World Beside vann innovasjonspris

Spelutviklingsselskapet World Beside fekk førsteprisen i kategorien for opplevingar og tenester då DnB NOR delte ut innovasjonsprisane sine rett før helga. Prisen er på 300 000 kroner og sigeren fører til at selskapet også blir blant dei fem finalistane som skal kjempa om hovudpremien på 1 million kroner. - Det er flott å bli lagt merke til på denne måten, synest prosjektleiar Erlend Arge (i midten), Ola Thorsen og Thomas Sevaldrud.

FØRSTEPREMIE: World Beside tok førsteprisen i kategorien for tenester og opplevingar i DnB NORs innovasjonskonkurranse. F.v. Ola Thorsen, Erlend Arge og Thomas Sevaldrud.
Foto: Martin Toft

World Beside er delvis eigd av Birkeland Innovasjon ved UiO og Simulasenteret. Selskapet held på med å utvikla ei tredimensjonal spelverd til bruk i den vidaregåande skulen og på andre bruksområde. I nært samarbeid med fleire vidaregåande skular i Oslo er dei allereie i gang med å utvikla ein energiinstallasjon. Der kan elevane læra om energi, CO2-utslepp og klima. Elevane kan byggja farkostar avhengig av kva energikjelde dei vil bruka. Det kan vera både hydrogen, diesel og solceller.

I samarbeid med Institutt for informatikk planlegg selskapet å laga ein virtuell modell av den nye informatikkbygningen. Den skal brukast til eigedomsforvalting og i samband med mottaking av gjester og etter kvart også som eit medium for undervisning og formidling.

I dag eig Birkeland Innovasjon 40 prosent av selskapet, medan Simulasenteret eig 20 prosent. Birkeland Innovasjon har investert 1 million kroner i selskapet. Likevel er det aktørar utanfor UiO som har lagt mest pengar i potten. StatoilHydro har gitt seks millionar kroner i støtte, medan Utdanningsetaten i Oslo kommune har bladd opp åtte millionar kroner.

No leiger selskapet lokale hos Institutt for informatikk i Gaustadalleen 25. Styreleiar for selskapet er Morten Dæhlen som er instituttleiar ved Institutt for informatikk. Arge og Dæhlen har saman med Thomas Sevaldrud utvikla dette konseptet, og dei har også inngått ein avtale med Utdanningsetaten i Oslo kommune om å byggja ut denne spelverda.

- Førsteprisen gir positiv merksemd for selskapet, og prispengane vil også koma til stor nytte for oss. Det er sjølvsagt svært hyggeleg å bli plukka ut som vinnar blant 80 andre innovasjonsselskap frå heile landet, synest han.

Arge viser til at førstepremien dessutan vil gi andre fordelar.
- DnB NOR vil hjelpa til med forretningsutviklinga av selskapet, og det vil føra til at nye auge ser på utviklinga av World Beside, seier Arge. No ser dei framover mot den endelege finalen i DnB NORs innovasjonspris i november.

- Det hadde sjølvsagt vore flott om me hadde klart å få førstepremien på 1 million kroner, seier Arge. Likevel er selskapet enno ikkje fullfinansiert.
- Nei, me treng mykje meir pengar enn det for å oppnå måla me har sett oss, konstaterer han.

Emneord: Priser, Ny informtikkbygning, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2008 16:17 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere