På nett med framtida i ti år

- Læring og IKT og interaksjons- og kommunikasjonsdesign var to kunnskapsområde som ikkje eksisterte ved UiO før 1998. Dei er det tiårsjubilanten InterMedia som har utvikla, framhevar senterleiar Sten R. Ludvigsen, forskar Anders Kluge, seniorkonsulent Kari-Anne Ulfsnes og forskar Ingeborg Krange.

JUBILERER: Senterleiar Sten R. Ludvigsen (t.h), forskar Anders Kluge, seniorkonsulent Kari- Anne Ulfsnes og forskar Ingeborg Krange (i midten).
Foto: Ola Sæther

InterMedia blei stifta som eit eige senter hausten 1998, og formålet var å forska på forholdet mellom teknologibruk og sosiale og kulturelle faktorar. Senteret blei lagt under Det utdanningsvitskaplege fakultetet, medan medarbeidarane flytta inn i den nye delen av Forskingsparken i 2001. I dag undersøkjer forskarane ved InterMedia bruk og design av nye teknologiar og kva dei har å seia for læring og kommunikasjon.

- Me synest at Universitetet i Oslo var svært framtidsretta då dei valde å etablera eit slikt senter, berre ti år etter at Internett-teknologien blei opna for vanleg bruk. Visjonen vart vidareutvikla av den første senterleiaren, Knut Lundby, gjennom den vekta han la på å skapa eit tverrfagleg miljø på tvers av fakultetsgrensene. På mange måtar er det å forska på teknologiar i bruk, å sikta på eit mål som heile tida er i rørsle, seier dagens senterleiar Sten R. Ludvigsen. I dag har rundt 30 personar sitt daglege virke hos InterMedia. Rundt 20 av dei driv med forsking.

- Retta mot skulen

- Ei rekkje prosjekt ved InterMedia har vore retta mot skulen. Her har me heile tida hatt som hovudtese at teknologibruken kan endra elevane sitt læringsarbeid. I den rette samanhengen kan teknologien fungera godt, og dermed føra til at elevane lærer på betre måtar, men utan god tilrettelegging fungerer sjølvsagt ikkje teknologiane.

- Før dot.com-kollapsen var det store visjonar og planar for utviklinga av ny teknologi, men forventingane var urealistiske. Samtidig har den meir langsiktige investeringa i IKT ført til omfattande bruk i offentlege etatar, bedrifter og skular. På mange måtar kan me seia at den har utvikla seg frå hype til kvardagsteknologi, seier forskar Anders Kluge.

Og både han og Sten Ludvigsen viser korleis e-læring er blitt ein integrert del av kvardagen innanfor enkelte yrke.

- Til dømes får dei som er revisorar i dag oppdatert informasjon om nye legale reglar gjennom e-læringssystem. Slik er kunnskapen som profesjonen brukar blitt ein integrert del av teknologien, fortel dei.

Postdoktor Ingeborg Krange er lånt ut til InterMedia frå Institutt for informatikk, men doktorgradsarbeidet sitt har ho gjort på InterMedia. Ho har sett på korleis dei nye læringsformene er med på å endra innhaldet i skulen.

- Eg har observert korleis elevane brukar den nye teknologien i naturfag. Det er til dømes mykje lettare å forklara DNA-molekylet og genar ved hjelp av denne teknologien. Mange ventar at med ein slik teknologi vil læraren meir eller mindre ha utspela rolla si. Slik har det likevel ikkje gått. Elevane må ha hjelp og støtte til å kopla ulike tema og sjå samanhengen mellom dei. Så rolla til lærarane er på mange måtar endå viktigare enn før, meiner ho.

- Kravet til dagens elevar har auka. Det er nok å sjå på det som står om krav og kunnskap i Kunnskapsløftet. Dei skal kunna henta, organisera og tolka informasjon. Det er ei stor spenning mellom skulen som historisk institusjon og krava kunnskapssamfunnet set til oss, understrekar dei.

- Undervisninga på universiteta er også svært avhengig av kva kunnskap elevane kjem med frå den vidaregåande skulen. Når hype-teknologien er blitt kvardagsteknologi, får det også fylgjer for undervisningsformene på universitetet. Difor har InterMedia framtida føre seg, som eit senter som samarbeider både med Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Institutt for informatikk og Institutt for medium og kommunikasjon, meiner Ludvigsen og Kluge.

Nye roller for elev og lærar

Dei har også sett korleis elev- og studentrolla har endra seg.

- Tradisjonell undervisning har gjerne vore basert på ein modell der elevane gjentar læraren eller læreboka. I mange av dei nye læringsmiljøa skal elevane klara å handtera mange kjelder, som dei skal analysera og sy saman i ei form som kommuniserer. Men til dette treng dei lærarane meir enn nokon gong før, fordi dei treng tett oppfylging for å forstå faglege omgrep og samanhengar, slår dei fast.

Utviklar nye ting

InterMedia er også med på å utvikla ny læringsteknologi.

- Me er særleg opptekne av å utforska korleis ein kan tilpassa kvardagsteknologiar til konkrete læringsbehov og formidlingssituasjonar, seier Kari-Anne Ulfsnes.

- Til dømes har me i samarbeid med Astrup-Fearnley-museet utvikla eit formidlingsverkty basert på mobiltelefonar og sosiale nettverksteknologiar. Me har også prosjekt som utforskar korleis wiki-sider kan designast for å støtta den nye lærarrolla, fortel Krange.

Sentrale delar av forskinga ved InterMedia er finansiert med EU-midlar. No ser dei fram til å delta i eit nordisk forskingssamarbeid finansiert av Nordforsk.

- I NordLearn-prosjektet vil forskarar frå InterMedia delta i prosjekt saman med forskarar frå universiteta i Göteborg, Turku og Tallin, fortel senterleiar Ludvigsen.

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2008 09:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere