Medisin og SV vil kutta i 2009

Både medisin og SV planlegg å kutta både i forsking og undervisning i 2009. Det viser ei rundspørjing Uniforum gjorde til dekanane etter at budsjettframlegget blei kjent, men før møtet i Universitetsstyret i går.

KUTT: - For 2009 vil det diverre uansett bli naudsynt å utføra kutt som råkar forskinga og som vil gjera det naudsynt med ei forenkling av medisinstudiet, seier dekan Finn Wisløff.
Foto: Ola Sæther

Dekan Finn Wisløff ved Det medisinske fakultetet er i gang med å planleggja for tøffare tider som skal gi fakultetet den pålagde budsjettbalansen frå Universitetsstyret frå og med 2013.

- For 2009 vil det diverre uansett bli naudsynt å utføra kutt som råkar forskinga og som vil gjera det naudsynt med ei forenkling av medisinstudiet. Alle einingane er også sette opp med eit flatt kutt på 9 prosent, noko som er svært vanskeleg å handtera, seier Wisløff.

Tilsetjingsstopp

Heller ikkje SV-dekan Knut Heidar ser fram til budsjettåret 2009 med glede.

- Dessutan vil ei vidareføring av nullvekst etter 2009 bringa oss over i det dramatiske. Handlingsrommet for fagprioriteringsprosessen er nesten ikkje-eksisterande. Me vil satsa noko på det tverrfakultære, og me vil prøva å skjerma dei prioriterte områda for kutt, understrekar Heidar. Elles viser han til at fakultetet legg opp til både tilnærma tilsetjingsstopp, kutt i emnetilbod, reduksjon i seminar og færre sensorar.

Dekan Knut Fægri ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet viser til at budsjettsituasjonen ved fakultetet er relativt uklar akkurat no. - Difor er det vanskeleg å peika på aktivitetar som kan bli skadelidande, men kuttet i investeringar i vitskapleg utstyr vil merkast godt og råka eit svært sårbart område, slår han fast.

- Alvorleg på UV

På Det utdanningsvitskaplege fakultetet rapporterer dekan Karen Jensen om ein alvorleg budsjettsituasjon.

- Det mest alvorlege er situasjonen til utdanningsvitskap. Dette er eit relativt ungt fag som av naturlege årsaker blir omtala som fragmentert og svakt organisert. Ei auka dreiing av inntektsgrunnlaget over mot den kortsiktige tidsperioden som ligg i eksternt finansierte aktivitetar, vil redusera og i verste fall øydeleggja sjansen vår til å utføra ei naudsynt styrking og omstilling av fagmiljøa våre, seier Jensen.

Ho oppfordrar samtidig Universitetsstyret til å lytta til det konsensus universitetssamfunnet sjølv har kome fram til, slik at skadeverknadene av dei stramme budsjetta, blir så små som mogleg.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. nov. 2008 13:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere