- Internhusleiga blir eit nullsumspel

- Ei reell internhusleige vil føra til at dei som styrer dei ulike einingane på UiO må tenkja seg om fleire gonger før dei ber om større areal. For dei aller fleste blir dette eit nullsumspel, trur teknisk direktør Frode Meinich.

IKKJE DRAMATISK: - Det er berre dei som absolutt insisterer på at dei må ha større areal, som vil måtta betala meir i husleige, avdramatiserer teknisk direktør Frode Meinich.
Foto: Ola Sæther

Det var på det siste møtet før sommarferien Universitetsstyret vedtok å innføra reell internhusleige for alle einingane ved Universitetet i Oslo. Formålet var å få mest mogleg ut av areala til UiO.

Fagforeiningane har frykta at dette vil føra til at endå fleire må måtta dela kontor med kvarandre og vil kunna føra til eit dårlegare arbeidsmiljø.

Uniforum tok på leiarplass i førre nummer til orde for at universitetsleiinga burde informera betre om kva internhusleige går ut på.

Teknisk direktør Frode Meinich tar imot invitasjonen og aller først ynskjer han å avdramatisera innføringa av internhusleige.

- Eigentleg blei alle data i samband med internhusleige lagde inn i budsjetta i 2001, etter eit lovpålegg frå Kunnskapsdepartementet. Det førte til at me la inn ein fiktiv leigesum i budsjettettildelinga til kvar eining i høve til kor stort areal den disponerte.

- No blir denne leigesummen reell, men tanken er at dette gir minst mogleg endringar for dei aller fleste einingar. Det er berre dei som absolutt insisterer på at dei må ha større areal, som vil måtte betala meir i husleige. For dei aller fleste blir dette eit nullsumspel, presiserer han.

- UiO vil tena på det

- Av historiske grunnar har enkelte institutt i dag svære lokale, men få studentar og få forskarar, medan institutt som har blitt oppretta i løpet av det siste tiåret, kanskje har små lokale, men har behov for fleire kontorplassar både til nytilsette forskarar og studentar. Vil ikkje det føra til at dei gamle institutta vil kunna tena på dei gamle lokala sine, medan dei moderne institutta vil må betala for at dei er ekspansive?

- Det har du rett i, men Universitetet i Oslo vil likevel tena på det, fordi me kvart år snart må betala 200 millionar kroner i leige for eksterne lokale. Så om UiO utnyttar lokala sine betre og heller tar inn den leigeinntekta til UiO i staden for å gi den til ein ekstern utleigar, vil det vera ein stor fordel, understrekar Meinich.

Og han legg til at føresetnaden for å få inntekter for areal ei eining ikkje har bruk for, er at andre einingar ynskjer å overta dei.

- Dumt å leiga ut gratis

- Alle bedrifter og offentlege etatar som har innført internhusleige, har funne ut at det svarar seg. Areal er eit knapt gode, og difor er det dumt å leiga dei ut gratis. Så lenge noko er gratis, vil folk ha meir av det, anten det er areal, bil eller gamle kjøleskåp.

- På denne måten får me folk til å tenkja meir over arealbruken i dei eksisterande lokala, før einingane ber om meir plass. Tidlegare har me opplevd at ei eining oppretta eit heilt studium utan at instituttet hadde kontor og undervisningsrom til tilsette og studentar. Det vil me nok no klara å unngå, seier Meinich.

Teknisk avdeling vil likevel få meir å gjera.

- I alle fall i starten reknar me med å bruka ei ekstra stilling på å administrera internhusleiga. Det første me må gjera er å laga eit regelverk for ordninga, til dømes for oppussing av lokale eller regulering av leiga. Når Institutt for informatikk til dømes flyttar inn i den nye informatikkbygningen i 2010, kan dei ikkje sjølve dekkja leiga av dei lokala. Då vil det instituttet få ei tilleggsløyving som skal tilsvara leigeprisen for dei nye areala dei får til disposisjon, forklarar han.

Og Frode Meinich forsvarar med nebb og klør innføringa av denne ordninga.

- Tenestemannslaget ved UiO tar heilt feil når det trur at det er noko me gjer for å bruka pengane på noko heilt anna. Det er noko me gjer for å få meir ut av både pengane og areala våre, seier han.

- Kan bli rike på tomme rom

- Det er merkeleg at nokre institutt i framtida kan bli rike fordi dei har sete på tomme rom, medan andre må avstå frå fagleg ekspansjon på grunn av auka arealutgifter, seier professor Kristian Prydz ved Institutt for molekylær biovitskap. Han trur ikkje internhusleiga vil bli rettferdig.

I TVIL: - Og viss husleiga er reell, kan me då forlanga stabil straumtilførsel, ventilasjon med meir? spør biologiprofessor Kristian Prydz.(biletet)

- Eg er særleg opptatt av utsegna om at ein kan skaffa seg meir midlar ved å redusera arealet ein disponerer. Av historiske grunnar sit ulike einingar på svært ulike areal. Eg var medansvarleg for innplassering av Biokjemisk institutt i Kristine Bonnevies hus i 1995.

- Me fekk då langt mindre areal per hovud enn Biologisk institutt som då var einerådande i bygningen, trass i at all forskinga vår var laboratorieintensiv. No er me ein del av Institutt for molekylær biovitskap, men er framleis trongbudde, seier Kristian Prydz.

Dette trur han ikkje er målet for universitetsleiinga.

- Dette er vel langt frå det universitetsleiinga seier at dei driv med: Ein strategisk fagleg prioriteringsprosess, konstaterer han. Prydz synest heller ikkje at han har fått eit ordentleg svar på kva som vil skje med undervisninglokale som ikkje er i bruk.

- Kan me forlanga stabil straumtilførsel?

- Dersom eit institutt har lagt om undervisninga, slik at det kan avstå frå bruk av eit undervisningslaboratorium, kan det då seia at dette rommet, midt i instituttet, vil ein ikkje lenger bruka og dermed redusera leiga si, - sjølv om andre ikkje kan bruka rommet på ei fornuftig måte? Og viss husleiga er reell, kan me då forlanga stabil straumtilførsel, ventilasjon med meir, eller vil leiga bli redusert dersom visse elementære krav ikkje blir oppfylte?

- Eg spør fordi at i bygningen vår er straumtilførselen for ustabil i mange rom til at følsame instrument kan plasserast der utan risiko for at dei går sunde, fortel han.

Og Kristian Prydz kan også visa til ei aktuell problemstilling.

- Me har to grupper som er komne med i eit senter for framifrå forsking i samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det medisinske fakultetet. Senter som dette har som målsetjing å samlokalisera seg, men dette er ofte vanskeleg å gjennomføra.

- Dersom dei likevel skulle lykkast med det, vil to laboratorium og ein del kontor stå tomme i området vårt i nokre år. Skal vi tena på dette, må lokala kunne leigast ut. Skal me kunne framleiga lokala, eller er me avhengige av at Teknisk avdeling er flinke nok til å få til dette? Og kven tar på seg utgiftene dersom dei har behov for modernisering? lurer han på.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2008 10:27 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere