Kjøper gjerne Sogn videregående for éi krone

Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden ber Oslo kommune om å gi dei det same tilbodet Vålerenga idrettsforening fekk: Å få kjøpa ei kommunal tomt for éi krone. Tomta dei vil ha tak i er Sogn videregående skole. Den kan gi plass til tusen nye studentbustader, garanterer SiO-direktør Lisbeth Dyrberg (t.h), universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og teknisk direktør Frode Meinich.

ÉI KRONE: - Me kjøper gjerne Sogn videregående skole for éi krone, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, teknisk direktør Frode Meinich og SiO-direktør Lisbeth Dyrberg.
Foto: Martin Toft

Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden i Oslo ber no Oslo kommune om å rydda unna alt byråkrati slik at det blir fortgang i bygginga av studentbustader.

- Me synest det var flott av kommunen å tilby ei kommunal tomt på Valle til Vålerenga idrettsforening for éi krone. Lat det også bli eit førebilete for korleis studentane våre kan få ein sjanse til å flytta inn i heilt nye studentbustader om nokre år. Derfor bør også universitetet og SiO får det same tilbodet som Vålerenga idrettsforening fekk, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og SiO-direktør Lisbeth Dyrberg.

- Det føreset sjølvsagt at regjeringa løyver nok pengar. Men me har stor tru på at regjeringa i statsbudsjettet for 2009 vil løyva meir pengar til studentbustader, legg Bjørneboe til.

- For 600 millionar kroner vil det vera mogleg å byggja 1000 studentbustader der, garanterer Dyrberg. Førebels er det einaste signalet dei har fått frå Oslo kommune at salet av Sogn videregående skole skal finansiera nye vidaregåande skular. Både Bjørneboe og Dyrberg synest det vil svara seg meir for Oslo kommune å bruka tomta til studentbustader, slik at kommunen får styrkja omdømet sitt som studentby.

Best å vera i nærområdet

Teknisk direktør Frode Meinich ved UiO viser til at det snart ikkje lenger er område igjen der UiO kan ekspandera.

- I 1952 blei området frå Chateau Neuf til og med Rikshospitalet regulert til tomter for undervisning og forsking. I snart 60 år har UiO og forskingsinstitutta nytt godt av denne reguleringa. No er heile området snart brukt opp, og den einaste sjansen me har til å ekspandera i nærområdet, er om me får overta Sogn videregående skole.

- Fordelen med det er at me har heile infrastrukturen for studentane i dette området, både idrettsanlegg og andre undervisningsbygningar. For Oslo kommune vil det vera dårleg miljøpolitikk å regulera ei tomt på Haugenstua til universitets- og forskingsformål. Det vil føra til større omkostnader og skada miljøet fordi folk må fraktast fram og tilbake gjennom heile byen, understrekar Meinich.

- Me har stor forståing for at Oslo kommune ser på tomta som ein ressurs i samband med avviklinga av Sogn videregående skole. Men me synest det er viktig for Oslo kommune å tenkja på dei nærare 30 000 studentane som held til i dette området, seier Bjørneboe.
Lisbeth Dyrberg er heilt einig.

- Får me den tomta, skal me klara å byggja 1000 av dei 4000 studentbustadene me treng i løpet av dei næraste åra. Og dersom Oslo kommune gir oss klarsignal fort, kan me koma i gang med å søkja staten om tilskott til bygginga rett etterpå, seier ho.

Teknisk direktør Frode Meinich trur likevel ikkje det vil vera mogleg å ha ferdig universitetsbygningar eller studentbustader før i 2013 eller 2014.

- Så vidt me veit, blir ikkje skulen heilt avvikla før i 2012, og deretter må mange av bygningane rivast eller totalrehabiliterast, slår han fast.

Kan få 180 nye studentbustader i 2009

Nærare i tid ligg derimot realiseringa av andre byggjesteg av Vestgrensa studentby.

- No står det berre igjen ei lita tomt på 1,7 mål som Oslo kommune eig og som er regulert til offentlege og allmennyttige formål. Kommunen tilbyd oss tomta for marknadspris på 4,8 millionar kroner. Dersom me aksepterer det tilbodet, vil kvar av dei 130 hyblane kosta 40 000 kroner meir enn om me hadde festa tomta. Dermed vil også husleiga bli altfor høg, seier Dyrberg.

Ho håpar også kommunen vil godkjenna forslaget om å byggja to ekstra høgder, slik at det til saman kan byggjast 180 studenthyblar der.

- Dersom me hadde kunna festa tomta for ei krone i året i staden for, ville det ha vore eit viktig bidrag for å halda leigeprisane nede for studentane, og kommunen ville kunna få stort utbyte av ei tomt som dei uansett ikkje kan selja til høgstbydande, understrekar ho.

Studentsamskipnaden har no 26 millionar kroner på bok som skal brukast til bygging av studentbustader.

- Samspelet mellom løyvingane i statsbudsjettet og kommunen blir viktig. Det hadde vore fantastisk flott om me kunne ha klar heilt nye studentbustader til studiestart hausten 2009, synest universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Emneord: Studentforhold, Universitetspolitikk, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2008 16:13 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere