Noregs mektigaste i forsking og utdanning

UiO-rektor Geir Ellingsrud er blant dei ti mektigaste i norsk forsking, medan universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og viserektor Inga Bostad er blant dei ti mektigaste i norsk utdanning. Det går fram av boka "Hvem er hvem" redigert av Aftenpostens kultur- og debattredaktør Knut Olav Åmås, melder Aftenposten i dag.

NOREGS MEKTIGASTE: Geir Ellingsrud, Inga Bostad og Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er blant Noregs mektigaste i forsking og utdanning.
Foto: Ståle Skogstad

- Dette er svært morosamt og viser kva omdøme Universitetet i Oslo har i det norske samfunnet. Dessutan syner det godt kva posisjon og kva påverknad UiO har i samfunnet, synest UiO-rektor Geir Ellingsrud.

Han tykkjer det er ekstra gledeleg at både viserektor Inga Bostad og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe begge er på lista over dei mektigaste i norsk utdanning.

- Det vil seia at blant dei 20 personane som er rangerte på
desse to listene, så kjem tre frå Universitetet i Oslo, understrekar han.

Leidde Bostad-utvalet

Inga Bostad synest også det er moro at ho er komen med på denne lista.

- Noko av grunnen til at eg er tatt med, er truleg at eg var leiar for Bostad-utvalet som skulle greia ut spørsmålet om den formålsparagrafane i skulen og barnehagen, peikar ho på.

Universitetsdirektør Bjørneboe konstaterer med glede at desse gode plasseringane gjer UiO endå meir synleg.

- Kan leggja premissane

- Denne posisjonen kan me bruka til å vera med på å leggja premissane for forskingspolitikken, leiinga av sektoren, men også for rekruttering, kvalitet og finansiering av sektoren, meiner ho.

Alle tre er klar over at lista ikkje held mål reint vitskapleg, men dei synest likevel at det er viktig å vera synlege.

- Gruppa som er sett ned for å vurdera kven som skulle stå på dei ulike listene, har fått ein del innspel, men listene viser sjølvsagt ikkje heile sanninga om kven som er dei mektigaste på desse områda, peikar Inga Bostad på.

- Likevel er det heilt sikkert med på å styrkja omdømet vårt, akkurat som når UiO klatrar oppover på dei internasjonale rankinglistene over dei beste universiteta i verda. No kan me berre bli betre og betre, og dette var ei god byrjing på den utviklinga, slår Bjørneboe fast.

Alle tre er heilt einige om ein viktig ting.

- Me er svært stolte over alle dei tilsette og alle studentane ved UiO. Det finst heller ikkje ein meir spennande arbeidsplass i Noreg enn Universitetet i Oslo.

- Så no skal tre av dei mektigaste i norsk forsking og utdanning ut og feira?

- No tar med ei kake før me tar helg, seier dei.

Dei ti aller mektigaste

Også tidlegare universitetsdirektør Hanne Harlem markerer seg på lista over dei mektigaste i Noreg, Men ho står på lista over dei ti aller mektigaste personane i norsk samfunnsliv. Den plasseringa er det vervet som styreleiar for Helse Søraust, som gir henne.

Det er berre finansminister Kristin Halvorsen, FrP-leiar Siv Jensen og politidirektør Ingelin Killengren som er like mektige blant norske kvinner som henne. Dei seks aller mektigaste mennene er statsminister Jens Stoltenberg, LO-leiar Roar Flåthen, StatoilHydro-sjef Helge Lund, finansmann Kjell Inge Røkke, VGs sjefredaktør Bernt Olufsen og byrådsleiar Erling Lae i Oslo.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2008 16:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere