Ida gir rekordbesøk på Naturhistorisk museum

Naturhistorisk museum har dobla besøkstalet i juni og juli i år samanlikna med i fjor. – Ida er heilt klart forklaringa på den store interessa frå publikum, seier seksjonssjef Geir Søli til Dagsavisen.

TREKKJER FOLK: Apreprimatet Ida trekkjer folk i rekordtal til Naturhistorisk museum.

Foto: Yngve Vogt

Rundt rekna 50 000 personar vil ha besøkt Naturhistorisk museum i sommarmånadane juni og juli før august tar over på laurdag. Det viser besøkstalet for juni og det trulege besøkstalet for juli.

Det er ei dobling av besøkstalet i høve til same tidsrom i fjor, då 25074 personar var innom dørene i museet.

Gir Ida hovudæra

Seksjonssjef Geir Søli gir apeprimatet Ida hovudæra for suksessen.

– Ida er heilt klart forklaringa på den store interessa frå publikum. Fleire utanlandske turistar kjem, men også fleire skuleklassar. Samtidig såg me fleire vaksne besøkjande i juni i år enn i fjor, seier Søli til Dagsavisen.

Færre har sett vikingskipa

Tradisjonelt har Vikingskipshuset ved Kulturhistorisk museum vore eitt av dei aller best besøkte musea i Oslo. Det er det framleis, men det har likevel hatt færre besøk i juni og juli i år enn i same periode i fjor.

Så langt har det kome 66 207 personar for å sjå mellom anna verdas einaste intakte vikingskip, Osebergskipet og Gokstadskipet. I fjor var det 71 537 personar som gjorde det same. Dagleg leiar Tanja Thorjussen meiner årsaka kan vera nedgangen i talet på utanlandske turistar.
 

Nasjonalgalleriet best besøkt

Det er likevel Nasjonalgalleriet som kan visa til best besøkstal av alle musea i Oslo. Det var 105 000 turistar som valde å gå inn dit dei siste to månadane for å sjå kunst av Edvard Munch, J.C. Dahl, Harald Sohlberg, Harriet Backer, Nicolai Astrup, Pablo Picasso og andre berømte kunstmålarar. Det var likevel ein nedgang på rundt 1200 personar samanlikna med fjoråret.

Fleire vil sjå Edvard Munch

Den næraste naboen til Naturhistorisk museum, Munch-museet, auka derimot besøkstalet med 3000 samanlikna med desse to sommarmånadane i fjor. I juni og juli i år vil 33 000 personar ha kjøpt inngangsbillett.
 

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 30. juli 2009 10:40 - Sist endra 30. juli 2009 10:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere