St. Olav til Per Brandtzæg

Medisinprofessor, dr. philos. Per Brandtzæg blei nyleg utnemnt til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden under ein seremoni på Domus Medica på Gaustad.

ST.OLAV: Medisinprofessor Per Brandtzæg (t.v.) fekk utdelt St.Olavsordenen av kansellisjef Egil Vindorum. (Foto: Marit Henningsen, UiO)

Han får ordenen på grunn av innsatsen sin for norsk medisinsk forsking ved UiO og Rikshospitalet. Han blir trekt fram som både forskar, rettleiar, utviklar av fagfeltet patologi, administrator og formidlar av forsking.

Ordensrådet har i vurderinga si lagt vekt på at han gjennom lang tid har vore en forgrunnsperson i det norske medisinske forskingsmiljøet. Innsatsen hans har vore langvarig, omfattande og av ein eineståande internasjonal kvalitet. Han har i de to siste tiåra vore landets mest siterte forskar internasjonalt, og har publisert i dei absolutt beste internasjonale tidsskrifta.

Det er også lagt vekt på at han alltid har vist ansvar for at forskningsresultata hans skulle omskapast til noko som ville ha noko å seia i praksis for sjuke menneske.

I 1998 blei han tildelt UiOs forskingspris på 1,5 millionar kroner.

Emneord: Fakultetene, Priser Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2006 09:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere