Vil lovfesta ansvaret for norsk fagspråk

Regjeringa vil lovfesta at universitet og høgskular har ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Det går fram av stortingsmeldinga om norsk språkpolitikk, "Mål og meining", som blei lagt fram av kultur- og kyrkjeminister Trond Giske i dag. Alle doktoravhandlingar på engelsk må også ha eit samandrag på norsk eller omvendt, står det i meldinga.

NY OG OFFENSIV: - Med språkmeldinga legg regjeringa grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk, sa Trond Giske.
Foto: Ola Sæther

Norsk skal vera hovudspråket ved norske universitet og høgskular. Unntaket er Samisk høgskole der samisk skal vera hovudspråket. Det legg regjeringa til grunn i denne språkmeldinga. Det blir også lagt til grunn at universitet og høgskular utformar individuelt tilpassa språkstrategiar. I tillegg blir det peika på at dei høgare utdanningsinstitusjonane bør vurdera behovet for å organisera spesielle språktenester, mellom anna med tilbod om språkvask av manuskript på engelsk og andre internasjonale språk.

Spelte ballen vidare

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske kunne på spørsmål frå Uniforum likevel ikkje lova økonomisk støtte til etablering av eit slikt felles språksenter for Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo.

- Her må eg nok spela ballen vidare til forskingsminister Tora Aasland og Kunnskapsdepartementets budsjett. Men eg vil samtidig seia at eg set pris på det gode arbeidet Universitetet i Oslo har gjort innanfor språkpolitikk, sa Giske.

Framlegget om at alle engelskspråklege doktoravhandlingar også skal ha eit fyldig samandrag på norsk, er ein blåkopi av framlegget i Språkmeldinga til UiO frå 2006, "Snart to hundre. Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder". Også i språkmeldinga frå Kultur- og kyrkjedepartementet blir det tatt til orde for at avhandlingar på norsk skal ha eit fyldig samandrag på engelsk.

Det blir dessutan lova at det skal gjennomførast ein analyse av kva for språkpolitiske verknader finansieringssystemet kan påvisast å ha. Dette vil bli ein del av den breie evalueringa av finansieringssystemet for universitet og høgskular som Kunnskapsdepartementet vil setja i gang.

Regjeringa vil dessutan føra vidare fastprissamarbeidet om lærebøker og fagbøker til høgare utdanning ut den avtaleperioden som gjeld no. Språkmeldinga tar også til orde for at det som eit minimum må finnast norskspråklege innføringsbøker i alle fag.

Støttar ordboksarbeidet ved UiO

Av andre ting som har direkte tilknyting til Universitetet i Oslo, er lovnaden om å halda oppe pengeoverføringane til Norsk Ordbok, slik at alle dei planlagde tolv banda kan vera ferdige til Grunnlovsjubileet i 2014.

Men også arbeidet med ordboka til Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, får bindande lovnader om at det er eit satsingsområde. Difor har det fått auka tilskottet med 1,5 millionar kroner i høve til det opphavlege budsjettet for 2008. Målet er at prosjektet skal vera fullført i 2014. Etter kvart er det meininga at dokumentasjonsprosjektet for moderne bokmål skal koma inn med større tyngde. Departementet oppfordrar likevel partane til å arbeida for eit tettare samarbeid.

Norsk språkbank til 100 mill. kr

Det største enkelttiltaket i meldinga er forslaget om å byggja opp ein norsk språkbank. Dette er eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak for å sikra norskspråklege teknologiske løysingar over eit breitt felt. Språkrådet har oppdraget med å leia arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av språkressursar.

VISE ORD: Språkrådsdirektør Sylfest Lomheim kviskrar nokre velvalde råd i øyret til statsråd Trond Giske.(Foto: Ola Sæther)

- Til saman vil investeringa i ein norsk språkbank med digitale opptak av alle norske ord i alle norske dialektar, koma på rundt 100 millionar kroner, opplyste statsråd Trond Giske på pressekonferansen i Litteraturhuset i Oslo fredag 27. juni.

- Den vil koma alle til nytte i samband med utviklinga av talebasert informasjonsteknologi, la direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim til.

Ein del av grunnlaget for språkbanken er språkressursane som blei samla inn av Norsk Språkteknologi Holding (NST) på Voss i perioden 1998-2000. Mellom anna blei det lagt ned eit stort arbeid for å samla og lagra opptak av norske dialektar. Selskapet gjekk konkurs i 2003, men i januar 2007 blei språkressursane frå konkursbuet sikra for ein framtidig språkbank gjennom eit samla oppkjøp i regi av Språkrådet, universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim og IBM.

- Ny og meir offensiv språkpolitikk

- Med språkmeldinga legg regjeringa grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk. Det overordna målet er å sikra det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk, slo statsråd Giske fast.

- Språkpolitikken skal også fremja det språklege mangfaldet. Det vil seia å gjera nynorsk meir reelt likestilt med bokmål, å styrkja dei samiske språka, å verna språka til nasjonale minoritetar og å gje norsk teiknspråk høgare status.

- Meldinga strekar også under verdien av den nye språkrikdommen vi har fått, takk vera innvandringa dei siste tiåra. Å vareta den nordiske språkfellesskapen og å betra den framandspråklege kompetansen hos nordmenn flest er også viktige element i ein samla språkpolitikk, understreka Giske.

Regjeringa vil etablera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring. Det vil seia at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna språkpolitisk fagansvar, men at også dei andre departementa må ta språkpolitiske omsyn når dei gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Språkrådet skal styrkjast som samordningsorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk. Dessutan får Språkrådet eit ansvar også for andre språk enn norsk, mellom anna eit fagråd for minoritetsspråk, framandspråk og språkopplæring. Det blir foreslått at oppgåvene til Språkrådet skal forankrast i ei lov, står det i språkmeldinga.

Allmenn språklov

Meldinga tek til orde for å utarbeida ei allmenn språklov. Lova skal slå fast det norske språket sin offisielle status som hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, men skal også gi ei overordna legal ramme for andre språk enn norsk.

Meldinga anerkjenner norsk teiknspråk som fullverdig språk. Det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk blir forankra i språklova.

Det blir lagt opp til at verkeområdet for mållova skal avgrensast etter same modell som den nye offentleglova. Departementet vil elles gjennomgå gjeldande målbruksreglar og vurdera behovet for å greia ut eit oppdatert regelverk om bruk av bokmål og nynorsk i staten.

Blant anna tar meldinga til orde for at dei med minoritetsbakgrunn som søkjer offentlege stillingar kan få dispensasjon frå kravet om at dei må kunna nytta begge dei norske målformene. Til liks med alle dei andre offentlege tilsette skal også dei få tilbod om opplæring i nynorsk. Det går også fram at det skal vurderast om det bør utarbeidast nærare målbruksreglar for kommunesektoren.
Det blir dessutan varsla at det skal lagast ein eigen handlingsplan for samiske språk.

I tillegg inneheld meldinga lovnader om å arbeida vidare med å greia ut forholda for minoritetsspråk som kvensk, romani og romanes.

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2008 16:49 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere