Naturhistorisk museum glad for kritikk frå Riksrevisjonen

- Me er glade for at Naturhistorisk museum er blitt evaluert av Riksrevisjonen. Det fører til at staten må gripa tak i dei store problema hos oss, ikkje minst den dårlege tilstanden til bygningane. Slik kommenterer museumsdirektør Elen Roaldset den harde dommen riksrevisor Jørgen Kosmo feller over den mangelfulle bevaringa og sikringa av samlingane på blant andre Naturhistorisk museum.

KAN GÅ TAPT: Riksrevisor Jørgen Kosmo fryktar at naturhistoriske, kulturelle og kunstnarlege verdiar kan gå tapt, om museumssamlingane ikkje blir sikra og tatt betre vare på.
Foto: Martin Toft

Det var i går riksrevisor Jørgen Kosmo og medarbeidarane hans kom med den knusande dommen over den mangelfulle bevaringa og sikringa av samlingane ved fire av dei største og viktigaste statlege musea i Noreg.

Riksrevisjonen har gått gjennom Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, Bergen Museum og Nasjonalgalleriets samlingar ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Rapporten, som har fått namnet "Dokument nr. 3:10 (2007-2008), blei overlevert Stortinget i går, og fylgjer opp ei liknande undersøking frå 2002.

- Kan gå tapt

Lagringa og sikringa av samlingane er framleis ikkje tilfredsstillande.

- Dersom samlingane til musea ikkje blir tatt vare på og sikra på ein tilfredsstillande måte, kan viktige kulturelle, kunstnarlege og naturhistoriske verdiar gå tapt, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Fleire av samlingane ved desse musea blir framleis oppbevarte under forhold som ikkje gir godt nok vern mot nedbrytande faktor som ugunstig klima og skadeleg lys, går det fram av rapporten. Sjølv om sikringsforholda ved musea er blitt betre sidan Riksrevisjonen gjorde den førre undersøkinga i 2002, er tiltaka for å sikra samlingane mot bråe øydeleggingar som brann og vasskade framleis ikkje tilstrekkelege.

Det er difor ein fare for at gjenstandar og samlingar ved musea går tapt dersom det ikkje blir lagt til rette for betre forhold for lagring, skriv Riksrevisjonen.

Verst ved dei naturhistoriske samlingane

Undersøkinga viser at musea generelt er betre når det gjeld å sikra samlingane enn å ta vare på dei for ettertida. Og det er dei naturhistoriske samlingane i Oslo og Bergen som har dei dårlegaste forholda for å ta vare på gjenstandane til seinare generasjonar.

Riksrevisjonen peikar på at mange av samlingane til desse musea held hus i lokale som ikkje eignar seg til formålet. Kulturhistorisk museum får derimot god karakter for å ha betra forholda for oppbevaring sidan 2002, medan sikringstiltaka framleis er best ved Nasjonalgalleriet.

Kulturhistorisk museum har likevel ikkje nok ressursar til konservering, syner rapporten.

2200 liter sprit over panelomn

Det verste dømet på dårleg sikring fann Riksrevisjonen på Naturhistorisk museum, UiO. I våtmagasinet for insekt finst det 2200 liter sprit i eit overfylt rom med elektrisk panelomn like ved hyllene med spritglas. Dette representerer ein stor brannfare.

Det blir også trekt fram at ein del av samlingane blir oppbevart under forhold som vil kunna forverra informasjonsverdien til gjenstandane for framtidig forsking.

- Det vil ikkje bli ei god langsiktig løysing for bevarings-
og sikringsforholda, før ein ny og betre bygningsmasse er på plass. På kort sikt må musea gjennomføra tiltak for å redusera risikoen for at samlingar går tapt, understrekar riksrevisor Jørgen Kosmo.

- Må ha meir plass

Museumsdirektør Elen Roaldset er nøgd med den harde kritikken frå Riksrevisjonen.

- Då me høyrde at Riksrevisjonen skulle ta opp situasjonen ved dei statlege musea, ville me gjerne vera med for at dei problema Naturhistorisk museum slit med, skulle bli grundig dokumenterte. Det har dei blitt.

- Har du noko håp om at situasjonen kan bli betre?

- Ting tar tid, men dei fleste problema kan ikkje løysast før me får meir plass. I 2005 gjorde UiO og musea i fellesskap ei utgreiing av nye behov for magasin med omsyn til areal, verkstader og kontor. Statsbygg vurderte i 2006 om dette magasinbehovet kunne realiserast på Tøyen. Og det fann dei ut at det kunne.

- Det var mogleg å byggja eit nytt magasinbygg i nordenden av området rundt Zoologisk museum og Geologisk museum, og med ei innkjøring frå Sars gate. Det vil truleg koma på mellom 400 og 500 millionar kroner, men i tillegg må dei gamle museumsbygningane rehabiliterast, understrekar ho.

- Ikkje fossilt museum

Museumsdirektøren helsar rapporten frå Riksrevisjonen velkomen, fordi den vil føra til at Universitetet i Oslo må ta problema til Naturhistorisk museum på alvor.

- Eigentleg hadde eg ikkje trudd at Universitetsstyret ville gå inn for at Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum framleis skulle vera universitetsmuseum i høyringsfråsegna til Rogan-utvalets rapport om universitetsmusea.

- Når UiO no har gått inn for det, reknar eg med at det ikkje behandlar Naturhistorisk museum som eit fossilt museum, men som eit museum det må satsast på. Det var difor flott at Kunnskapsdepartementet den 3. januar i år kom med pålegg til UiO om straks å setja i gang rehabiliteringa av dei gamle bygningane og planlegging av ny magasinbygning for Naturhistorisk museum, konstaterer Roaldset.

- Må lagast planar

Riksrevisor Jørgen Kosmo gjer det klart overfor Uniforum at han meiner det er naturleg at både Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum held fram som universitetsmuseum.

- Det er ein konsekvens av forskingskontrakten mellom musea og universitetet. Men det må lagast ein plan for korleis dette skal realiserast. Det er også lov å stilla spørsmål ved om musea i dag samlar på for mange ting. Det manglar heilskaplege planar på dette området, slår han fast.

Både Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet er einig i at det er behov for å gjennomføra fleire tiltak for å betra bevaringa og sikringa av samlingane til desse musea.

Begge departementa trekkjer fram at fleire av dei mest vesentlege manglane er knytte til dei eksisterande bygningane. Det blir også vist til arbeidet som no går føre seg for å betra styringsopplegget overfor musea, skriv Riksrevisjonen.

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2008 11:55 - Sist endra 10. des. 2008 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere