- Stortinget vil sjå resultat av pengane

-Stortinget vil sjå resultat av dei pengane det løyver til universiteta. Det sa direktør for Senter for statleg økonomistyring (SSØ), Marianne Andreassen i i Akademisk forum i førre månad. Medlem i Universitetsstyret, Paul Chaffey forstod godt at dei folkevalde hadde behov for kontroll.

RESSURSBRUK: - Plan- og målstyring har ingenting med ny offentleg styring (NPM) å gjera, sa SSØ-direktør Marianne Andreassen. - No må me heller diskutera ressursbruken, sa styremedlem Paul Chaffey.
Foto: Martin Toft

- Plan- og målstyring har ingenting med ny offentleg styring (New Public Management) å gjera. Det er det reine nonsens, utbasunerte Marianne Andreassen, direktør for Senter for statleg økonomistyring (SSØ) under debatten om plan- og målstyring i Akademisk forum på Blindern nyleg.. - Det er lenge sidan den tenkinga blei parkert for godt i statsforvaltinga, la ho til. Ho viste til at Stortinget hadde behov for kontroll med kva pengane dei løyvde blei brukte til. - Når ein stat sløser med ressursane sine, vil det alltid gå utover dei svakaste gruppene, understreka Andreassen.

Direktøren for Senter for statleg økonomistyring opna debatten med å forklara dei frammøtte om oppgåva til senteret ho er leiar for. - Me forvaltar det statlege økonomireglementet. For Stortinget er det heilt naudsynt med demokratisk kontroll over bruken av offentlege ressursar. Difor blir oppgåva vår å måla dette på grunnlag av resultat og effektivitet i ein statleg institusjon, slo ho fast.

- Fagleg fridom vs. styring

Men Marianne Andreassen var heller ikkje blind for at det ville dukka opp mange dilemma på eit universitet når det er snakk om styring.

- Her kjem fagleg fridom i konflikt med behovet for styring. Det er likevel ikkje noko universiteta er åleine om, og det er ein konflikt som alltid vil vera der. I løpet av dei siste åra har det blitt større krav om at offentlege institusjonar må visa resultat av ressursbruken sin. Eg kan til dømes nemna skuledebatten, og ikkje minst debatten om kva alle dei pengane me brukar på Helse-Noreg tar vegen, sa ho. Så peika ho på det som universiteta har til felles med andre statlege institusjonar og det som skil dei.

- Universiteta er forvaltingsorgan som blir drivne etter pålegg frå Stortinget. Det vil seia at styringa ikkje skal vera kortsiktig og detaljert. Etter det som står i det statlege økonomireglementet skal styringa av ein institusjon kunna innretta seg etter eigenarten til verksemda. Difor har Stortinget delegert råderett både til universiteta og høgskulane, slik at dei har stor fridom.

- Det er grunnen til at dei har både akademisk fridom, nettobudsjettering og resultatbasert finansiering og eit eige styre. Universiteta har dessutan stor fridom til å velja sjølve kva type intern organisering dei ynskjer, meinte ho. Grunnen til det, understreka ho, var mål- og resultatstyringa som gav universiteta og høgskulane ei overordna rettesnor.

- Den passar svært godt inn i eit forvaltingsorgan med stor grad av autonomi. Alternativet ville ha vore auka konkurranse, privatisering og endå større detaljstyring, var ho overtydd om. Likevel etterlyste ho ein ting: - Evalueringar av styringa av denne sektoren glimrar med sitt fråvær, tykte ho.

- Behov for kontroll

Ekstern medlem i Universitetsstyret, Paul Chaffey overtok stafettpinnen etter Marianne Andreassen og kom med ein gong inn på si åtte år lange røynsle som styremedlem.

- Eg fekk heile tida høyra at universitetet var noko heilt spesielt. Det er likevel eitt av fleire statlege organ som staten styrer gjennom Riksrevisjonen og Senter for statleg økonomistyring. Det er eit utslag av behovet dei folkevalde har for å ha kontroll i ei komplisert verd. Internt har me også bruk for desse organa. Dei gir oss endå større fridom innanfor eit bestemt rammeverk, slo han fast. Så kom han inn på eit ømt punkt når det gjeld forholdet mellom Universitetet i Oslo og staten.

- I dei åtte åra eg har sete i Universitetsstyret, så har Riksrevisjonen tre gonger ikkje kunna godkjenna rekneskapen til UiO. Dei gongene er Riksrevisjonen raske til å gi styret skulda for det, men når rekneskapen for 2007 blei godkjend av Riksrevisjonen i oktober, så tar Riksrevisjonen og politikarane gjerne æra for suksessen. Poenget mitt er at det er viktig at Universitetet i Oslo finn ut kva som er feil i rekneskapen, før andre fortel dei det. Grunnen til at det ofte ikkje har gått så bra, er at det er manglande kompetanse på dette i høve til forsking og utvikling, peika han på.

Så kom han med eit lite spark til universitetsleiinga.
- Det er ofte lettare å driva lobbyverksemd overfor Stortinget for å skaffa meir pengar enn å prioritera sjølv. Difor må me ikkje ha ein debatt om Ny offentleg styring (NPM), men om ressursbruken vår, formante han.

Sidan SSØ-direktør Marianne Andreassen og styremedlem Paul Chaffey var ganske einige i synet på korleis universitetet burde styrast, tok leiaren for Akademisk forum, Kristian Gundersen, sjølv rolla som motdebattant til dei to.

- Eg trur forskarane har eit minst like stort behov for fridom som det dommarane har. Den intellektuelle fridomen er ikkje blitt større med åra. Forskarane har heller ikkje fått meir fridom. Me har også prøvd å oppretthalda det lokale demokratiet. Problemet kan vera at mange ikkje torer å forska på enkelte tema, fordi dei ikkje vil tirra styresmaktene. På eit universitet har forskarane tradisjonelt kunna bestemma temaet for si eiga forsking.

- Dei gongene Riksrevisjonen ikkje kunna godkjenna rekneskapa til UiO, så har det også noko å gjera med at det er vanskeleg å måla alt på eit universitet, trudde han.
Geologiprofessor Knut Bjørlykke meinte det måtte finnast andre måtar å tildela forskingspengar på:

- Det må vera viktigare for staten å løyva meir pengar til dei forskingsmiljøa som får dårlege karakterar, slik at dei kan bli betre, i staden for å løyva endå meir pengar til dei som får toppkarakterar på evalueringane. På den måten kan dei middels gode fagmiljøa koma opp på eit høgare nivå, sa han.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2008 16:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere