Ti år har gått sidan Det norske universitetssenter (DNUSP) i St. Petersburg opna dørene for forskarar og studentar med sikte på å utvide og styrke norsk-russisk forskingssamarbeid.
Førre helg feira DNUSP 10-års jubileum med gjestar frå både Noreg og Russland og med fagleg seminar om grensemøter. Det vesle senteret, med si beskjedne plassering litt i utkanten av det historiske senteret i den russiske storbyen, har spela ei sentral rolle for sambandet mellom norsk-russiske forskings- og utdanningsrelasjonar sidan det vart opna av Kong Harald 28. mai i 1998. I løpet av dei ti åra har aktiviteten ved senteret mangedobla seg.
- Frå lite vindauge til brei dør
- Frå å vere eit lite vindauge frå Noreg mot Russland, har vi gått til å verte ei brei dør, seier Tamara Lönngren, direktør ved DNUSP.
Under den høgtidelege markeringa av jubileet, la styreleiar Bjarne Rogan vekt på den sterke brubyggingsfunksjonen senteret har fått. Rogan meiner at høvet til å tilby studentar eit opphald i Russland er ein viktig del av internasjonaliseringa av studier, og er glad for at senteret har klart å utvide undervisningstilbodet frå språk og litteratur til historie, statsvitskap, russlandskunnskap og kunsthistorie.
- Å vere i St. Petersburg er å vere del av eit kontinuerleg kulturmøte, seier Rogan, som var dekan for Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo fram til 2007.
Logg inn for å kommentere