UiO er på bronseplass i Norden

Universitetet i Oslo kjem på tredjeplass i Norden, på 17. plass i Europa og på 64. plass i verda på årets Shanghai-ranking over verdas beste universitet. Berre Karolinska Institutet og Københavns Universitet er betre i Norden. Harvard-universitetet tar nok ein gong tetplassen, medan Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på fjerdeplass på denne verdsrankinga. - Eg er veldig glad for denne plasseringa, seier rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

BRONSEPLASS: Universitetet i Oslo hamnar på tredjeplass i Norden og på 17. plass i Europa på Shanghai-rankinga for 2008. (UiO-foto)

Med 64.plassen sin har Universitetet i Oslo klatra opp 5 plassar frå 69. plassen det fekk på denne rankingslista i fjor. På Europa-lista har UiO gått opp frå 19. til 17. plass og overtatt tredjeplassen i Norden frå Uppsala universitet.

- Auka kvaliteten på forskinga

UiO-rektor Geir Ellingsrud er strålande nøgd med plasseringa.

- Når me går litt lenger inn i dei ulike kategoriane, viser tendensen at det er UiO som er blitt betre og ikkje dei andre som er blitt dårlegare. Det kan vera eit resultat av at me har drive eit målretta arbeid for å auka kvaliteten på forskinga vår, trur Ellingsrud.

Medan Helsingfors universitet var på førsteplass i Norden, tett fylgd av UiO, på rankinglista til Webometrics, som blei publisert i førre veke, kjem det på 4.plass på Shanghai-rankinga. Det gir også ein 19. plass på Europa-lista.

Uppsala universitet har ramla ned frå 17. til 21. plass på lista over Europas beste universitet.

Harvard er verdas beste

Ikkje uventa er det Harvard-universitet som toppar lista over verdas beste universitet. Deretter fylgjer Stanford-universitetet og Berkeley-universitetet i Calfornia.

Akkurat som i fjor inntar University of Cambridge fjerdeplassen på verdsstatistikken og førsteplassen i Europa. Unversity of Oxford kjem på 10. plass og er dermed det nest beste universitetet i Europa, i fylgje denne rankinga. University College London er på tredjeplass i Europa, medan Swiss Federal Institute of Technology i Zûrich hamnar på fjerdeplassen. Pierre og Marie Curie- universitetet i Paris er det beste franske universitetet og kjem på 7. plass i Europa.

Japanske universitet best i Asia

I Asia er det Tokyo-universitetet og Kyoto-universitetet i Japan som toppar lista over dei beste universiteta. Dei kjem også på 19. og 23. plass på verdsrankinga.

NTNU i Trondheim hamnar mellom dei 80 og 124 beste universiteta i Europa. Dei slår Universitetet i Bergen som ein finn mellom dei 125 og 168 beste universiteta i Europa. Universitetet i Tromsø er mellom dei 169 og 210 beste universiteta i Europa.

Det er Shanghai Jiao Tong University i Kina som står bak denne rangeringa. Rankingkomiteen, som er sett saman av tre professorar ved universitetet, baserer seg på ulike akademiske og forskingsmessige data, inkludert tidlegare studentar og noverande forskarar som har vunne Nobelprisar eller Fields-medaljar.

Dei ser også etter kor mange forskarar intitusjonen har, som har fått merkelappen "highly cited researcher" og kor mange artiklar forskarar ved institusjonen har publisert i "Nature" og "Science". Dessutan ser dei også på kva institusjon forfattarar av artiklar registrerte i ulike siteringsindeksar, tilhøyrer. Det tar dessutan omsyn til kor stor grad av forsking det er ved eit universitet i høve til talet på tilsette.

Det er interessant å leggja merke til at rankingkomiteen plasserer sitt eige universitet, Shanghai Jiao Tong University mellom dei 23 og 41 beste universiteta i Asia. På verdsrangeringa ligg det blant dei 200 og 300 beste universiteta.

Rundt 500 universitet er med på lista over verdas beste universitet.

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2008 18:05 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere