UiO får nasjonal forskarskule i utdanningsvitskap

Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved UiO er tildelt ein nasjonal forskarskule i utdanningsvitskap av Noregs forskingsråd. Skulen skal drivast saman med dei andre pedagogiske fagmiljøa ved dei norske universiteta og med Høgskulen i Oslo. Forskarskulen vil få ei løyving på 24 millionar kroner fordelt over seks år og vil koma i gang i 2009.

LYFT: UV-fakultetet får nasjonal forskarskule. - Me gler oss til å vera med på det lyftet dette vil vera for utdanningsvitskapleg forsking, seier prodekan Solveig-Alma Halaas Lyster.
Foto: Ola Sæther

- Me gler oss til å vera med på det lyftet dette vil vera for utdanningsvitskapleg forsking. Dessutan er me svært nøgde med at Forskingsrådet synest at kvaliteten på søknaden var svært høg. Det er ein svært stor inspirasjon for alle dei institusjonane som deltar, seier prodekan for forsking, Solveig-Alma Halaas Lyster ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Til saman kom det inn 27 søknader om støtte til nasjonale forskarskular som svar på utlysinga som hadde søknadsfrist 4. juni. Søknader på til saman 776 millionar kroner konkurrerte om ei tildeling på 115 millionar kroner. Fire institusjonar fekk til slutt ei tildeling på 24 millionar kroner kvar til fire forskarskular. Den femte og siste forskarskulen gjekk til Universitetet i Tromsø, som fekk 19 millionar kroner til ein forskarskule i strukturell biologi.

Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved UiO søkte om ei løyving på 37 millionar kroner, men fekk til slutt 13 millionar kroner mindre enn det hadde søkt om.

Fire hovudtema

- Forskarskulen vår er eit godt døme på samarbeid mellom ulike institusjonar som er sterke på forskjellige forskingsområde. Alle universitet med pedagogiske og fagdidaktiske miljø deltar i denne forskarskulen. Difor finn me både Høgskulen i Oslo, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim, Universitetet for miljø og biovitskap og Universitetet i Tromsø i denne nasjonale forskarskulen, fortel ho.

Leiaren for forskingssenteret InterMedia, Sten Ludvigsen skal leia den nasjonale forskarskulen. Med seg får han fire koordinatorar som skal ha overoppsynet med dei fire hovudspora ved forskarskulen. Det første hovudsporet blir språkutvikling, tekstforståing og lese- og skrivekunne (literacy). Det andre er læring og undervisning innanfor og utanfor skulen. Det tredje sporet blir skuleleiing, skulereform og utdanningsstyring, medan det fjerde skal vera høgare utdanning og profesjonell læring.

40 stipendiatar

- Dei sterkaste fagmiljøa innanfor utdanningsvitskap har alliert seg i denne nasjonale forskarskulen og forpliktar seg til å skaffa 40 stipendiatar i den første fireårsperioden. Det vil gi stipendiatane eit unikt nasjonalt og internasjonalt nettverk, for me satsar også på å ha internasjonalt kjende utdanningsforskarar som gjesteforskarar på den nasjonale forskarskulen.

- Fleire av institusjonane har allereie mange internasjonalt profilerte forskarar hos seg, og dei kontaktane dei har, kan også den nasjonale forskarskulen få nytte av, trur Halaas Lyster. Ho har klart føre seg kva denne forskarutdanninga skal leggja vekt på.

- Vil koma lærarutdanninga til gode

- Ei av dei viktigaste tinga me vil satsa på, er dei metodologiske problemstillingane som særpregar den utdanningsvitskaplege forskinga. Me meiner det vil vera med på å byggja opp kvaliteten på denne forskinga, og det vil koma lærarutdanninga til gode, poengterer ho.

Den nederlandske modellen for forskarutdanninga har vore ei sterk inspirasjonskjelde for den nasjonale forskarskulen som no skal byggjast opp.

- Ja, der har det vore spennande å planleggja ein forskarskule i utdanningsvitskap på tvers av ulike institusjonar, og på den måten starta med å byggja opp eit nettverk som kan gi sterke synergiar for forskarutdanninga innanfor utdanningsvitskap, slår ho fast. Forskarstudentane skal takast opp på moderinstitusjonane sine og ha hovudtilknytinga si der, samtidig som dei blir tatt opp på den nasjonale forskarskulen.

- Stipendiatane vil ha fleire samlingar og kurs, der dei kan laga nasjonale og internasjonale nettverk, og der dei kan møta sentrale og profilerte forskarar innanfor sitt eige forskingsområde. Nasjonale stipendiatdagar vil vera ein viktig del av programmet, fortel ho.

- Me ser fram til å ta fatt på arbeidet med å få den nasjonale forskarskulen "The National Graduate School in Educational Research (NATED)" på beina, legg ho til. Forskarskulen har fått tildelt pengar frå 2009 til 2015.


Desse får nasjonale forskarskular:
Noregs handelshøgskule: Business Economics and Administration
Universitetet i Bergen: Climate Dynamics
Universitetet i Oslo: Educational Research
NTNU: Medisinsk biletdanning
Universitetet i Tromsø: Structural Biology
Emneord: Forskning, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2008 15:02 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere