Fuktigare snø tar knekken på lemena

Klimaendringane førte til at snøen blei fuktigare i norske fjellområde på 1990-talet. Det er truleg grunnen til at det ikkje er registrert lemenår sidan 1994. Det er konklusjonen i ein artikkel biologar frå universiteta i Oslo og Bergen publiserte i Nature denne månaden.

DÅRLEG SNØ: Dårlegare snøkvalitet fører til at lemena no kan stå på kanten av stupet, konkluderer UiO-forskarar i ein artikkel i Nature denne månaden. (Foto: Flickr.com )

Dei fem førsteforfattarane har tatt utgangspunkt i lemenbestanden på Finse på Hardangervidda. Dei har sett på utviklinga av lemenbestanden frå 1970 og framover. Bakgrunnen var at lemenbestanden har gått tilbake i heile Skandinavia sidan byrjinga av 1990-talet.

Det nye dei gjorde, var å gripa tak i bustaden til lemena, altså rommet mellom snøen og bakken. Og så analyserte dei utviklinga på snøkvaliteten i dette området frå 1970 til 1997. Det store fleirtalet av desse forskarane kjem frå SFF-senteret Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis ved Universitetet i Oslo.

Den daglege leiaren for senteret, Nils Christian Stenseth, er ein av dei forskarane som har sett på samanhengen mellom snøkvalitet og lemenbestand.

- Det me fann, var at snøen var blitt mykje fuktigare i løpet av 1990-talet i høve til tidlegare år. Konklusjonen vår er dermed at det er snøforholda som er grunnen til at det ikkje har vore noko lemenår etter 1994, seier biologiprofessor Stenseth på telefon frå Frankrike. Han er ein av førsteforfattarane.

- Dårlegare buforhold

- I dette rommet mellom bakken og snøen lever lemena, og der lever dei godt. Der får dei tak i føde, og dei får vern mot dei naturlege fiendane sine. Slik kan dei under gunstige forhold byggja opp ein stor lemenbestand, før dei kjem opp til bakken om våren. Men med den fuktige snøen på 1990-talet har buforholda i dette opphaldsrommet blitt dårlegare, og det har ikkje vore så lett som tidlegare å auka lemenbestanden. Dei er nemleg heilt avhengige av at snøen er tørr, for at forholda skal vera ideelle, understrekar biologiprofessoren.

Får fylgjer for økosystemet

I artikkelen blir det også peika på at dette får fylgjer for resten av økosystemet. Det kan vera grunnen til at bestanden av både fjellrev og snøugle er gått tilbake.

Medan fjellreven før livnærte seg av lemen, må han no eta andre smågnagarar for å kunna overleva. Og det vil gå utover dei rovdyra og rovfuglane som vanlegvis hadde desse smågnagarane på den faste menyen sin.

På den måten får den fuktige snøen store konsekvensar for både små og store dyr i området. Nils C. Stenseth synest det er morosamt å tenkja på korleis ideen til denne vitskaplege artikkelen først blei fødd.

- Førsteforfattar og doktorstudent Kyrre L. Kausrud deltok på ein del av eit studentkurs på forskingsstasjonen på Finse. Då dreiv dei og målte kvaliteten på snøen. Kausrud lurte då på om forskingsdata på snøkvaliteten frå tidlegare år, var tilgjengelege. Det var dei, og han la heile statistikken inn i eit Excel-ark før han byrja å analysera dei. Seinare oppmuntra eg han til å utvikla funna vidare til ein vitskapleg artikkel. Det er den me no har publisert i Nature, seier Stenseth, som har vore koordinerande førsteforfattar av artikkelen.

- Me har også hatt eit nært samarbeid med forskarar både ved Universitetet i Bergen, ved Norsk institutt for naturforsking og med ein fransk forskar, understrekar han.


Fylgjande forskarar har bidratt til artikkelen i Nature:
Kyrre L. Kausrud, Atle Mysterud, Jon Olav Vik, Anne Maria Eikeset og Nils Chr. Stenseth, CEES, UiO
Harald Steen, Eivind Østbye og Ivar Mysterud, Biologisk institutt, UiO
Bernard Cazelles, Ecole Normale Supérieure
Erik Framstad, Norsk institutt for naturforsking
Torstein Solhøy, Universitetet i Bergen
Emneord: Biologisk institutt, Forskning Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2008 12:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere