Kunstjuristen og cowboyprofessoren

Eit kontor fylt av norsk og utanlandsk kunst dekorert med benkar og veggur frå 1700-talet. Eit kontor fylt opp av bøker frå vegg til tak og med ein heilfigur av John Wayne i papp i kontorhjørnet. Begge desse forskarkontora finst på Universitetet i Oslo. Uniforum har besøkt dei.

18 ÅR: - Dette kontoret er berre ein filial av den kunstsamlinga eg har heime. Faktisk så har eg samla på kunst sidan eg var 18 år, seier jussprofessor Viggo Hagstrøm.
Foto: Ola Sæther

Å gå inn på kontoret til jussprofessor Viggo Hagstrøm ved Institutt for privatrett er som å gå inn i eit kunstmuseum. Det heng måleri frå golv til tak på alle dei fire veggane. Innimellom har han fått plass til ein gustaviansk sofa frå 1700-talet og eit britiskbygd veggur frå same hundreåret. Viggo Hagstrøm ser at me blir svært imponerte over det me ser.

- Dette kontoret er berre ein filial av den kunstsamlinga eg har heime. Faktisk så har eg samla på kunst sidan eg var 18 år. Og det blir jo ein del bilete av slikt, smiler han.

- På den andre sida, har eg ikkje bil, og sidan eg jo får honorar for ein del valdgiftssaker, så har eg jo råd til denne hobbyen, legg han til.

Frå Aksel Revold til Andy Warhol

Så tar han til med å syna og forklara kunstverka for oss.
- Det der er eit måleri av Aksel Revold, og det blir rekna som eitt av hovudverka hans. Det er eitt i ein trilogi på tre. Dei to andre har Nasjonalgalleriet og Bodø kunstmuseum, seier han.

Brått peikar han bort på eit nydeleg kvinneportrett.

- Det er grandtanta mi, og det er Per Krohg som har måla henne. Og ser de litt opp, ser det også eit måleri av Roy Blom. Han målte alltid menneske på Oslos austkant. Han var figurativ og forteljande på ei tid, då alle måleri skulle vera fragmenterte, fortel han.

Inne på kontoret finst også Christian Kroghs portrett av kunstkritikaren, Pola Gauguin, son av målaren Paul Gauguin. Og like over vindauget dreg me også kjensel på eit måleri av Andy Warhol.

- Eigentleg er ikkje det min favorittkunstnar, men det er for å visa at eg også har eit blikk for moderne kunst. Biletet er eit portrett av dronning Margrethe. Det var eitt av ein serie på fire, dei tre andre var av dronning Beatrix, dronning Elizabeth og ei negerdronning, fortel Hagstrøm.

- Drøymde om å bli kunstkritikar

Kunstinteressa har han hatt lenge og han hadde lenge ambisjonar om ein karriere innanfor kunsten.

- Eg drøymde om å bli kunstkritikar, men i ei slekt av legar, var ikkje det så lett å få gjennomslag for det ynsket. Dermed blei eg jurist, kanskje som eit resultat av eit slags kompromiss, trur han.

Verk av store norske samtidskunstnarar er på plass på kontoret hans. Dei er signerte Kjell Torriset, Ørnulf Opdal, Per Kleiva og Reidar Aulie. Midt i all den norske kunsten og Andy Warhol, finst også eit lite måleri av den meksikanske kunstnaren Rodolfo Nieto:

- Grunnen til at eg har det måleriet, er at eg kan knyta ein liten anekdote til det. Eg hadde nemleg eit svært måleri av han, som eg ikkje likte noko særleg. Så då eg skulle flytta opp til dette kontoret, tilbaud eg Institutt for privatrett, at dei kunne overta måleriet frå meg gratis. Instituttet sa nei takk.

- Det stod utanfor instituttet i eitt år, før eg kontakta galleristen Haaken Christensen. Han kunne fortelja meg at Rodolfo Nieto var ein slett ikkje ubetydeleg meksikansk kunstnar. Dermed blei det store måleriet auksjonert bort i New York og eg fekk vel nokre hundre tusen kroner for det, minnest han.

- For farleg å hengja opp fleire

No trur ikkje Viggo Hagstrøm at han får hengt opp fleire måleri på kontoret sitt.

- Den faste hjelparen min, sa den siste gongen han hengte opp eit måleri her, at det ville bli for farleg å hengja opp fleire. Han kan nemleg ikkje bruka gardintrapp her. Difor må han balansera på hyllene. Og hyllene har vore instrumentskap og ikkje bokskap. Dette kontoret tilhøyrde nemleg Anatomisk institutt, den tida det instituttet var i sentrum, fortel han.

- Har du nokon gong invitert studentane dine inn på omvising?

- Nei, ikkje her, men i 25 år har eg vist studentar og andre rundt på Nasjonalgalleriet og i Kunstindustrimuseet, svarar han.

Med John Wayne på kontoret

Det er eit heller langt sprang frå kontoret til jussprofessor Viggo Hagstrøm i Midtbygningen i sentrum til kontoret til medieprofessor Helge Rønning i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen. Der er det ikkje plass til eit einaste kunstverk på veggane. Bøker dekker veggane frå golv til tak, ja også skrivebordet til Helge Rønning er fullt opp av fleire mindre pyramidar med bøker. Mest dominerande er likevel ein pappfigur av den hardtslåande westernhelten John Wayne.

EIN REISKAP: - Eg har lese i alle bøkene. Men dei er ein reiskap som eg nyttar meg av. Fleire epokar av det akademiske livet mitt finst her, fortel medieprofessor Helge Rønning.

- Det var ein kollega av meg som tok han med seg som handbagasje på flyet frå California til Oslo til 50-årsdagen min. Det var mogleg å bretta han saman, så difor var det ikkje så vanskeleg å få til, flirer Helge Rønning.

Både fotografen og journalisten ser misunnelege på boksamlinga, og lurer på om han har lese alle desse mange tusen bøkene.

- Eg har lese i alle bøkene. Men dei er ein reiskap som eg nyttar meg av. Fleire epokar av det akademiske livet mitt finst her. Eg synest det er noko heilt anna å halda ei bok i handa enn berre å observera og lesa ein elektronisk tekst. Anten de trur det eller ikkje, så veit eg om lag kvar eg har dei forskjellige bøkene.

- Ein tidlegare student, katalogiserte alle bøkene mine, så det finst framleis eit system i bokhyllene hos meg. Og dei bøkene som eg har bruk for til dei forelesingane eg har dette semesteret, er dei bøkene som ligg stabla opp på skrivebordet mitt no, avslører han.

Kjærleiken til boka tar aldri slutt

For han er kjærleiken til boka, ein kjærleik som aldri tar slutt.

- Det er jo det aller eldste massemediet. Det første som blei spreidd ut til nye og ukjende lesarar, slik som også aviser og fjernsynsprogram kjem ut til folk i dag. Den som fann opp bokbindarkunsten, og som gjorde at ein kunne bla fram og tilbake, gjorde ei heilt fantastisk oppfinning. Nei, det blir ikkje heilt det same med elektroniske bøker, sjølv om det er lettare å søkja i dei elektroniske massemediene, synest han.

Emneord: Forskning, Feature Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2008 10:11 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere