Kåre Lilleholt heidra av Juristmållaget

Målprisen frå Juristmållaget for 2008 blei delt ut til jussprofessor Kåre Lilleholt ved Universitetet i Oslo under ei markering 5. juni på Institutt for privatrett ved Det juridiske fakultet i Oslo. - Det er fleire som skriv juss på nynorsk i dag enn det har vore nokon gong før, og det lovar godt for framtida for nynorsk, juridisk fagmål, seier ein nøgd prisvinnar til Uniforum.

PRIS FOR JUSS PÅ NYNORSK: UiO-professor Kåre Lilleholt (t.h.) tek imot Målprisen til Juristmållaget frå styreleiar Gunnar O. Hæreid og styremedlem Kaja Breivik Furuseth. (Foto: Solveig Prestegard)

- Eg kjenner det som ei ære å få denne prisen. Det er verdifullt at Juristmållaget på dette viset oppmuntrar juristar til å bruke nynorsk, slik laget også gjer med dei årlege seminara for jusstudentar frå Bergen og Oslo. Det er fleire som skriv juss på nynorsk i dag enn det har vore nokon gong før, og det lovar godt for framtida for nynorsk juridisk fagmål, seier den beskjedne og glade prisvinnaren i ein kommentar til Uniforum.

"Stor arbeidskapasitet og uvanleg grundig"

"Kåre Lilleholt har heile tida halde på nynorsken. Han er ein føregangsmann i å utvikla omgrepsapparatet på nynorsk i bøkene og artiklane sine, og han har også publisert si eiga ordliste på nettet. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Oslo og tidlegare ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk. I si tid tok Lilleholt saman med Ola Mestad initiativ til dei første skriveseminara for nynorskskrivande jusstudentar, medan han i dei seinare åra har stilt opp som føredragshaldar på tilsvarande seminar då tradisjonen vart teken opp att. (...) Han er kjend for den store arbeidskapasiteten sin, og at han er uvanleg grundig i alt han gjer. Det seiest at den som er så heldig å ha Kåre på lønslista, får svært mykje for pengane", heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Den 55 år gamle jussprofessoren kjem frå Storås i Meldal i Sør-Trøndelag og har røter frå Sunnmøre. Etter landsgymnaset på Orkanger utdanna han seg til jurist, og var ferdig med jusstudia ved Universitetet i Oslo i 1979. Han var tilsett ved Institutt for privatrett i Oslo som amanuensis og stipendiat i perioden 1979-1984. Lilleholt har òg vore journalist i VG og sigøynarkonsulent i Sosialdepartementet. Men etter at han i 1986 var ferdig med doktorgraden ved Universitetet i Bergen, har han mestedelen av tida vore professor, først på Universitetet i Bergen, så Noregs handelshøgskule og sida hausten 2006 ved Universitetet i Oslo. I tillegg er han æresdoktor ved Universitetet i Stockholm. Mellom 1990 og 2006 hadde han også eigen advokatpraksis, tidvis ved sida av ulike professorat.

Leiande innanfor bustadrett

Med allmenn formuerett, kontraktsrett, komparativ rett og bustadrett som forskingsfelt, er Lilleholt ein omtykt og produktiv forfattar. Lista over publikasjonar er lang og spenner frå "Godtruerverv og kreditorvern", via "Ekteskap og utlegg", "Stillingsfullmakter i entrepriseretten" og kommentarar til dei fleste lovene på bustadretten sitt område, til "... man skal eie en ordliste", om rettsgrunnlaget for normering av norsk språk og "Du svarte sigøynar", om tilhøva for romanifolket. Det er særleg innanfor bustadretten at Lilleholt har vore og er den leiande akademiske krafta i landet, noko som også er avspegla i at han har leia ei rekkje lovutval på området. Interessa for dette rettsfeltet vart vekt etter at Lilleholt var med i bustadgruppa på JussBuss.

Ut over arbeidet som professor har han også engasjert seg i norsk samfunnsliv som leiar i nynorskseksjonen i Norsk språkråd, som styremedlem i NRK frå 2006, medlem i den nasjonale norske kommisjonen for Unesco og i ei rekkje andre offentlege utval og råd, i tillegg til vervet som redaktør for tidsskriftet "Lov og rett".

Emneord: Priser, Undervisning, Jus, Nynorsk Av Lars Hoff
Publisert 7. juni 2008 16:13 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere