Til kamp mot dei farlege orda

– Dysleksi, anomi og stratifisering er farlege ord som pedagogar, sosiologar og juristar har skapt for å symbolisera makt. Dette er ord som skapar avstand i staden for å inkludera alle i samtalen, meiner kriminologiprofessor Nils Christie, som no går til kamp mot faguttrykka, med boka ”Små ord for store spørsmål” som våpen.  

 

VANLEGE ORD: – I det store og det heile kan dei aller fleste ting forklarast med vanlege norske ord som alle forstår, seier kriminologiprofessor Nils Christie, som har gitt ut ei bok med 20 råd for god skriving.

Foto: Martin Toft

– Hovudtanken min er å utvida den språklege fellesskapen, slik at folk kan delta i samtalen om livet og samfunnet. Eg forstår at ein snikkar av og til har behov for faguttrykk, på same måte som ein forskar kan ha det i enkelte samanhengar.

– Men i det store og det heile kan dei aller fleste ting forklarast med vanlege norske ord som alle forstår. Målet mitt er altså å få endå fleire med i den offentlege samtalen. Blant folk flest er det mange som klappar igjen munnen dersom me som fagpersonar brukar eit vanskeleg språk. Dersom me brukar eit forståeleg språk, blir det mykje lettare for dei å stilla spørsmål og ta til motmæle. Då stengjer ikkje faguttrykka dei ute frå samtalen, meiner Nils Christie.
 

Leverte uleseleg artikkel

Han viser til at han sjølv lærte å skriva forståeleg på den tøffe måten.

– Jusprofessor Johs. Andenæs fekk meg til å byrja å skriva enkelt etter at eg hadde levert ein svært lærd artikkel til han, eg trur den heitte "Noen samfunnsvitenskapelige synspunkter på strafferettspleien". Eg fekk den i retur med klar melding om at den var uleseleg. Etter kvart klarte eg å frigjera meg frå det oppstylta og lite naudsynte fagspråket, fortel Christie.

20 råd for god skriving
 

For at ikkje studentane ved Universitetet i Oslo skal gå i den same fella, har han laga ei liste med 20 råd for god skriving.

– Dei blei først trykte i ”Vidaråsen nytt”, ei stensilert vekeavis som blei gitt ut av Vidaråsen landsby. Seinare fanga jusprofessor Anders Bratholm dei opp, og fekk trykt dei opp i tidsskriftet ”Lov og rett.”
Mellom dei viktigaste råda hans er:

Skriv!

– Ingen blir snikkar ved berre å sjå på snikkarar, eller ved berre å lesa om snikkeri. Ein må gjera det sjølv, få snikkarkunsten inn i ryggmargen ved å trena i handgrep og med hammar og høvel. Så også med penn eller annan reiskap. Ein kan ikkje lesa seg til å skriva. Ein må skriva, slår han fast.

Ikkje skynd deg til biblioteket!

I boka skriv han:

– Gå først til deg sjølv. Til det du sjølv veit, har erfart, tenkt. Seinare skal du sjølvsagt også gå til andre kjelder, bibliotek, venner, ekspertar med røynsle. Med dette skal du supplera og korrigera. Men om du startar i biblioteket, mistar du lett det perspektivet som kanskje berre du kunne bidra med. Du blir sogen inn i hovudtradisjonar, og bidrar ikkje til å auka spennvidda i tenkjemåten om akkurat det problemet du behandlar.


Begynn med desserten !

– Skriv først det du har aller mest lyst til å skriva, er eit anna råd. Ikkje begynn med innleiinga, viss du då ikkje har spesiell lyst til akkurat det. Om du begynner med det du har mest lyst til å skriva (eller minst ulyst til), så kjem det andre etter kvart. Til slutt viser det seg kanskje at avsnittet du grudde deg mest til å skriva, blei heilt overflødig. Du hadde fått sagt det i det andre avsnittet, eller du grudde deg fordi avsnittet eigentleg ikkje passa. Ofte er det lettast å skriva innleinga til slutt.
 

Skriv til den vanlege lesaren!

Det er eit råd han ikkje kan understreka sterkt nok .

– Skriv til den alminnelege lesaren! Skriv med yndlingsonkelen eller yndlingstanta di i tankane. Det er viktig å bruka vanlege ord. Små ord kan også skapa stor forståing, er Christie heilt viss på.

(Kjelder: Intervju med Nils Christie, ”På krigsstigen mot Pisa”, Uniforum, 5. mars 2008, Nils Christie: ”Små ord for store spørsmål”, Universitetsforlaget, 2009)
Bilettekst:

 

Emneord: Forskningsformidling, Kriminologi og rettssosiologi Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2009 15:44 - Sist endra 22. juni 2009 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere