Kongepar og presidentpar besøkte HF-institutt

Irlands president Mary McAleese, kong Harald og dronning Sonja besøkte alle tre Institutt for lingvistiske og nordiske studium i formiddag. Dei fekk ei omvising i Sophus Bugges hus av professor Jan Erik Rekdal, som også er ansvarleg for irskstudiet ved HF.

BESØKTE HF: Irlands president Mary McAleese, kong Harald og dronning Sonja besøkte ILN saman med statsråd Éamon Ó Cuív. (Foto: Ram Gupta, ILN)

Den irske presidenten, Mary McAleese hadde også med seg ektemannen sin, dr. Martin McAleese og kommunal og regionalminister Éamon Ó Cuív. Då dei kom til Blindern blei dei tatt imot av både rektor Geir Ellingsrud, dekan Trine Syvertsen, instituttleiar Hanne Gram Simonsen og professor Jan Erik Rekdal. Besøket varte i rundt ein time.

Nordens einaste professorat i keltisk

Professor Jan Erik Rekdal er innehavar av det som framleis er Nordens einaste professorat i keltisk. Det var nordmannen Carl Marstrander som i 1913 etablerte Nordens aller første professorat i irsk og keltisk ved UiO. Etter at studiet er blitt nedlagt både i Sverige og i Tyskland, strøymer nye studentar til keltiskstudiet ved UiO.

- Som elev av Sophus Bugge var kristiansandaren Carl Johan Sverdrup Marstrander påverka av Bugges tanke om at nøkkelen til kunnskap om Noregs gamle stordomstid låg i å studera det gamle språket og historia til Irland og øyane i vest, seier irskprofessor Jan Erik Rekdal i ei pressemelding frå Institutt for linvistiske og nordiske studium.

- Bugge ordna eit stipend for Marstrander, slik at han kunne dra til Irland. I 1907 landa han så på øya Blasket utsnfor den irske vestkysten - berre 20 år gamal. Han blei svært overraska då han oppdaga han at språket framleis var i bruk hos fattige bønder og fiskarar, forklarar Rekdal.

- Fram til då hadde ingen forskarar vore interesserte i det levande irske språket, som også er kjent under namnet gælisk. Marstrander lærte seg språket, og danna dermed skule, legg Rekdal til.

Det var Sophus Bugges stipend som gjorde at Carl Johan Sverdrup Marstrander kunne studera gælisk i Irland og som dermed danna grunnlaget for at han kunne etablera Nordens første professorat i irsk og keltisk ved UiO i 1913. Det var grunnen til at det nettopp var Sophus Bugges hus som var scenen for besøket til den irske presidenten og det norske kongeparet i formiddag.

Emneord: Internasjonalisering, Irland Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2008 14:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere