tilbake i heimbyen min, forklarar ho.
 

Ynskjer fleire turistar i Abkhasia

– Medstudentane mine foreslo at me kunne grunnleggja ein eigen internasjonal sommarskule i Abkhasia. Då kan fleire få sjå korleis me har det og få vita meir om kulturen vår. I dag er det berre russiske turistar og nokre få andre europeiske turistar som besøkjer oss. Det hadde vore fint om det kom fleire, tykkjer ho.
 

 

Emneord: Internasjonalisering, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 7. aug. 2009 13:21 - Sist endra 7. aug. 2009 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere