Spanskopplæringa i Norden byrja på 1600-talet

- Den første læreboka i spansk i Norden er frå 1600-talet. Den blei spesialskriven til kronprins Christian av Danmark-Noreg. Heilt tilfeldig fann eg eit eksemplar av den her i Universitetsbiblioteket, og den skal me visa fram i Galleri Sverdrup, fortel José Maria Izquierdo stolt.

BOKSKATTAR: Fagreferent José Maria Izquierdo syner fram ein del av dei klassiske bøkene som skal stillast ut i Galleri Sverdrup.
Foto: Martin Toft

Fredag 5. september opnar ei utstilling med bøker skrivne på eitt av dei romanske språka i Galleri Sverdrup i Georg Sverdrups hus. Blant bokskattane som blir stilte ut, er altså Nordens første lærebok i spansk frå 1600-talet, men initiativtakar José Maria Izquierdo skal også visa fram eit eksemplar av det første bandet av det første franske leksikonet "Encyclopedien" av Diderot og D'Alembert.

Izquierdo er blant anna fagreferent for romanske språk ved Universitetsbiblioteket i Oslo.

Vil nå dei unge

Han ser fram til utstillinga og er svært opptatt av at den også rettar seg mot den unge generasjonen som har valt spansk eller fransk i ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen.

- Me har sendt invitasjonar til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i Akershus og Oslo. Eg veit at Lillestrøm vidaregåande skule vil senda over 100 elevar til utstillinga. Då vil dei få oppleva interaktiv språkopplæring via Internett ved hjelp av to PC-ar som me vil ha ståande i utstillingsrommet. Der vil dei også finna fire Ipodar som også blir brukte i språkopplæringa, fortel han.

Utstillinga skjer i tett samarbeid mellom språkforskarar ved UiO og Universitetsbiblioteket i Oslo. Målet er å synleggjera språkopplæringa ved UiO.

- For oss er det viktig å visa kor viktig det er å ta eit framandspråk utanom engelsk. Difor vil me også visa fram kva UiO kan tilby når det gjeld språkundervisning. Og i tillegg til at me skal stilla ut dei eldste bøkene UB har på eitt av dei romanske språka, så vil me også stilla ut ordbøker, grammatikkar og lærebøker i språk, som er skrivne av UiO-tilsette i løpet av dei siste åra, seier Izquierdo.

Han viser også til at språkopplæring ikkje er noko nytt fenomen.

- Ingen luksus

- Det er grunnen til at me stiller ut lærebøker i fransk, spansk, italiensk og andre romanske språk heilt tilbake til 1600- og 1700-talet. På den måten ynskjer me å koma med gode argument tilbake til dei som hevdar at det berre er luksus å læra seg fleire framandsspråk enn engelsk. I ein globalisert og fleirkulturell tidsalder, er det viktigare enn nokon gong før å kunna snakka saman på eit felles språk.

- I USA er spansk i ferd med å spreia seg så fort at landet i dag faktisk er den tredje største spanskspråklege nasjonen i verda, etter Mexico og Spania, men nesten på nivå med Colombia, konstaterer han.
Utstillinga "De romanske språkene ved UBO" opnar fredag 5. september kl. 13.00 og vil stå fram til 28. september.

Romanske språk:
Spansk, fransk, italiensk, portugisisk, katalansk, rumensk, retoromansk, galicisk, normansk m.fl.
Emneord: Internasjonalisering, Universitetsbiblioteket, Galleri Sverdrup Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2008 16:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere