Adoptert av eit urfolk i Malaysias jungel

For 30 år sidan drog ho som doktorstudent frå Oxford-universitetet til Chewong-folket i Malaysias jungel for å forska på leveviset og religionen deira. Neste år drar ho tilbake for å finna ut korleis denne minoriteten har klart seg gjennom ei globalisert verd. Møt vinnaren av UiOs forskingspris 2007, professor i sosialantropologi, Signe Howell.

ADOPTERT: - Dette er Modn, kvinna som adopterte meg då eg kom til Chewong-folket som ung og urøynd antropolog på det første feltstudiet mittt, fortel Signe Howell.
Foto: Ståle Skogstad

Det er tydeleg at urfolket på 400 personar langt inne i Malaysias jungel fascinerer Signe Howell. På kontoret hennar heng eit fotografi i full storleik av ei nesten naken kvinne med ein svær sigarett i munnen.

- Det er Modn, kvinna som adopterte meg då eg kom dit som ung og urøynd antropolog på det første feltstudiet mitt. Ho tok seg av meg då Chewong-folket forstod at eg ikkje ville dei noko vondt, fortel ho.

No blir det 30 år lange studiet av Chewong-folket rekna som det viktigaste forskingsarbeidet hennar. Det er både originalt og ein viktig referanse i antropologifaget, understrekar priskomiteen, som blant åtte kandidatar plukka ut henne som vinnar av UiOs forskingspris for 2007. Ho har også skrive og redigert ni bøker og publisert meir enn femti artiklar i internasjonale tidsskrift.

Protest

Den gongen ho var atten år, var det ingenting som tydde på at Signe Howell skulle koma til å bli ein av verdas mest velrenommerte sosialantropologar. Ho reiste frå Noreg i protest mot den norske kulturen og hamna i eit kunstnarmiljø i London. Etter studium i London, kom ho inn på Oxford-universitetet der ho til slutt enda opp med ein doktorgrad i sosialantropologi. Rettleiaren hennar fekk henne inn på tanken om å forska på Chewong-folket i Malaysia.

- Han foreslo at eg kunne gjera ei doktoravhandling på levemåten og religionen til ei urfolksgruppe i Malaysia, minnest ho.

- Chewong-folket er verken krigerske eller valdelege, men svært skeptiske overfor det ukjende. Difor trekte dei seg heile tida unna meg når eg prøvde å nærma meg dei. Då snakka eg heller ikkje språket deira. Men til slutt byrja dei å syna synd på denne totalt inkompetente, europeiske kvinna som hadde vågd seg inn i jungelen, og då blei eg altså adoptert av denne fantastisk flotte kvinna, Modn og familien hennar.

- Det var ho som lærte meg språket deira og det var ho som fortalde meg om mytane, skikkane og religionen deira. Eg ynskte heile tida å takka henne for det ho gjorde for meg, men problemet var at dei ikkje hadde noko ord for takk. For at eg ikkje skulle bruka eit malaysisk ord, fann ho på ordet "pisah", som eg skulle bruka når eg ville takka.

- Det mest karakteristiske trekket ved dette folket er at dei totalt manglar aggresjon. Uansett kva som skjer, løyser dei det utan vald. Det verste tilfellet av aggresjon eg opplevde, var ei kvinne som var så sjalu på mannen sin at ho trampa i sundt blåserøyret hans. Det var ei så sensasjonell hending at dei snakka om det i lang tid etterpå. Og uansett kor mange gonger eg stilte spørsmål om det ikkje hadde vore drap blant dei nokon gong, nekta dei for det.

- Korleis tolkar du dette?

- Når eit heilt samfunn lever i fredeleg samhandling utan å ty til vald, så vil det seia at ein må tenkja grundig gjennom forståinga vår av menneskenaturen. Menneska er sosiale i sitt vesen, men måten dei uttrykkjer den sosiale veremåten på, varierer enormt. Gjennom langvarige studiar av eit framandt samfunn kan antropologar hjelpa til med forståing av det kulturelle mangfaldet.

- Kva andre ting er det som er typiske for dei?

- Både jenter og gutar blir oppdratt på den same måten. Det er ingen skilje mellom feminine og maskuline verdiar. Dei har ingen leiarar og heller ingen gud som står over dei andre gudane. Både kvinner og menn er likeverdige. Det er eit fullstendig egalitært samfunn. Dei har berre nokre få sjamanistiske seremoniar, i hovudsak når nokre av dei er blitt sjuke, og dei ynskjer å gjera dei friske igjen. Mangelen på seremoniar gjorde at mest alle dagar var like, hugsar ho.

HOS CHEWONG-FOLKET: Biletet til venstre viser Signe Howell hos Chewong-folket for 30 år sidan.(FOTO: Privat)

- Du var der også i fjor haust, korleis er situasjonen deira no?

- Det er først og fremst malayane som trugar eksistensen deira. Dei ser på dei som eit usivilisert folkeslag utan religion, akkurat som nordmenn såg på samar tidlegare. Som andre urfolk i Malaysia er Chewong-folket truga av nedhogging av skog og tvangsflytting, men
dei har vore langt heldigare enn dei fleste.

- Då engelskmennene var koloniherrar i Malaysia, etablerte dei nokre naturreservat. Det gjorde dei med å teikna nokre raude sirklar på eit kart over Malaysia. Heilt tilfeldig låg Chewong-folket sitt område innanfor ein av desse raude sirklane, og dette området er framleis eit naturreservat, men hogstfeltet stansar like utanfor. I dag er det største problemet for Chewong-folket at styresmaktene i Malaysia legg restriksjonar på jakta deira og deira bruk av naturen. Det fører til at dei blir trekte inn i storsamfunnet på måtar som resulterer i dramatiske endringar og som dei er lite rusta til å takla, slår ho fast. Det nye forskingsprosjektet hennar handlar om studiet av desse endringane.

Frå egalitært urfolk til prestestyrt folkegruppe

Etter at ho var ferdig med doktorgraden, følte ho at ho var ferdig med Chewong-folket for ei stund. Som nytilsett forskar ved Universitetet i Edinburgh, fekk ho høve til å dra på feltarbeid til Liofolket i fjella på øya Flores i Indonesia.

- Dei er heilt annleis enn Chewong-folket, og dei har eit svært innfløkt slektskapssystem og eit hierarki med prestane på toppen. I teorien er dei katolikkar, men dei får velsigning til å halda på med dei gamle gravferdsskikkane sine og rituala som står i nær samanheng med landbruket. Og dei bur i eldgamle hus i landsbyar som dei aldri flyttar frå. Dei fleste snakkar også indonesisk, eit språk som eg kunne frå før. For meg var det ein total kontrast til feltstudiet hos Chewong-folket, sidan eg kunne koma i kontakt med dei med ein gong. Ingen dagar var like hos dei, sidan dei alltid hadde ein eller annan seremoni.

Adopsjon

I 1987 vende ho tilbake til Noreg med mann og ei dotter som like før var adoptert frå Nepal.

- Eg var mest spent på korleis nordmennene ville reagera på at me hadde adoptert ei utanlandsk jente. I Storbritannia var det ikkje vanleg. Stor var overraskinga då me fann ut at det var tusenvis av norske familiar som hadde utanlandsadopterte barn, fortel ho. Det siste forskingsprosjektet hennar har på den måten også blitt ganske personleg, sidan det handlar om utanlandsadopsjon i Noreg.

- På slutten av 1990-talet var eg gått lei av forskingsprosjekt der eg måtte gå gjennom urskog, klatra opp og ned dalsider, vassa i søle og gjørme og eta dårleg mat og få malaria som bonus. Difor gjekk kollega Marit Melhuus og eg saman om å søkja om pengar til forsking på slektskap i Noreg. Hovudoppgåva gjekk på å forska på assistert befrukting og utanlandsadopsjon. Me skulle sjå på norsk forståing av familie, foreldreskap og barn, fortel ho. Signe Howell blei overraska over dei funna dei gjorde.

- Noreg er på verdstoppen i høve til folketalet når det gjeld adopterte barn frå land utanfor Europa. Det er også eit land med svært god infrastruktur for handsaming av adopsjonar. Det morosame funnet er at nordmenn, som eigentleg hadde lita internasjonal røynsle opna heimane og hjarta sine for desse barna, som også blei godt mottekne av naboar og andre kjenningar.

I forskingsprosjektet sitt ville ho sjå på haldningar til adopsjon i land som sender barn i adopsjon til Vesten, som India, Etiopia, Romania og Kina.

- Eg blei med ei gruppe av foreldrepar til Etiopia då dei skulle henta barna sine, og ei reise til røtene i Sør-Korea med familiar som har barn frå det landet. Det som er heilt klart er at foreldra gjer ein svært viktig jobb med å inkludera barnet i ein familie med ein gong dei får telefonen frå adopsjonsforeininga om at "de er nettopp blitt foreldre til ein åtte månader gammal gut. "Då har dei 48 timar på seg til å bestemma seg for om dei vil ta imot barnet eller ikkje. Alle bestemmer seg for å seia ja, fordi dei ser det som om lagnaden har bestemt at det barnet skal bli deira. Då massekopierer dei fotografiet dei får frå adopsjonsforeininga og sender det til heile slekta. På den måten blir barnet automatisk ein del av slekta før det kjem.

- Når desse barna veks opp, får dei då lyst til å ta kontakt med den biologiske familien sin?

- Nei, dei aller fleste føler at adopsjonsforeldra er foreldra deira. Det viser at biologi ikkje treng vera viktig for eit barn. Heller ikkje argumentet om at det er viktig å kjenna sitt biologiske opphav. Difor synest eg det er trist at politikarane har oppheva anonymiseringa av sædgjevarar i Bioteknologilova.

- Men kjem dei familiane som adopterer frå ein bestemt sosial klasse?

- Nei, adopsjonar skjer både blant folk med høg utdanning og folk utan utdanning, slår ho fast.

Høgt internasjonalt nivå

Howell er stolt over kvaliteten på sosialantropologi ved Universitetet i Oslo.

- Internasjonalt er det eit høgt nivå på tilsette og doktorstudentar på sosialantropologi ved UiO, også samanlikna med Storbritannia,. Difor er det flott at antropologimiljøet no blir heidra med ein forskingspris, synest ho.

Og det er ikkje berre fordi ho som første nordmann etter Fredrik Barth er utnemnd til æresmedlem i The Royal Anthropological Institute at ho kan snakka med stor tyngd om det. For kort tid sidan deltok ho også i evalueringa av britisk sosialantropologi.

- Der har dei gått frå dårleg til verre. Dei får mest aldri pengar til feltarbeid utanfor Europa. Her ved Universitetet i Oslo er instituttet svært raust med å gi pengar til feltarbeid for master- og doktorstudentar. Me prøver å gjera det me kan for å få alle studentane våre ut på feltarbeid utanfor Europa. Dei skal læra ur-antropologien og læra å takla møtet med ein kultur som er heilt forskjellig frå den dei er vande med, seier ho med stor tyngd.

Signe Howell møtte mannen Desmond McNeill, avgått senterleiar ved Senter for utvikling og miljø, på arabiskkurs i Kairo.

- Eigentleg skulle eg bli Midtausten-kjennar. Det einaste eg fekk ut av arabiskkurset, var at eg trefte mannen min der. I dag kan eg knapt eit einaste ord på arabisk, ler ho.

- Du får 250 000 kroner i prispengar. Kva vil du bruka dei til?

- Eg vil gjerne bruka dei til noko morosamt og interessant. Kanskje til ein internasjonal konferanse om framtida til antropologifaget.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Antropologi, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2007 10:37 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere