Slo i gang Latin-Amerika-nettverk

Med perkusjonisten Célio de Carvalho som musikalsk drahjelp kunne Nasjonalt Nettverk for Latin-Amerika-forsking (NORLARNET) markera sin eigen offisielle oppstart onsdag 22. oktober.

EIT SLAG FOR NYTT SENTER: Perkusjonisten Célio de Carvalho slo i gang Nettverk for Latin-Amerika-forsking framfor ambassarørar og andre inviterte 22. oktober.
Foto: Martin Toft

I opningstalen sin understreka dagleg leiar for Senter for utvikling og miljø, Kristi-Anne Stølen den 40 år lange innsatsen for å få til ei satsing på Latin-Amerika-forsking i Noreg.

- Den starta med ei avgjerd i Nordisk råd i 1968 der det vart foreslått at Noreg skulle etablera eit institutt for Latin-Amerikaforsking, slik som Danmark hadde gjort på Asia-forsking og Sverige på Afrika-forsking.

Først viste ho til at Noregs interesse for Latin-Amerika før Den andre verdskrigen stort sett handla om sjøfartsnæringa.

- Med revolusjonen på Cuba i 1959 og USAs invasjon av Den dominikanske republikken i 1965, kom Latin-Amerika mykje meir i søkjelyset i Noreg. Både politikarar, studentar og andre fekk vekt ei politisk interesse for Latin-Amerika. Venstrerørsler etterfylgt av militærregime i fleire latinamerikanske land på 1960 og -70-talet førte til at
latinamerikanske akademikarar kom som flyktningar til Noreg og kom i kontakt med norske akademikarar. Det førte også til at interessa for å læra seg spansk og læra meir om latinamerikanske forhold tok av, slo ho fast. Sidan har den berre vakse.

- Eit kjenneteikn ved Latin-Amerikaforskinga i Noreg er at den har vore spreidd tynt på mange institusjonar. Gjennom den nye satsinga som mellom anna omfattar eit eige forskningsprogram og ei rekke nettverksaktivitetar er det von om å få til ei god rekruttering og ei reell styrking av dette forskningsfeltet.

- Eg er svært glad for at eg no kan opna Nasjonalt Nettverk for Latin-Amerika-forsking her på Senter for utvikling og miljø. Det er mykje takka vera det initiativet miljø- og utviklingsminister Erik Solheim har vist for Latin-Amerika, meinte ho.

Nasjonalt Nettverk for Latin-Amerika-forsking (NORLARNET) vil bli leia av forskar Benedicte Bull, medan Erik Berge nyleg er tilsett som koordinator. Det vil halda til i lokala til Senter for utvikling og miljø i Sognsveien.

Emneord: Sentrene, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2008 17:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere