Fleire kritiserer personalpolitikken for denne gruppa.
– Ein av fire rapporterer om at ingen er klar over når dei byrjar som mellombels tilsett og at ingen er klar over når dei sluttar. Mange gir uttrykk for at dei føler seg som ein utgiftspost for universitetet og at dei aldri blir ordentleg integrerte, fortel rådgjevar i Forskarforbundet, Jon W. Iddeng. Han har på oppdrag frå Forskarforbundet ved UiO gjort denne undersøkinga blant dei mellombels vitskaplege tilsette ved Universitetet i Oslo.
Meir meiningsfullt i store fagmiljø
Det er likevel lettare for dei som er med i eit større fagmiljø.
– Dei som deltar i eit stort forskingsprosjekt eller i ei forskargruppe føler at livet som mellombels vitskapleg tilsett er mykje meir meiningsfullt og interessant enn dei som sit på eit kontor heilt for seg sjølve, seier Iddeng.
Undersøkinga baserer seg på røynsler frå lokalt tillitsvaldsarbeid, møte med mellombels vitskaplege tilsette og på ei nettbasert spørjeundersøking blant målgruppa. Nesten halvparten av dei spurde, 48,8 prosent, svarte på spørjeundersøkinga frå Forskarforbundet.
I oktober 2008 var det rundt 2004 mellombels vitskaplege tilsette på UiO. Samtidig var det 1350 fast vitskaplege tilsette. I fylgje denne undersøkinga blei 60 prosent av det totale talet på vitskaplege årsverk, altså både undervisning og forsking, utført av personar som ikkje er i faste stillingar. Undersøkinga viser at det store fleirtalet av dei som er blitt spurde ynskjer å halda fram med forsking og undervisning . Mange av dei er dessutan godt tilfredse på UiO og vil gjerne tilrå UiO som arbeidsplass. Dette meiner Jon Iddeng og Forskarforbundet må vera eit fantastisk utgangspunkt for rekruttering til vitskaplege stillingar.
Etterlyser langsiktig satsing
– Problemet er likevel at dei færraste av dei føler at dei inngår i ei langsiktig satsing. Trivselsnivået går også nedover dess lenger dei er i mellombelse stillingar og dess eldre dei blir. Dei føler det lite tilfredsstillande å bli sette på som juniorar og rekruttar når dei nærmar seg 40 år, medan andre med høgare utdanning er komne langt på karrierestigen og nokre av dei sit i leiande stillingar, seier Iddeng.
Undersøkinga hans viser at drøyt halvparten av dei spurde seier seg heilt eller delvis einig i at leiinga arbeider aktivt for å skapa eit godt og positivt inkluderande arbeidsmiljø for dei mellombels vitskaplege tilsette. Dei fakulteta som kom best ut var det juridiske, det matematisk-naturvitskaplege, det medisinske og det humanistiske. Der var litt over 60 prosent av denne gruppa heilt eller delvis einig i det utsegnet. Det teologiske, utdanningsvitskaplege, det odontologiske og særleg det samfunsvitskaplege kom dårlegast ut.
Arbeidsplikt aukar integreringa
Eit anna funn som blei gjort var at arbeidsplikt for doktorstipendiatar aukar integreringa og fører til at dei bryr seg meir om drifta til institusjonen og at instituttet får større interesse for kompetansen og arbeidskrafta til stipendiaten. Ved Det humanistiske fakultetet er det i dag ingen arbeidsplikt for stipendiatar som blir ferdig på den normerte tida på tre år. I staden får dei tilbod om forlenging av arbeidskontrakten med eitt år.
Undersøkinga konkluderer med at det fører til dårleg integrering, men kanskje til ein positiv effekt på gjennomstrøyminga. 40 prosent av dei spurde har vore tilsette i mellombels vitskaplege stillingar i meir enn fire år, 14 prosent i meir enn åtte år, medan det finst eit par tilfelle med personar som har vore tilsette i slike mellombelse stillingar i mellom 10 og 15 år. Jon W.Iddeng meiner det finst mykje nyttig visdom for Universitetet i Oslo i denne rapporten.
– Liten lojalitet
Mange som kunne tenkt seg ein forskarkarriere, vel den bort fordi det er for vanskelege framtidsutsikter. Det er uheldig for UiO som dermed ikkje rekrutterer dei aller beste til forskinga. Samtidig får dei liten lojalitet til universitetet som institusjon, fordi dei ikkje føler at dei blir tatt vare på her, seier Iddeng. For han er det viktig at rapporten blir lesen og brukt på alle universiteta.
– Forskarforbundet vil fylgja dette opp fordi situasjonen truleg er ganske lik for alle universiteta. Aksjonen til Lausungane for dei mellombels vitskaplege tilsette har fått denne saka på dagsordenen, og eg håpar at dette også blir eit tema for rektorkandidatane ved UiO. Eg vil utfordra UiO til å ta det på alvor slik at det ikkje berre blir eit spørsmål som kjem opp under rektorvalkampen, men også ei viktig sak for det rektoratet som til slutt blir vald, håpar Iddeng.
Han og Forskarforbundet vil no rå UiO til å setja i gang eit arbeid for å få alle dei mellombels vitskaplege tilsette til å kjenna seg velkomne og tatt vare på så lenge dei er tilsette, slik at dei forlet UiO med ei kjensle av at dei har blitt hjelpt vidare i karrieren. Dei foreslår mellom anna betre rutinar for mottak og integrering, innføring av arbeidsavtalar med spesifisering av arbeidsoppgåver og ”pliktarbeid” og institusjonalisert karriereplanlegging.
Lovar å fylgja opp
HR-direktør Anita Sandberg leier Organisasjons- og personalavdelinga ved UiO, og ho lovar no å fylgja opp ein del av funna i rapporten frå Forskarforbundet.
- Det me allereie har gjort er å invitera alle nye tilsette ved UiO til introduksjonsdagen for nytilsette. Tidlegare var det berre dei som var tilsette i faste stillingar som blei inviterte, og det førte til at mange av dei som kom dit hadde arbeidd ved UiO i mange år, sa ho i ein kommentar til rapporten på årsmøtet til Forskarforbundet torsdag 5. mars.
- Når det gjeld dei mellombels vitskaplege stillingar vil ikkje arbeidsgjevar at regelen som gir rett til fast stilling etter ein arbeidsperiode på fire år skal gjelda for stipendiatar. Det me ynskjer å finna ut er kva som kan gjerast for å få ned tilfella av ikkje-akseptabel bruk av mellombels vitskaplege stillingar, slo ho fast.
Sandberg inviterte også Forskarforbundet til å vera med og laga eit mandat for ei arbeidsgruppe som kan sjå nærare på kva som kan gjerast for å få til ei betre karriereplanlegging for dei som er tilsette i mellombels vitskaplege stillingar. Likevel meinte ho at det aller viktigaste var opplæring.
- Det viktigaste satsingsområdet som kan vera med på å betra på dei forholda som rapporten peikar på, er leiaropplæring og leiarutvikling. Dermed blir nøkkelorda meir pengar i basisløyvinga og betre leiing. Spesielt forskarar som går rett inn i ei leiarrolle treng innføring i kva dette inneber med tanke på til dømes medarbeidarsamtalar og råd om vidare karriere, sa ho.
Logg inn for å kommentere