Granskar forsking på narkomane

Tysdag vedtok Regional komité for medisinsk etikk (REK) å gå gjennom alle forskingsprosjekt som involverer heroinavhengige datert tilbake til 2000. Ei så omfattande gransking av norsk forsking har aldri tidlegare blitt gjennomført, melder Aftenposten.

Tysdag vedtok Regional komité for medisinsk etikk (REK) å gå gjennom alle forskingsprosjekt som involverer heroinavhengige datert tilbake til 2000.

Ei så omfattande gransking av norsk forsking har aldri tidlegare blitt gjennomført.

Bakgrunnen er avsløringar i Aftenposten og Apollon om at etiske reglar er brotne i ei rekkje prosjekt med narkomane.

- Vi ynskjer no å gå gjennom alle desse sakene på nytt. Vi vil sjå om arbeidet har vore grundig nok og om etiske problem har blitt oversett, seier fylkeslege, og leiar for REK Sør-Øst, Kristian Hagestad til Aftenposten.

Emneord: Medisin
Publisert 18. juni 2008 14:35 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere