- Spelar fotball for å ha det gøy

- Det er ein fin, sosial og godt samansveisa gjeng med kvinner,som får oss til å halda saman år etter år, seier Jessica de Brito. I sju år har ho vore både leiar og spelande trenar for damefotballgruppa til UiOs Bedriftsidrettslag. - For oss er det viktigaste å ha det gøy på fotballbana, seier ho til Uniforum.

SPELANDE TRENAR: Jessica de Brito er både leiar og spelande trenar for damefotballgruppa til Bedriftsidrettslaget.
Foto: Martin Toft

- Lagånda er heilt fantastisk og alle kan vera seg sjølve. Eg hugsar godt den første gongen eg kom i kontakt med damefotballgruppa.. Då hadde eg vore og trena på Domus Athletica, og så fekk eg auge på fleire jenter i 20-30-årsalderen som spelte fotball på kunstgrasbana. Dei hadde det veldig morosamt, og eg spurte om eg kunne få vera med. Klart det, sa dei.

- Difor blei eg med den gongen og blei med for alvor igjen i 2001, og eg overtok som både leiar og spelande trenar i januar 2002. Motivasjonen min er at eg likar å leia eit damefotballag som likar å vera saman, seier ho til Uniforum. Og dei har også gjort det ganske bra sportsleg:

- Før eg byrja på damelaget, svinga det mellom 1. og 2. divisjon i bedriftsserien i Oslo. I 2003 rykte laget opp i 1. divisjon i uteserien der me spelar sjuarfotball. Seinare har me også kunna rykt opp i 1. divisjon, men me vil heller vera i 2. divisjon, sidan det er så mykje tøffare i 1. divisjon. For oss er det viktigaste å ha det gøy på fotballbana. I 1. divisjon ville det ha blitt for seriøst, synest ho.

Viktig med rekruttering

For damelag er det viktig å rekruttera nye spelarar heile tida.

- Skilnaden mellom damelag og herrelag, er at kvinner føder barn. Difor er det ei stadig utskifting av sentrale spelarar, seier ho, og viser til at ho sjølv snart blir ei av dei.

- Det er grunnen til at eg vil trappa litt ned og hamna litt lenger ut på sidelinja. Eg er likevel stolt over det me har fått til, understrekar ho.

-Ueinige med SiO

- Mange av spelarane våre arbeider andre stader enn på universitetet. Me er ueinige med Studentsamskipnaden i Oslo om treningsvilkåra på kunstgrasbana ved Domus Athletica. SiO vil nemleg ikkje gi oss rimelege prisar for dei eksterne spelarane våre. Eg meiner at dette er ei urimeleg behandling av dei eksterne, fordi me står for likebehandling av alle spelarane på laget. Difor har me fått treningstid i den nyoppussa treningshallen til Ullevål universitetssykehus. Der betaler alle spelarane det same, peikar ho på.

- Innetreninga gjer at me også blir betre teknisk når me spelar i inneserien, fortel ho.

I 2007 gjorde damelaget det svært bra i uteserien.

- Då hamna me på 2. plass, tre poeng bak vinnarlaget og med 44-10 i målforskjell. Det viser at me har eit svært godt lag, og ikkje minst ein svært god keeper og ein spiss i landslagsklasse, slår ho fast.

I 2008 kom damelaget midt på tabellen. - Og me har stadig plass til fleire, seier ho, og ber alle interesserte senda ei melding til heidi.loken@hf.uio.no

Emneord: Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2008 10:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere