Syklar for geofaga langs Andesfjella

Det franske forskarparet Olivier Galland og Caroline Sassier (biletet)tar fri frå forskargjerninga i ni månader for å sykla frå byen Ushuaia på Eldlandet i Argentina til Lima i Peru. Han er forskar ved Physics of Geological Processes ved UiO, medan ho arbeider for selskapet Volcanic Basin Petroleum Research i Forskingsparken. Under turen vil dei slå eit slag for geofaga.

PÅ SYKKEL FOR GEOFAGA: Sykkelturen til Caroline Sassier og Olivier Galland startar i Argentina i 21. november og vil altså vera over ni månader seinare i Peru.
Foto: Ola Sæther

- Me ynskjer å visa at nesten alt me ser rundt oss opphavleg kjem frå jorda. Av byggjematerialar er det berre tre som ikkje har lege nede i berggrunnen før det blei tatt i bruk i betong, aluminium, eller stål. Når me kjem til ein stad vil me ta kontakt med ein lokal geolog som vil visa oss dei geologiske særprega for det området. Det kan til dømes vera ein isbre eller ein vulkan, eit jordskjelvområde, eit oljefelt eller ei kopargruve, slik som verdas største kopargruve ved Antofagasta i Chile.

- Og korleis har de tenkt å formidla det de ser og opplever?

- Me har oppretta kontakt med mellom anna Den franske skolen i Oslo. Dessutan skal me ha liknande kontakt med fleire skular i Frankrike. Målet vårt er at me skal skriva ein blogg om det me opplever kvar einaste dag og ta bilete av det me observerer, fortel dei to.

Ekspedisjonen er blitt til som ein del av UNESCOs internasjonale år for planeten jorda 2007-2009. Dei har fått støtte til utrusting frå franske utstyrsleverandørar og forsikringsselskap. Dessutan skal dei skriva artiklar for det geovitskaplege tidsskriftet GEO i Trondheim.

- Me håpar så mange som mogleg vil fylgja med på turen vår og gå inn på bloggen vår på www.georouteandine.fr/English, seier dei til Uniforum.

Sykkelturen startar i Argentina i 21. november og vil altså vera over ni månader seinare.

Emneord: Geologi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2008 11:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere