Fekk pris for "Frokost med Bernt"

- Det byrja eigentleg fordi eg likar å laga mat til folk. Så difor fann me ut at det var mogleg å kombinera dette med å laga eit fast frukostseminar på Institutt for statsvitskap. Slik blei "Frokost med Bernt" til. Det fortel stipendiat Anders Ravik Jupskås som no er tildelt Kristian Ottosen-prisen på 60 000 kroner for det initiativet.

FÅR KRISTIAN OTTOSEN-PRISEN: - Eg synest det er flott at eg har kome på ei så variert liste med prisvinnarar, seier Anders Ravik Jupskås.
Foto: Martin Toft

Både sosialantropologane Fredrik Barth og Unni Wikan , filosofen Henrik Syse, justisminister Knut Storberget og krigshelten Gunnar Sønsteby har deltatt på "Frokost med Bernt" sidan tiltaket starta opp for litt over eit år sidan. Svært ofte har nærmare 200 studentar og andre interesserte møtt opp for å høyra på ein aktuell debatt ein tidleg torsdagsmorgon. Men det byrja eigentleg mykje meir beskjedent enn det:

- Den aller første gongen , 15. mai i fjor, kom det 35 personar for å høyra på Stein Ringen, som er professor i sosiologi ved Oxford-universitetet. Den gongen hadde eg smurt roastbeef og avocado på alle smørbrøda sjølv, fortel Anders Ravik Jupskås til Uniforum. Han er svært stolt over å ha fått tildelt Kristian Ottosen-prisen for dette tiltaket.

- Eg synest det er flott at eg har kome på ei så variert liste med prisvinnarar. Det me har lagt merke til er at folk etter kvart ser det som ei ære å bli invitert til å delta på desse frukostane. Det viser at dei ser på Universitetet i Oslo som ein svært tung institusjon, noko som me som arbeider her til dagleg ikkje legg så godt merke til, trur han.

- Namnet slo an

- Kvifor døypte det tiltaket "Frokost med Bernt"?

- Det var nokon som foreslo det, utan at eg sjølv syntest det høyrdest særleg bra ut. Likevel slo det an, og første gongen eg skulle marknadsføra seminaret på ei forelesing, så blei det masse latter i salen når eg brukte det namnet. Men det set seg faktisk i medvitet vårt, og samtidig får me æra Bernt Hagtvet, som er ein forelesar me set stor pris på, seier Ravik Jupskås.

Han får også Kristian Ottosen- prisen for å ha vore debattansvarleg ved SVFF og fagansvarleg under demokrativeka til Oslostudentane.

På den måten har han ikkje berre klart å lyfta det studentsosiale miljøet ved Institutt for statsvitskap, "han har i tillegg løftet grunnleggende temaer i et samfunn som demokrati og kulturforståelse, utenrikspolitikk, religion og miljø til et bredt publikum på hele universitetet så vel som i norske medier," står det i grunngjevinga til priskomiteen.

Prisen ber namnet til tidlegare SiO-direktør Kristian Ottosen, og skal gå til ein person eller organisasjon som har vore med på å betra det studentsosiale miljøet ved ein utdanningsinstitusjon.

- Høg kvalitet

- Kva trur du er grunnen til at så mange studentar og andre interesserte kjem på "Frokost med Bernt"?

- Det er noko som skjer på eit fast tidspunkt i veka og så er det som regel høg kvalitet på foredraga og debattane. Og no har me ei e-postliste på over 600 personar som me sender invitasjon til kvar einaste gong. Mange av dei sender invitasjonen vidare til vennene og kjenningane sine, trur Ravik Jupskås.

- Og kva frukost rangerer du høgast?

- Møtet med Fredrik Barth om Afghanistan og møtet mellom justisminister Knut Storberget og sosialantropolog Unni Wikan var begge flotte møte. Storberget tykte også det var flott at han kunne koma til ein plass der ingen kravde at han heile tida skulle koma med korte og konsise svar, fortel Ravik Jupskås.

Emneord: Priser, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2008 15:45 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere