- God opplæring er alfa og omega

- Berre god opplæring av alle tilsette frå golvet til toppleiinga, kan gi UiO eit smertefritt lønnssystem. Det seier dagleg leiar Hans-Petter Mellerud i Zalaris. Selskapet skal hjelpa UiO med å losa i hamn det nye lønnssystemet.

TAR ANSVARET: - Zalaris tar heile ansvaret for at lønnssystemet til UiO skal koma i mål til rett tid, seier dagleg leiar Hans-Petter Mellerud.

Det var i sommar UiO og Zalaris skreiv under på ein avtale som vil gi Zalaris ansvaret for å hjelpa universitetet med å overta drifta av det nye SAP-baserte lønnssystemet frå 1. november i år. Zalaris vann kontrakten på mellom fem og seks millionar kroner etter ein tilbodsrunde, der IBM truleg var den hardaste konkurrenten. Kontrakten går fram til 2011.

- Største kontrakten med offentleg sektor

- Me er sjølvsagt svært nøgde med avtalen, for dette er den aller største kontrakten me har inngått i offentleg sektor. I privat sektor er Nordea-konsernet den største kunden vår. Me kjører lønna for alle dei rundt 34 000 Nordea- tilsette i heile Norden, seier dagleg leiar Hans- Petter Mellerud i Zalaris. Han har ikkje noko problem med å ta ansvaret for at alle dei UiO-tilsette også skal få rett lønn til rett tid.

- Zalaris tar heile ansvaret for at lønnssystemet skal koma i mål til rett tid. Me skal gjera det UiO ventar av oss, og dei vil kunna stola 100 prosent på at me gjer det me lovar, garanterer han.

- Alle må få opplæring

Føresetnaden for at det skal bli ein suksess, kan derimot også Universitetet i Oslo vera med på å leggja grunnlaget for.

- Den aller største utfordringa er å gi alle dei som skal jobba med lønn og lønnssystemet god nok opplæring i alt det nye. Det nyttar ikkje å innføra eit heilt nytt system utan at dei som skal bruka det får grundig nok innføring i korleis det fungerer og kva som er nytt i høve til det gamle systemet. Det er heller ikkje nok berre å senda leiarane på kurs, og så tru at dei vil læra det dei har lært vidare til dei andre tilsette.

- Absolutt alle som er involverte i lønnsprosessen må få opplæring i det nye lønnssystemet. Samtidig må det definerast eintydige prosessar som alle er kjende med. Det kan eg ikkje understreka sterkt nok, seier Mellerud til Uniforum.

Røynsla hans er at det er dette punktet som sviktar når verksemder ikkje klarer å få ut rett lønn til rett tid.

- Kompetanseoppbygging er den aller viktigaste faktoren for at eit nytt lønnssystem skal kunna takast i bruk utan at det dukkar opp komplikasjonar under til dømes kjøring av lønna eller tilbakebetaling av reiserekningar. Difor er god opplæring alfa og omega, slår han fast.

Emneord: POLS, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2008 14:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere