Størst auke i doktorgradar på UiO

UiO stod åleine for meir enn 40 prosent av auken på 214 doktorgradar i Noreg i 2008. I heile landet blei det gjennomført 1244 doktorgradar. Det er altså 214 fleire enn året før, og ein auke på 21 prosent. Dermed blei måltalet i forskingsmeldinga frå 2002 om 1100 disputasar årleg nådd i 2008, viser tal frå NIFU STEP.  

REKORD: 435 doktorgradar blei utførte ved UiO i 2008. Det er ny rekord, og mange av disputasane blei haldne i Gamle festsal i Urbygningen.

Universitetet i Oslo kunne i 2008 registrera 435 avslutta doktorgradar, medan det var 344 i 2007. Det vil altså seia at talet på gjennomførte doktorgradar auka med 91 på eitt år. Ved NTNU i Trondheim blei det utført 314 doktorgrader i fjor, ein auke på 67 frå 2007.

Like mange kvinner som menn

I 2008 var det om lag like mange kvinner som menn som disputerte i humaniora, samfunnsvitskap og landbruksfag og veterinærmedisin. Kvinnene var i fleirtal i medisin og helsefag. I tradisjonelt harde fag som matematikk og naturvitskap var rundt 37 prosent av dei som tok doktorgraden kvinner. Det er ein auke på 4 prosent frå 2007.

21 prosent kvinner i teknologi

I teknologi utgjorde kvinnene 21 prosent av dei som gjennomførte doktorgraden i 2008. I fjor blei kvar fjerde disputas i gjennomført av ein person med utanlandsk statsborgarskap, melder NIFU STEP.

 Doktorgradar for kvart universitet 2006-2008:

Universitet 2006 2007  2008
Univ. i Oslo  293  344  435
Univ. i Bergen  179  202  233
NTNU  244  257  314
Univ. i Tromsø    60  100  104
UMB (Ås)    48    47    67
Univ. i Stavanger    13   18    12
Univ. i Agder     4    2     3


 



 

 

Emneord: Forskning, Doktorgrader Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2009 14:43 - Sist endra 19. feb. 2009 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere