- Vil ha kandidatar med innsikt og kunnskap

- Me treng kandidatar som ikkje berre reproduserer det dei er blitt fortalde, men som har tileigna seg djupare innsikt og har faget under huda. Noreg treng sjølvstendige fagpersonar som også kan bidra til å utvikla ny kunnskap, sa rektor Geir Ellingsrud då han ynskte dei nye studentane velkomne til Universitetet i Oslo i formiddag.

HELDT TALE: Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, Fabian Stang, Geir Ellingsrud og Vibeke Mohn Herberg. Delvis skjult, viserektor Inga Bostad.
Foto: Martin Toft

Rundt 3000 av dei 8700 studentane som har fått studieplass på Universitetet i Oslo, møtte fram under den tradisjonelle velkomstseremonien på Universitetsplassen i formiddag. Dei fekk høyra rektor Geir Ellingsrud halda sin tredje velkomsttale, medan universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og Oslo-ordførar Fabian Stang debuterte som talarar på velkomstseremonien.

Arrangementet blei akkompagnert av Universitetets symfoniorkester, Akademisk Korforening og Kvindelige Studenters Sangforening.

Og sjølv om veka byrja med ei ordentleg syndflod i går, kunne dei ferske studentane gleda seg over sol frå ein lettskya himmel i dag. Studentane stod tett i tett på Universitetsplassen og lytta tolmodige til velkomstorda frå rektor Geir Ellingsrud:

- De har gjort eit godt val når de no står ved startstreken til eit studentliv ved Universitetet i Oslo. Me har ikkje berre lange og sterke faglege tradisjonar å visa til. Universitetet i Oslo er ikkje berre størst. Det er rangert høgast i Noreg på internasjonale rankingar, og har dei fleste av dei mest siterte norske forskarane i verda, og me har mange senter for framifrå forsking, slo han fast. Og han heldt fram:

- Eg nemner dette for å understreka at me ynskjer at utdanninga de får her ved UiO, skal vera basert på god forsking. Den skal vera oppdatert etter dei resultata som gjeld til kvar tid. De skal vita at det er kort veg frå kunnskapen er utvikla til de får del i den gjennom forelesingar, seminar og skriftleg materiale. Det er dette som skil eit godt universitet frå andre utdanningsinstitusjonar, peika han på.

- Noregs viktigaste ressurs

Ellingsrud kalla også studentane for Noregs viktigaste framtidsressurs.

- Det er verken olja, fisken, skogen eller teknologiske nyvinningar som er Noregs viktigaste ressursar. Det er de som er det. Den viktigaste kapitalen ein nasjon har å byggja framtida på, er kunnskapsrike menneske som er i stand til å utvikla og forvalta dei andre ressursane våre. Me treng heile tida talenta som har naudsynt nyfikne og innsikt, som utfaldar kreativitet og bruker arbeidskrafta si på ein klok måte, trekte han fram. UiO-rektoren la også vekt på å forklara studentane fordelen med å studera på eit universitet.

- Eit universitetsstudium handlar ikkje berre om å skaffa seg lærdom, men å læra å læra. Arbeidslivet som de skal ut i når de er ferdige her, er i stadig forandring. Kanskje vil de - som mange har røynt - i realiteten skifta yrke fleire gonger i løpet av de 40-50 åra de skal vera i arbeid. Då er det viktig å ha med seg ein ballast som også omfattar evna til å læra, analysera og bruka ny kunnskap, var rådet dei nye studentane fekk frå UiO-rektor Geir Ellingsrud.

3000: Rundt 3000 studentar deltok på velkomsseremonien på Universitetsplassen 12. august i år. (Foto: Martin Toft)

- Nyt Oslo!
Oslo-ordførar Fabian Stang ynskte alle studentane hjarteleg velkomne til Noregs hovudstad.

- Eg veit at mange av dykk har størst plass i hjartet til heimstaden dykkar. Men hald av ein liten plass i hjartet til Oslo også, bad Stang om.

- Mange av dykk vil heilt sikkert bli forelska i faget, og mange vil heilt sikkert bli forelska i ein medstudent utan at UiO treng gå ut med ein kjærleiksgaranti, slik som eit universitet 50 mil nord for Oslo har gjort. De er dei viktigaste kulturbrukarane, kafégjestene og sikkert også dei ivrigaste øldrikkarane i hovudstaden. Nyt studentlivet, nyt Oslo og ta vare på kvarandre, sa Stang.

Delta i livet utanfor studia

Både Geir Ellingsrud og Fabian Stang oppfordra studentane til å delta i livet utanfor studia. Det gjorde også Vibeke Mohn Herberg som helsa UiO på vegner av årets nye studentar.

- Det er viktig å engasjera seg utanfor fagfeltet sitt, spesielt er det viktig når du seinare kjem i jobb i livet etter universitetet. Det gjer at du har fått god innsikt i både klimaspørsmål, EU-debatten og i resten av verda utanfor Noreg. Universitetet er ikkje det same som den vidaregåande skulen, folkens. På universitetet må de sjølve ta ansvaret for utdanninga dykkar, konstaterte ho.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe understreka at UiO både er ein utdanningsinstitusjon og ein kulturinstitusjon.

- Det er viktig at de deltar i både den faglege og den kulturelle fellesskapen på universitetet. Utnytt talenta dykkar og ver nyfikne, oppfordra ho. Deretter kunne studentane gå til faddergruppene sine og få den første innføringa i studentlivet ved Universitetet i Oslo.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 12. aug. 2008 15:47 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere