Tilbyr bokskattar for alle

I morgon, torsdag 19. februar, opnar Universitetsbiblioteket databasen Minuskel. Digitaliserte skattar frå samlingane til Universitetsbiblioteket som unike illustrasjonar av Paul Gauguin, finst der. No kan alle lesa dei via Internett.

LESESTASJON: Med denne lesestasjonen kan alle interesserte bla gjennom dei største bokskattane til UB i databasen Minuskel utan at dei blir nedslitne. Den blir demonstrert av teknisk ansvarleg Andrea Gasparini og prosjektleiar Anne-Mette Vibe.

Foto: Ola Sæther

– No inneheld Minuskel rundt 50 postar, blant dei Le sourire, eit handskrive tidsskrift med illustrasjonar av Paul Gauguin, som er eit absolutt unikt eksemplar. I si tid blei det berre trykt opp i 30 eksemplar medan Paul Gauguin var på Tahiti frå 1899-1900. UB har verdas einaste komplette eksemplar. Meininga med databasen er å visa fram materiale som er unikt i Universitetsbiblioteket sine samlingar, fortel prosjektleiar Anne-Mette Vibe og teknisk ansvarleg Andrea Gasparini.

Vil gjera fleire bokskattar tilgjengelege

Databasen vil vera kopla til BIBSYS, UiOs nettsider og til Google.

– Slik vil alle som er på jakt etter ei bok som finst i denne databasen, få opp Minuskel. Sidan UB og Nasjonalbiblioteket har skrive under ein avtale om at dei skal digitalisera 50 verk frå UBs samlingar kostnadsfritt for oss i året, vil fleire og fleire bokskattar bli tilgjengelege for alle i Minuskel, seier Vibe og Gasparini.

Digitalisering ”on demand”

Difor etablerer dei også ei eiga ”digitalisering on demand”-teneste.

– På den måten kan forskarar og studentar ved UiO koma med framlegg til kva me skal digitalisera. På grunn av problem med rettane vil me helst ha bøker som ingen lenger har spesielle rettar til, det vil seia at forfattaren må ha vore død i 70 år. Alle som har gode tips til oss, kan koma med forslag på denne e-postadressa: minuskel-redaksjon@ub.uio.no. Alle meldingar til denne lista blir gått gjennom ein gong i månaden, opplyser Gasparini.

Lesestasjon

Begge er også svært stolte over lesereiskapen dei skal få plassert i biblioteket i Georg Sverdrups hus.
– Me har gått til innkjøp av ein lesestasjon med berøringssensitiv skjerm, der ein kan stå og bla i samlinga. Den vil bli utplassert i foajeen i 1. etasje i Georg Sverdrups hus, seier dei. Og i dag 19. februar kan alle som vil, ta i bruk digitaliseringstenesta og databasen Minuskel.

Emneord: Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2009 17:15 - Sist endra 19. feb. 2009 11:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere