Brot i dei lokale lønnsforhandlingane

Det er brot i dei lokale lønnsforhandlingane ved Universitetet i Oslo, etter at Forskarforbundet og dei fleste Akademikarforbunda ikkje kunne godta profilen på fordelinga av potten. - Me seier oss leie for dette, men det var ingen annan utveg, seier tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet til Uniforum.

VERRE ENN FØR: - Dette er mykje verre enn då Forskarforbundet sist braut dei lokale lønnsforhandlingane, i 2004, ja, langt verre enn nokon gong før, seier tillitsvald Kristian Mollestad.
Foto: Ola Sæther

Assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen er også lei seg for at det blei brot.

- Eg seier meg svært lei for at det ikkje var mogleg å koma til semje med alle partane. Me meiner me la fram eit tilbod som reflekterte prosederingane og forhandlingane undervegs, seier han i ein kommentar til Uniforum.

Forskarforbundet viser til at dei valde å bryta fordi dei vitskaplege tilsette ikkje ville få den delen som dei hadde krav på i høve til den samla lønnsutbetalinga ved UiO. Medan dei vitskaplege tilsette utgjer 59,21 prosent av lønnsmassen ved UiO, fekk dei i det siste og endelege forslaget frå arbeidsgjevaren UiO berre 53,09 prosent til fordeling av den samla potten på 35 millionar kroner.

- Verre enn nokon gong

- Dette er mykje verre enn då Forskarforbundet sist braut dei lokale lønnsforhandlingane i 2004, ja langt verre enn nokon gong før, seier tillitsvald Kristian Mollestad.

Han viser til at i 2.3.4-forhandlingane, der dei tilsette ber om høgare lønn, i staden for å søkja ei stilling utanfor UiO, eller har endra innhaldet i stillinga si internt på UiO, der har dei teknisk-administrative tilsette fått 4 764 000 kroner av den samla potten, medan dei vitskaplege tilsette berre har fått 189 000 kroner til saman.

- Det vil seia at dei har fått rundt 96,2 prosent av den potten som blei fordelt før dei lokale lønnsforhandlingane starta. No hadde me håpa at denne ubalansen ville bli tatt inn igjen i dei lokale lønnsforhandlingane. Det har den altså ikkje blitt, og difor har me valt å bryta, seier Mollestad til Uniforum.

Han brukar Universitetet i Bergen som døme på at det går an å gjera det på ein annan måte.

- Der utgjer dei vitskaplege tilsette 60 prosent av dei tilsette, og då får dei også fordelt 60 prosent av potten som skal fordelast i dei lokale lønnsforhandlingane. Medan dei teknisk/administrative tilsette får resten, konstaterer Mollestad.

Han understrekar at Forskarforbundet er oppteken av at alle stillingskategoriar ved UiO skal ha høve til ei likeverdig lønnsutvikling.

- Brotet er eit uttrykk for eit misforhold mellom det partane var blitt einige om på førehand, nemleg ei tilnærma pro rata-fordeling av resultatet mellom hovudkategoriane, og det resultatet som blei lagt fram for organisasjonane.

- Me er særleg skuffa over at intensjonen til arbeidsgjevar når det gjeld profil, ikkje blir avspegla i det endelege forslaget til fordeling. Det skjer trass i at universitetsdirektøren sende eit notat til både fakulteta og einingane om den profilen, seier Mollestad.

Usemje om rolla til stipendiatane

Assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen viser til at det var usemje mellom arbeidsgjevar og Forskarforbundet og dei fleste Akademikar-forbunda når det galdt punktet om kva rolle stipendiatane skal ha. Han ser det difor som naudsynt å gå gjennom den lokale lønnspolitikken på nytt med organisasjonane.

- Og då må me særleg sjå på korleis me kan koma fram til ei lik tolking av punktet i lønnspolitikken som viser til at stipendiatar er i ei kortvarig utdanningsstilling, og at karakteren til stillinga avgrensar høvet til kvalifisering til lønnsopprykk gjennom lokale lønnsforhandlingar, seier han.

Falk Paulsen har ingen fleire kommentarar til detaljar i tilbodet, så lenge det ikkje er oppnådd noko endeleg resultat.

Frist til 18. november

Sidan Forskarforbundet og Akademikarane valde å bryta dei lokale lønnsforhandlingane i dag, ligg det ikkje føre nokon endeleg protokoll.

Fagforbunda må innan 18. november gi beskjed til partane om dei ynskjer å bringa saka inn for Statens lønnsutval. Viss dei gjer det, har dei tre veker på seg til å laga eit prosesskrift til Statens lønnsutval. Dersom dei vel ikkje å gjera det, vil det endelege forslaget frå arbeidsgjevar bli ståande, og bli sett i verk rett etter 18. november.

Dato for eventuelle lønnsopprykk vil, uavhengig av dette utfallet, vera 1. august 2008. Det vil seia at lønna blir utbetalt på etterskot, utan at nokon vil tapa pengar på det.

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2008 18:46 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere