– Samarbeider gjerne meir med UiO

– Me håpar det vil vera mogleg å få forskarar frå UiO til å undervisa på master- og doktorgradsprogramma våre. Og det hadde vore flott om me kunne ha utvida forskingssamarbeidet. Det seier Hirut Woldemariam, som er assisterande viserektor ved Addis Abeba University i Etiopia.  Lingvistikkprofessor Elisabeth Lanza er einig.

AUKA SAMARBEID: Språkforskarane Hirut Woldemariam og Elizabeth Lanza håpar på auka samarbeid mellom University of Addis Abeba og UiO.

Foto: Ola Sæther

Hirut Woldemariam er den første kvinna i ei så høg stilling i universitetsadministrasjonen. Tidlegare var ho leiar for antikorrupsjonskontoret ved universitetet. Ho er forskar i lingvistikk, og har samarbeidd nært med professor Elizabeth Lanza, professor Rolf Theil og førsteamanuensis Kjell Magne Yri ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, i samband med forskingsprosjektet som såg på verknadene av innføringa av undervisning i morsmåla i grunnskulen i Etiopia.

Fekk ikkje pengar frå NUFU

– Diverre fekk me ikkje meir forskingspengar frå NUFU til det prosjektet etter 2006, men no publiserer me snart resultata frå det prosjektet i ei bok på engelsk. Til no har me presentert mange av funna våre på konferansar og i vitskaplege artiklar, fortel Elizabeth Lanza og Hirut Woldemariam. Mange trur at undervisningsspråket på universitetet er hovudspråket amharisk, men det stemmer ikkje.
– Engelsk er undervisningsspråket på universitetet. Det er berre undervisninga i amharisk litteratur som går føre seg på amharisk, fortel ho.

- Levande laborarorium

Addis Abeba University er no interessert i å samarbeida med Noreg og andre land på andre fagfelt enn språk.
– Det er stort behov for samarbeid innanfor samfunnsvitskap og andre humanistiske fag. Studiet av multikulturelle og fleirspråklege forhold blir viktigare og viktigare og Etiopia er eit land med mange ulike folkegrupper med språk som tilhøyrer heilt forskjellige språkfamiliar. På den måten kan Etiopia vera eit levande laboratorium for slike studium, meiner ho.

- Lærerikt og nyttig

Både ho og Elizabeth Lanza håpar dei kan få til endå meir utveksling av doktorgradskandidatar.
– I dag er det fire frå Etiopia ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Det hadde heilt sikkert vorte lærerikt og nyttig for norske doktorgradsstudentar å dra til Etiopia for å læra meir om tilhøva på Afrikas horn, trur Woldemariam og Lanza.
– Eg føler meg framleis sterkt knytt til Etiopia, fortel Lanza, som no forskar på forholdet mellom språk, kultur og identitet. – Og eg har blitt glad i Noreg, legg Woldemariam til.


 

Emneord: Etiopia, Afrika Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2009 12:12 - Sist endra 4. feb. 2009 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere