Godtar resultatet av lønnsforhandlingane

Forskarforbundet og Akademikarane vil likevel ikkje bringa brotet i dei lokale lønnsforhandlingane inn for Statens lønnsutval. Dermed vil også desse fagforeiningane godta det forhandlingsresultatet som både NTL og Parat tidlegare har skrive under på.

GODTAR RESULTAT: Både Kristen Døssland i Akademikarane (t.v.) og Kristian Mollestad i Forskarforbundet godtar resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane.
Foto: Martin Toft

Det var i går lokallagsstyret til Forskarforbundet avgjorde at det ikkje ville bringa brotet inn for Statens lønnsutval. Akademikar-foreiningane på UiO har gjort eit liknande vedtak.

Etter ei samla vurdering har Forskarforbundet og Akademikarane kome fram til at lovnaden om ein tettare dialog med arbeidsgjevar i dei komande lokale lønnsforhandlingane, vil tena medlemane deira betre enn ei eventuell tvisteløysing i Statens lønnsutval, Det går fram av ei melding frå Forskarforbundet.

I meldinga går det fram at brotet var ein protest mot at arbeidsgjevar ikkje har tatt vare på alle medlemsgrupper på ein like god måte og gitt dei likt høve til lønnsutvikling. Samtidig blir det vist til at mange av medlemane til Forskarforbundet innanfor alle stillingsgrupper har oppnådd eit relativt godt resultat i lønnsforhandlingane. Alle medlemane i Forskarforbundet som har sendt inn krav, vil få melding om utfallet av dette om rundt ei veke. Dei som får lønnsopprykk, vil truleg få dette med på desemberlønna, og då vil dei også få ei etterbetaling av lønnsauken frå 1. august, går det fram av meldinga frå Forskarforbundet.

Det var assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen som leidde dei lokale lønnsforhandlingane på vegner av arbeidsgjevaren, Universitetet i Oslo. Han er godt nøgd med at både Forskarforbundet og Akademikarane har valt å godta resultatet.

- Eg tar til etterretning at desse foreiningane ikkje tar saka til Statens lønnsutval. Eg er glad for at me no kan fokusera på dei utfordringane som står framfor oss, slik at me saman med tenestemannsorganisasjonene aktivt kan arbeida for å unngå at me får ein liknande situasjon i framtida, seier Falk Paulsen i ein kommentar til Uniforum.

(Oppdatert 19.11. kl. 9.36)

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2008 13:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere