Den nye superdirektøren blir direkte underlagt universitetsdirektøren og skal få ansvaret for forvaltinga av alle dei felles datatenestene på UiO.
Då IT-direktør Arne Laukholm i februar i år fortalde Uniforum kva som var arbeidsoppgåvene til ein ny superdirektør, gjekk det fram at personen skal ha ansvaret for planlegging og implementering og for samspelet mellom arbeidsprosessane og nye informasjonssystem.
- I åra framover må USIT i endå sterkare grad enn i dag delta i konkurransen med private om tilbod på datatenester ved UiO. Difor blir det viktig å ha både IT-direktør og IT-forvaltar, sa Laukholm til Uniforum.
Logg inn for å kommentere