Den norske forskingsoasen i Roma

Høgt oppe på Gianicolo-høgda med utsyn over alle Romas sju høgdedrag, ligg den fem etasjar høge villaen som er blitt til Det norske instituttet i Roma. Frå å vera ein forskingsoase for kunsthistorikarar og arkeologar, skal instituttet no gi meir rom til forskarar frå klassiske fag, litteratur, språk og religionshistorie. Det lovar den nytilsette senterleiaren, teologiprofessor Turid Karlsen Seim.

VILLAEN: Villaen har fem høgder og ligg på Gianicolo-høgda, som i dag er eitt av Romas mest fasjonable buområde.
Foto: Ståle Skogstad

Det var ein tretti år gamal draum som gjekk i oppfylling hos professor Hans Peter L`Orange, då Det norske instituttet i Roma kunne flytta inn i eige hus på Gianicolo-høgda 13. oktober 1962. Då hadde villaen blitt kjøpt for 750 000 kroner eitt år før, etter at det første lokalet var blitt for lite. Det var på denne staden frigjeringshelten Giuseppe Garibaldi kjempa eitt av dei hardaste slaga mot dei franske troppane som kom for å hjelpa paven midt på 1800-talet. I dag er Gianicolo-høgda eit av dei mest fasjonable buområda i Italias hovudstad.

Uniforum ringjer på og blir sloppe gjennom den store stålporten. Villaen har fem høgder og ingen heis, men me tar utfordringa og går opp til takterrassen og får nyta utsynet over Roma.. I den moderne salongen innanfor møter me teologiprofessor Turid Karlsen Seim, som tok over som senterleiar sist haust. Det er første gong ein som ikkje har hatt bakgrunn frå arkeologi eller kunsthistorie, er blitt utnemnd til leiar for Det norske instituttet i Roma.

- Eg synest at det var ein flott sjanse å få for ei kvinne på min alder. Stillinga er fagleg spennande, og eg får god bruk for røynslene mine frå andre leiarverv eg har hatt i det norske universitets- og forskingssystemet. Det er heller ikkje unaturleg at ein teolog blir leiar for dette instituttet. For det viser at formålsparagrafen til Det norske instituttet er blitt utvida, og at forskarar og studentar frå mange fag kan ha nytte av instituttet og er velkomne hit.

- I det heile trur eg at Roma inspirerer til forsking og undervisning som trekkjer vekslar på mange disiplinar i eit fagleg samspel. Dessutan trur eg at eg med min bakgrunn som tekstforskar, kan vera med på å utvida tolkingsrommet rundt både monument og kunst i Roma, seier ho.

- At Vatikanet ligg her i Roma, vil også seia at ein på godt og vondt er tett på det sentrale maktapparatet i den romersk-katolske kyrkja. Her har eg nytte av at eg har deltatt i den internasjonale dialogen mellom lutheranarar og katolikkar, og sjølv om Vatikanet for meg først og fremst utstrålar makt, finst det mange interessante og opne teologar i Roma. Denne våren er eg til dømes invitert til å vera gjesteprofessor ved Gregoriana, som er det viktigaste universitetet til jesuittane. Det set eg stor pris på, fortel Karlsen Seim.

Danningsreise

Og byen Roma er heller ikkje ukjend for henne.

- Eg var her første gongen i 1967, då professoren me hadde i kyrkjehistorie organiserte ei fagleg danningsreise til Roma. Me tok båt til København og tog vidare til Roma. Då opna verda seg for meg, og seinare fekk eg også delta på eit Roma-kurs saman med studentar i arkeologi og kunsthistorie. Seinare opphald på instituttet har òg vore produktive - mange av fotnotane til doktoravhandlinga mi er skrivne på bibliotek her i Roma, fortel ho.

I FELTEN: Senterleiar Turid Karlsen Seim fortel deltakarane på etterutdanningskurset for lærarar om historia bak Titus-bogen, som blei reist då romarane hadde erobra Jerusalem. (Foto: Ståle Skogstad)

Det norske instituttet i Roma ligg under Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Men også forskarar frå andre universitet er velkomne til å bruka instituttet. Den gongen instituttet blei stifta, skulle det i hovudsak tena forskarar i kunsthistorie og klassisk arkeologi. Slik har det også vore heilt fram til for kort tid sidan.

Vil inkludera fleire fag

- Det er sjølvsagt heilt naudsynt at desse faga framleis står sentralt for eit institutt i Roma. Men no ynskjer me å inkludera både fleire tidsepokar og fagfelt som språk, religion, historie og litteratur. Ja, faktisk så vil me opna for å vera så tverrfaglege at me også inkluderer samfunnsfag.

- Me er opptekne av å leggja forholda til rette for forsking, og set pris på at gjesteforskarar no brukar kontora våre. Det er litt avgrensa kva eg kan gjera som den einaste vitskaplege tilsette ved instituttet, men eg ser fram til å få på plass Victor Plahte Tschudi, som no er tilsett som postdoktor for fire år, seier ho.

Karlsen Seim ser positivt på at mange forskingsmiljø i Noreg legg seminar og konferansar til instituttet.

- Mange har funne ut at det er lettare å få kjende utanlandske forskarar til å delta på fagkonferansar, om dei legg dei til Roma, seier Karlsen Seim. Dei poenggjevande studentkursa som finn stad i Roma, må høyra til eit faginstitutt i Noreg.

- Me husar årleg ei rekkje kurs i kunsthistorie, eit kurs om den augusteiske gullalderen og eit sommarkurs i italiensk. Dessutan har me god oppslutnad om etterutdanningskurset for lærarar i den vidaregåande skulen, som me sjølve står ansvarlege for. I år handla dette kurset om Religion i Roma: Pluralisme, konflikt og dialog. Dette er eit tilbod me ynskjer å utvida, seier ho.

Det verserer misforståingar om kva instituttet er.
- Mange, ikkje minst i norsk presse, trur at instituttet skal formidla norsk kultur til Italia eller italiensk kultur til Noreg. Den oppgåva er det dei to landa sine respektive ambassadar som skal ta seg av. Me driv med forsking og undervisning i tilknyting til Universitetet i Oslo og andre norske universitet. Og me tar også imot ulike grupper til mottakingar og ser på det som ein del av formidlings- og kontaktverksemda vår. Her samarbeider me med prosjektet "Veiene til Roma", som blant andre arkitekturprofessor Thomas Thiis Evensen står bak, fortel ho.

- Verksemda vår er heilt avhengig av eit godt samarbeid mellom alle dei tilsette på instituttet, understrekar Karlsen Seim.

Får tilgang til 500 000 bøker

Me går ned til biblioteket i andre etasje og bort til kontoret til Germana Graziosi. Ho har vore bibliotekar ved Det norske instituttet, sidan år 2000. Tidlegare arbeidde ho med katologisering ved biblioteket til Det amerikanske instituttet i Roma og ved Vatikanbiblioteket.

I BIBLIOTEKET: Bibliotekar Germana Graziosi har ansvaret for ei samling på 25 000 bøker.(Foto: Ståle Skogstad)

- Biblioteket reflekterer framleis i stor grad den forskinga som stiftaren vår, Hans Peter L´Orange var mest oppteken av. Difor handlar mesteparten av dei rundt 25 000 bøkene våre om klassisk arkeologi og om kunsthistorie i mellomalderen fram til barokken. Det er nok titlar for bachelor- og masterstudentar, men doktorgradsstudentar og forskarar vil ha behov for fleire bibliotek, understrekar ho.

Graziozi har likevel lagt forholda til rette for dei som har behov for fleire bøker enn dei som finst i instituttbiblioteket.

- Biblioteka til dei fleste av dei utanlandske institutta i Roma starta i 1992 eit samarbeid som me kallar for "Unione Romana Biblioteche Scientifiche" (URBS), altså eit samarbeid mellom forskingsbiblioteka i Roma. Det fører til at alle forskarane har tilgang til 500 000 bøker i staden for berre 25 000. Så dei som søkjer etter bøker på instituttet sine nettsider, kan lett gå over og søkja etter titlar som finst i dei andre biblioteka.

- Vatikanbiblioteket var med i dette nettverket frå 1992 til 2003. Og sjølv om dei ikkje er med no, så har URBS og Vatikanbiblioteket framleis eit godt samarbeid. I 2007 blei webkatalogen til URBS fornya og arbeidet med vidare utbetring av søkjemuligheitene er blitt sett i gang. Det inkluderer også tilgang til bibliotekkatalogar, som tidlegare ikkje har vore tilgjengelege for utanlandske forskarar, fortel ho.

Til saman er det over 800 forskjellige bibliotek i Roma. No håpar Graziosi at det skal bli mogleg å utvida og forenkla høve til søk og tilgang til bibliotekressursar med nokre av dei.

- Blant anna arbeider me for å få søkjetilgang til biblioteka til Det italienske parlamentet. Då satsar me først og fremst på Senatsbiblioteket, som har ei flott samling av italiensk litteratur, seier ho.

SALONGEN: Avdelingsleiar Anne Nicolaysen slappar av i den moderne salongen i femte høgda.(Foto: Ståle Skogstad)

Kongeleg besøk

Neste år fyller Det norske instituttet i Roma 50 år. Senterleiar Turid Karlsen Seim er, saman med rådet for instituttet, godt i gang med å planleggja markeringa.

- Jubileet får ein fagleg profil med temaet "Recycling Rome", altså om gjenbruken av Roma. Det skal også bli ei festforelesing med mottaking, der dronning Sonja, som er den høge beskyttaren for instituttet, kanskje kjem. Før det kjem både dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit på eit offisielt besøk den 22. april. Det ser me sjølvsagt fram til, smiler ho.

DISKAR OPP: Vaktmeisterparet Anna Muzi og Nicola Quinzi har vore ved instituttet i 20 år, og stillte opp som servitørar under mottakinga for lærarane som deltok i kurset om religion i Roma. (Foto: Ståle Skogstad)


Det norske instituttet i Roma:
- oppretta 13. februar 1959 og flytta inn i eigen villa i 1962
- ligg under Det humanistiske fakultetet ved UiO
- stiftar og første styrar var Hans Peter L´Orange
- senterleiar Turid Karlsen Seim (2007-2011)
- gir ut tidsskriftet ACTA
- budsjett 7,5 millionar kr. (2008)
Emneord: Det norske institutt i Roma, Italiensk, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2008 11:24 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere