Ikkje kvalifisert som instituttleiar?

– Hårreisande. – Ei klar forbigåing. Det er nokre av reaksjonane frå tilsette ved Det humanistiske fakultetet etter at professor Janne Bondi Johannessen ikkje blei tilsett som ny instituttleiar ved Institutt for lingvistikk og nordiske studium. – Prosessen har vore ryddig og gått føre seg heilt etter boka, seier instituttleiar Hanne Gram Simonsen.  

VIL HA EIT SVAR: Professor og leiar for Tekstlaboratoriet, Janne Bondi Johannessen vil vita kvifor ho ikkje blei innstilt som kandidat til stillinga som instituttleiar for Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Foto: Ola Sæther

Institutt for lingvistiske og nordiske studium er det sjuande og siste instituttet ved Det humanistiske fakultetet som har tilsett ny instituttleiar. Det var tre søkjarar til stillinga, men etter at ein av søkjarane trekte seg, stod to søkjarar igjen: fagomsetjar og doktor Bente Christensen og professor og leiar for Tekstlaboratoriet, Janne Bondi Johannessen. Begge blei intervjua av ei eiga intervjugruppe. Sist fredag blei Bente Christensen endeleg tilsett av Tilsetjingsutvalet ved HF, medan Janne Bondi Johannessen ikkje ein gong vart innstilt. Det ynskjer Janne Bondi Johannessen å få ei forklaring på.

Kritisk til prosessen

– Eg synest ikkje prosessen har vore god og open nok. Ingen vil gi meg ei forklaring på kva vurderingar som låg til grunn for at eg ikkje blei innstilt til denne stillinga. Eg har både professorkompetanse og leiarrøynsle frå Tekstlaboratoriet. Rapporten som inneheld vurderinga av søkjarane, er nemleg hemmelegstempla. Det einaste eg har fått er eit referat frå intervjuet som intervjugruppa gjorde med meg. Det var stort sett greitt nok, og eg tykkjer ikkje eg sa noko der som skulle tala imot meg.

- Kvifor er det så viktig for deg å få kjennskap til dei vurderingane som blei gjorde av intervjugruppa?

– Det er ikkje så mykje for mi eiga skuld, men meir for dei som har uttrykt glede over at eg hadde søkt stillinga og som no sit og lurer på kvifor eg verken blei tilsett eller innstilt i stillinga. Dei vil tru at det hefter eit eller anna ved meg som dei ikkje veit om. For UiO-tilsette er det lett å godta ei avgjerd som er tatt, så lenge dei får ei god grunngjeving for det. Når dei ikkje får det, byrjar dei å grunna på det, og dei har ofte god fantasi. Det er også viktig for at dei tilsette skal få tillit til henne som blei tilsett som ny instituttleiar. Difor vil eg at tilsetjingsprosessen skal vera heilt open. Og sjølv om rapporten om vurderingane av søkjarane er hemmelegstempla, har eg rekna ut at 23 personar på HF likevel veit kva den inneheld. Eg synest difor at søkjarane også bør få lesa det som gjeld dei, meiner ho.
 

– Reagerer sterkt

Dei tilsette ved Tekstlaboratoriet har også skrive eit lesarinnlegg i dagens Uniforum der dei stiller seg undrande til kvifor sjefen deira ikkje blei innstilt som kandidat til stillinga som ny instituttleiar. – Me reagerer veldig sterkt på at at ho ikkje ein gong blei innstilt til jobben, seier overingeniør Kristin Hagen, som gir dette skussmålet til Janne Bondi Johannessen.
–Me har ein god sjef som frontar Tekstlaboratoriet på ein god måte, og som me helst ikkje vil mista. Men når ho ville søkja på instituttleiarjobben, så støtta med henne i det. Det er fordi me veit at ho er ein god leiar for oss, seier Kristin Hagen.

– Hårreisande

Også professor i lingvistikk, Helge Lødrup er overraska.
 – Eg synest det er hårreisande og har vanskeleg for å forstå den avgjerda. Instituttet kunne ikkje ha fått ein betre instituttleiar enn henne. Ho har både leiarerfaring og er ein kjemperessurs, synest han. Ei anonym kjelde på fakultetet er minst like sjokkert.
–Dette er tidenes forbigåing. Søkjaren som ikkje blei innstilt har både ein brei, fagleg bakgrunn og god administrativ bakgrunn. Det er trist for institusjonen at Janne Bondi Johannessen ikkje blei tilsett, seier personen.
 

Forsvarar prosessen

Instituttleiar Hanne Gram Simonsen forsvarar prosessen i samband med tilsetjinga av ny instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. 

– Rolla mi vore minimal i denne tilsetjingsprosessen. Instituttleiarar skal naturlegvis ikkje peika ut sin eigen etterfyljgar. Difor har eg halde ein låg profil. Som instituttleiar har eg som medlem av instituttstyret vore med på å setja ned ei breitt samansett intervjugruppe som har tatt ansvaret for å intervjua alle søkjarane til instituttleiarstillinga. Der var det representantar både for dei vitskaplege tilsette, dei teknisk-administrative tilsette, for fagforeiningane og for studentane. Seinare har eg ikkje hatt noko med prosessen å gjera før dei la fram innstillinga si i Instituttstyret.
 

- Demokratisk og ryddig 

–Så du tykkjer at prosessen har vore ryddig og heilt etter læreboka? 

– Ja, det synest eg. Når Instituttstyret set ned ei slik intervjugruppe, på same måte som dei andre institutta har gjort, hindrar me at nokre få Tordenskjolds soldatar kan vera med på å bestemma alt som går føre seg på instituttet. Den einaste som har vore med heile vegen og leidd intervjugruppa og Tilsetjingsutvalet ved HF, har vore dekan Trine Syvertsen. Det har ho gjort med bakgrunn i rolla si som leiar for fakultetet. Elles er det forskjellige personar som har vore med heile tida. Difor synest eg at prosessen har vore både demokratisk og ryddig.

– Kva er grunnen til at søkjarane ikkje får sjå vurderingane av dei i rapporten frå intervjugruppa? 

– Me held rapporten hemmeleg med grunnlag i Forvaltingslova kap. 5. Dei som sit i intervjugruppa og i tilsetjingsutvalet, har også teieplikt. Etter mi meining er dette faktisk ein langt betre prosess, som sikrar betre tilsetjingar, enn då eg blei tilsett som førsteamanuensis. Då blei det gjort berre på grunnlag av dei skriftlege arbeida mine, utan noko intervju eller referanseintervju, slår ho fast.

- Heilt etter boka

Heller ikkje fakultetsdirektør Anne Marie Eide ser noko kritikkverdig i tilsetjinga av ny instituttleiar ved ILN.
– Det har vore ein prosess heilt etter boka, som har gått føre seg på same måten som ved dei andre institutta. 

– Kvifor blei ikkje den eine av dei to kandidatane som stod igjen innstilt?

– I tilsetjingsutvalet bestemte dei, mot ei stemme, å innstilla berre ein av dei to kandidatane, seier Eide på telefon frå Århus.
 


 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2009 14:49 - Sist endra 5. feb. 2009 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere