Malis president opna Timbuktu-utstilling

- Saltet kjem frå nord, gullet kjem frå sør, men skattane for dei vise kjem frå Timbuktu, sa Malis president Amadou Toumani Touré, då han opna fotoutstillinga "The Hidden Treasures of Timbuktu" i Litteraturhuset tysdag 21. oktober. Fotografia viser byen, men også fleire av dei eldgamle, verdifulle manuskripta frå Timbuktu.

TIMBUKTU: - Skattane for dei vise kjem frå Timbuktu, sa Malis president, Amadou Toumani Touré då han opna Timbuktu-utstillinga denne veka. Statsråd Erik Solheim var ein av dei rundt 100 frammøtte.
Foto: Martin Toft

Bileta på utstillinga er tatt av fotografen Joseph O. Hunwick, og er frå boka "The Hidden Treasures of Timbuktu: Historic City of Islamic Africa, som professor John O. Hunwick har skrive saman med Alida Jay Boye på Senter for utvikling og miljø ved UiO.

- Eg er personleg involvert i Timbuktu, for eg budde der under ein del av barndomen min. Difor vil eg takka dei som arrangerer denne utstillinga. Og eg vil nytta meg av dette høvet til å takka Noreg for bidraget med å ta vare på dei mange hundre tusen manuskripta i Timbuktu og gjera dei kjende. Det sa Malis president, Amadou Toumani Touré, då han talte til dei over 100 personane som var møtte fram for å delta på opninga av Timbuktu-utstillinga i Litteraturhuset i Oslo denne veka.

- Fascinerer

Han viste til korleis Timbuktu var blitt eit knutepunkt mellom Nord-Afrika og Afrika sør for Sahara og ein møteplass mellom animistisk religion og islamsk religion.

- Eg møtte ein gong ein amerikanar som trudde at Timbuktu berre var ein myte. Då eg kunne fortelja han at det er ein by som eksisterer i landet som eg er president i, hadde eg store problem med å få han til å forstå det. Timbuktu er ein by som fascinerer ei heil verd også i dag.

- Denne utstillinga er viktig for å visa folk kva Timbuktu har å seia i dag. Utviklingsminister Erik Solheim har allereie vore på besøk der, og under besøket mitt i Noreg har eg også invitert dronning Sonja til å ta seg ein tur til Timbuktu, avslørte Malis president, til stor glede for alle som var til stades.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim viste til at Mali er eit afrikansk land med ei politisk utvikling som kan tena som eit godt døme for andre land i Afrika.

Grunnlagt i år 1100

Timbuktu er ein ørkenby som ligg ved elva Niger i utkanten av Sahara. Byen blei grunnlagt av tuaregane rundt år 1100. Byen hadde mange marknader der mange ulike varer blei kjøpte og selde. Også bøker. Slik blei byen også eit sentrum for islamsk skriftkultur og lærdom gjennom fleire hundreår. Gjennom alle desse åra har mange hundre tusen manuskript overlevd. Forskarane trur at det til saman kan dreia seg om nærare éin million manuskript.

Sidan 2000 har Alida Jay Boye vore koordinator for Universitetet i Oslos Timbuktu Manuscipts Project. Det er finansiert av Norad, og hovudmålet er å ta vare på manuskripta og gjera dei kjende. Det var gjennom dette arbeidet ho kom i kontakt med professor John O. Hunwick ved Northwestern University i USA. Han er ein av verdas fremste ekspertar på manuskripta i Timbuktu. Boye har vore i byen mange gonger saman med Hunwick.

- Eg ynskjer med denne boka å formidla forskinga hans og bringa kunnskapen om desse eineståande skriftlege kjeldene til afrikansk historie til eit større publikum, seier Boye til forskingsmagasinet Apollon. Og bileta både frå byen Timbuktu og av bokskattane derifrå, kan folk sjå på utstillinga i Litteraturhuset i Oslo til og med sundag 26. oktober.

Emneord: SUM, Mali, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2008 11:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere