Ber om fred for Georgia

- Eg hadde aldri trudd at Russland ville bomba Georgia. I det 21. hundreåret må det gå an å få til diplomatiske løysingar mellom to land. Det seier den georgiske studenten Nino Janiashvili, som skal ta menneskerettsstudiet ved Det juridiske fakultetet. - No ber eg om at Georgia får i hamn ein fredsavtale med hjelp frå andre europeiske land, seier ho.

UROLEG: - Eg er heile tida uroleg for familien og vennene mine, for det svevar stadig russiske fly over georgisk luftrom, seier den georgiske studenten Nino Janiashvili.
Foto: Ola Sæther

Studiestarten ved Universitetet i Oslo blei litt annleis enn det den georgiske studenten Nino Janiashvili hadde tenkt seg.

Like før ho skulle dra frå heimbyen sin Rustavi, braut det ut krig mellom Georgia og Russland. Det gjekk hardast ut over hovudstaden i utbrytarregionen Sør-Ossetia, Tskhinvali og grensebyen Gori. Men Russland bomba også flyplassen i Georgias hovudstad Tbilisi.

- Difor måtte eg ta toget til hovudstaden i Aserbajdsjan, Baku og ta flyet til Oslo via Wien, derifrå, fortel ho til Uniforum.

Dermed kom ho til Noreg éin dag etter planen. Ho har tidlegare studert internasjonal rett ved Javakhisvili Tbilisi State University.

No gler ho seg til å byrja på det to år lange engelskspråklege masterstudiet i menneskerettar ved Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Likevel er det situasjonen i heimlandet som opptar henne mest.

- Uroleg for familien

- Eg er heile tida uroleg for familien og vennene mine, for det svevar stadig russiske fly over georgisk luftrom. Me kan aldri vera sikre på når dei slepp ned nye bomber. Dei fortalte oss at Russland hadde brukt klasebomber mot to georgiske byar. Det er frykteleg, for dei eksploderer jo ikkje før nokon kjem borti dei medan dei ligg på bakken. Det har også kome mange flyktningar frå andre stader i Georgia til hovudstaden Tbilisi, fortel ho.

Håpar Russland trekkjer seg ut

Nino Janiashvili er ikkje einig med dei som meiner at Russlands invasjon av Georgia blei provosert fram av presidenten i landet, Mikhail Saakasjvili.

- Nei, det stemmer ikkje. Eg veit at mange europeiske aviser har skrive at Russland gjekk til åtak på Georgia fordi georgiske soldatar sette i gang ein offensiv mot Sør-Ossetia. Grunnen til at det skjedde, var at russiske soldatar hadde byrja å bomba georgiske landsbyar i dette området, slår ho fast.

- Kva håpar du vil skje no?

- Først og fremst håpar eg at både Georgia og Russland skriv under på ein fredsavtale som fører til at dei russiske soldatane trekkjer seg ut av Georgia. Eg har tru på at det skal vera mogleg å få til ved hjelp av dei andre europeiske landa og USA.

- Og kva med russarane som bur i Georgia?

- Dei må bli verande. Eg har eit godt inntrykk av dei, og alle georgiarar snakkar av historiske årsaker også russisk. Det er dei russiske politikarane og den politikken dei fører eg synest ikkje høyrer heime i det 21. hundreåret. Konfliktar mellom land må løysast med diplomati, ikkje ved å invadera eit anna land med stridsvogner, synest ho.

Ho støttar fullstendig opp om dagens georgiske president, Mikhail Saakasjvili, som kom til makta etter "Roserevolusjonen" i 2003, då den tidlegare presidenten Eduard Sjevardnadse blei pressa til å gå av.

- Georgia har blitt mykje meir moderne og europeisk sidan den gongen. Det er spesielt synleg i hovudstaden Tbilisi, seier ho.

Godt førsteinntrykk av Noreg

- Kvifor valde du å studera menneskerettar ved Universitetet i Oslo?

- Eg var her i to veker for eitt år sidan. Då besøkte eg også Trondheim og Bergen, og eg likte svært godt naturen og landskapet. Noreg liknar på Georgia. Kort fortalt fekk eg eit godt inntrykk av landet, og ein god venn av meg rådde meg til å studera her. Så fann eg ut at det også var mogleg å få gode studentstipend. Og i førre veke flytta eg inn på studenthybel på Kringsjå.

- Har du blitt kjent med mange norske studentar?

- Ikkje enno, for studiet mitt startar først i byrjinga av september. I hovudsak vil eg nok treffa andre internasjonale studentar der, men eg håpar at eg også kan bli kjent med nokon frå Noreg.

Vil tilbake

- Kva skal du gjera når du er ferdig med studiet?

- Då skal eg dra tilbake til Georgia, fordi landet treng folk som har spesialisert seg på menneskerettar. Spesielt no etter denne krigen trur eg det er viktig at me saman kan gjera noko for å betra situasjonen for menneskerettane i heimlandet mitt, seier Nino Janiashvili.

Fakta om Georgia:
Hovudstad: Tbilisi
Språk: Georgisk
Religion: Ortodoks kristendom
Folketal: 4,6 millionar
President: Mikhail Saakasjvili
(Kjelder: Store Norske leksikon og Aftenposten)
Konflikten med Russland:
- Russland støttar separatistrørslene i Sør-Ossetia og Abkhasia som prøver å riva seg lause frå Georgia.
- 5. august 2008 braut det ut krig mellom Russland og Georgia.
- Våpenkvileavtale inngått 12. august. Forhandla fram av Frankrikes president Nicolas Sarkozy.
(Kjelder: Aftenposten og Dagsavisen))

-

Emneord: Internasjonalisering, Studentsaker, Russland, Georgia Av Martin Toft
Publisert 21. aug. 2008 11:29 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere