Flyttar inn i ny forskarbustad

- Eg er svært imponert over standarden på denne forskarbustaden. Eigentleg treng eg ikkje ta med meg noko anna enn klede og toalettsaker hit, seier Madeleine Kennedy-MacFoy. Ho er ein av dei første som flyttar inn i UiOs ti nye forskarbustader på Blindern.

IMPONERT: Postdoktorstipendiat Madeleine Kennedy-MacFoy er imponert over den nye forskarbustaden. Bak f.v. Suzanne-Ann Stämpfli og studiekonsulent Helle P. Granum.
Foto: Martin Toft

Madeleine Kennedy-MacFoy kjem frå Goldsmith College ved University of London der ho nyleg gjorde ferdig doktorgraden sin. No har ho fått eit postdoktorstipend frå Noregs forskingsråd for å delta i eit prosjekt knytt til EUs 6. rammeprogram og dei neste to åra skal ho forska ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking. Ho skal sjå på kva påverknad kvinnerørsla har hatt på ti europeiske land i løpet av dei 40 siste åra.

- Eg gler meg til å koma i gang og om eg så hadde fått postdoktorstipend til Indre Mongolia så ville eg også ha reist dit. Faktisk så har eg berre vore i Noreg ein gong tidlegare. Det var då dei intervjua meg i samband med dette postdoktorstipendet. Det falt saman med Mela-festivalen i Oslo, så det var ein bra start, synest ho.

Dei første tre månadane av postdoktorperioden sin skal ho bu i den nye gjesteforskarbustaden i Duehaugveien på Blindern.

- Eg ventar barn og skal ha ein pause frå januar til september 2009. Det hadde vore fint om eg kunne ha fått eit like bra tilbod når eg kjem tilbake til UiO med mann og barn.Kontorsjefen ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking har elles vore svært flink til å ta seg av alle dei praktiske tinga, seier ho.

Rådgjevar Suzanne-Ann Stämpfli i Organisasjons- og personalavdelinga har ansvaret for å koordinera og styrkja mottaksapparatet for utanlandske forskarar som kjem til UiO. Ho er godt nøgd med at UiO no kan tilby forskarane flunkande nye husvære nesten midt på universitetet. Både kinesiske, vietnamesiske og russiske forskarar har flytta inn i dei andre forskarbustadane.

- Ville valt enklare teknologi

Det einaste problemet ho har hatt så langt er komfyren.

- Eg trur nok eg ville ha valt ein litt enklare teknologi, om eg hadde fått bestemt det. Og me har enno ikkje fått ei brukarrettleiing på andre språk enn dei nordiske, konstaterer ho.

Med dei ti nye forskarbustadane på Blindern og to nye på Kringsjå, vil UiO totalt disponera 62 forskarbustader. I tillegg kjem 85 hyblar som dei leiger i dei ulike studentbyane.

- Berre rundt ti prosent av dei internasjonale forskarane som søkjer om forskarbustad, får tilbod om det. No vil denne statistikken bli litt betre. I 2005 var rundt ein fjerdedel av alle UiO-forskarane frå eit anna land enn Noreg. Kvart år kjem mellom 600 og 1000 internasjonale forskarar til universitetet på eit kortare eller lengre opphald, opplyser Stämpfli.

- Ordentleg husrom

Mangelen på forskarbustader for gjesteforskarar kan bli eit problem for Universitetet i Oslo.

- Det blir vanskeleg å trekkja internasjonale forskarar til UiO, dersom me ikkje kan tilby dei ordentleg husrom. Utleigemarknaden i Oslo er stram og prisane høge. Men dette er i alle fall ein god start, synest ho. Om kort tid trur ho også at arbeidet med å styrkja mottaksapparatet for internasjonale forskarar kjem eit godt steg vidare.

- Me håpar å få midlar til å etablera ei sentral kompetanse- og serviceeining for internasjonale forskarar og vertsinstitutta deira ved UiO. Då skal me me få tilsett tre medarbeidarar der, seier ho.

Suzanne-Ann Stämpfli synest også Teknisk avdeling har gjort ein god jobb med dei nye forskarbustadane i Duehaugveien.

- Seniorarkitekt Ragna Louise Weider har vore prosjektansvarleg for dei nye bustadane, og ho har gjort ein strålande jobb.

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2008 12:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere