- USA må sleppa til Afghanistans president

- USA må sleppa president Hamid Karzai til i Afghanistan. Om han får frie tøyler, vil han makta å få oppretta alliansar med dei viktigaste gruppene i landet og klara å halda dei samla. Det sa Noregs verdskjende professor i sosialantropologi, Fredrik Barth framfor over 150 studentar og andre interesserte på "Frukost med Bernt" på SV-fakultetet i går.

IKKJE LØYSINGA: - Å tvinga Afghanistan til å kjøpa dyre våpen, som landet må stifta gjeld for å kunna finansiera, er ikkje løysinga, sa Fredrik Barth på "Frukost med Bernt" denne veka.
Foto: Martin Toft

- Eg har eit svært positiv inntrykk av president Karzai. Livshistoria hans viser at han er ein ærefull mann som kjempa mot russarane før han flykta til Pakistan. Når USA var på jakt etter ein mann som dei kunne setja inn som ein marionett, var han den rette, sidan han både var plettfri og pen i tøyet. No må USA og dei allierte sleppa han til, for det er han som best veit korleis det er mogleg å danna levedyktige alliansar i Afghanistan, understreka Fredrik Barth.

Foredraget hans byrja klokka 8.20, og då var heile auditoriet stappfullt av sitjande og ståande studentar. Mange satt også i midtgangen mellom seteradane. Og det var nok meir Fredrik Barth enn den enkle frukosten som trekte folket til auditoriet denne morgonen.

Den norske sosialantropologen som har vore tilsett som professor både ved Harvard University, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, har spesialisert seg på pasthunfolket i Pakistan og Afghanistan, og han skuffa ikkje dei frammøtte.

Han gav dei ei glimrande forelesing i stammekultur og i tradisjonen med skiftande alliansar innanfor og utanfor pashtunfolket sine område. Barth gjorde det også klart at han var ein sterk tilhengjar av dagens president, pashtunaren Hamid Karzai, sjølv om han må ta avgjerder han ikkje er einig i.

- Vil stå i gjeld

- Som president må han diverre gjera avskyelege ting, som til dømes å støtta domstolar som dømer ein journalist til døden for å ha kopiert ein artikkel frå ei nettavis som er kritisk til kvinnesynet i islam.

- Han vil ikkje utfordra maktstillinga til dei lokale islamske leiarane i Afghanistan. Av same grunn utnemnde han ein av dei verste krigsherrane til forsvarsminister, samtidig som andre krigsherrar har fått andre viktige posisjonar i regjeringa hans.

- Då veit han at dei vil stå i gjeld til han, i staden for til andre personar i maktstillingar, fortalde Barth, som viste til at dette er det ein lang tradisjon for å gjera i Afghanistan, eit land som blei grunnlagt av afghanske folkegrupper på 1700-talet.

- Aldri hatt tillit til staten

- Pashtunarane har aldri hatt tillit til staten og har aldri ynskt ein sterk stat. Dei har sin eigen organisasjon og sine eigne lover, som dei plasserer seg innanfor. Dei har eit genealogisk nettverk frå far til son, som går mange generasjonar tilbake i tid. Til saman utgjer dei i dag 30 millionar personar.

- Blant pashtunarane er den rådande oppfatninga at, om du skal vera ein ærefull person, må du støtta slektningane dine. Om du er i konflikt med fetteren din, må du ikkje inngå allianse med ein annan fetter, men med nokre som er endå fjernare slektningar av han. Difor kan også fiende lett bli venn, fortalde Barth, som også viste til korleis ei gruppe vil ha større utbyte av å slå seg saman med ei gruppe utanfrå som trugar fjerne slektningar.

- Allierer seg med rivalane sine fiendar

- Dersom dei erobrar eigedomane til desse fjerne slektningane, vil gruppa di ha rett til å overta dei, sidan dei tilhøyrer det slektstreet. Difor prøver dei heile tida å alliera seg med rivalane sine fiendar.

- På same måte vil ei gruppe kunne ha ein fordel av å skifta frå ein overlegen allianse til ein tapande allianse. Dersom den underlegne alliansen kan tilby gruppa betre vilkår og fleire fordelar, dersom dei sluttar seg til, vil dei gjera det. Det går faktisk an å laga ein spelteoretisk modell av dette, forklarte han.

- Winston Churchill skifta alliansar to eller tre gonger, men i Afghanistan er dei heilt vanleg å skifta alliansar fem eller seks gonger. Dette er noko som den amerikanske hæren enno ikkje skjønar, la han til.

Det er også grunnen til at mange afghanarar både har vore kommunistar, Taliban-tilhengjarar, Al Quaida-sympatisørar og støttespelarar for dagens regjering.

- Ingen av dei er plettfrie, sa Fredrik Barth, som også var overtydd om at å etablera ein eigen afghansk hær med tunge våpen, ikkje var vegen å gå.

- Lat heller president Hamid Karzai få danna ein hær med lett geriljarustning som kan hjelpa han med å danna alliansar frå landsby til landsby. Å tvinga Afghanistan til å kjøpa dyre våpen, som landet må stifta gjeld for å kunna finansiera, er ikkje løysinga. Det vil også vera heilt nyttelaust med ein slik armé i Afghanistan, slo han fast.

OVER 150: Over 150 personar møtte på "Frukost med Bernt" 31. januar. I forgrunnen initiativtakaren, professor Bernt Hagtvet ved Institutt for statsvitskap. (Foto: Martin Toft)

- Må byggjast vegar og sjukehus

Fredrik Barth hadde også klar oppskrifta på korleis Vesten kunne bidra til å byggja opp igjen det krigsherja landet.

- Det må byggjast vegar og sjukehus. Og alle grupper i landet er også einige om at det må satsast på utdanning. Dei som er mest inspirerte av Vesten, meiner at dette må omfatta både gutar og jenter, medan dei mest tradisjonsbundne ikkje vil at jentene skal ta utdanning, slo Fredrik Barth fast.

Då Uniforums utsende gjekk kl. 9.55, var studentane enno ikkje ferdige med å stilla spørsmål til den snart 80 år gamle sosialantropologen.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Afghanistan Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2008 15:51 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere